Silva måtte bli att i Uganda då familien fekk beskjeden om at dei kunne koma til Noreg: – Eg var eit barn. Det var vanskeleg for meg.

Men i dag er både far og son godt nøgde med livet i Edland, og begge har planen klar for kva dei vil når dei er ferdige med skulegangen.

Sjå heile intervjuet med Ntabala og Silva i videovindauget (eller klikk her). Teksting er tilgjengeleg under CC-ikonet.

Ntabala Bashimbe og sonen Silva Aganze, kjem opphavleg frå Kongo, men flytta til Uganda då Silva var liten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me måtte flytte på grunn av krigen i Kongo, fortel Ntabala.

Familien budde fyrst på mottak i den ugandiske hovudstaden, Kampala. Ntabala fortel han søkte FN om hjelp, men at dette innebar ein del byråkrati.

Måtte flykte: Grunna krig i heimlandet Kongo, flykta Ntabala Bashimbe med familien til Uganda. Etter 12 år i landet, fekk han tilbod om å koma til Noreg og Edland.

– Fyrst fekk politiet saka. Dei sendte den så vidare til staten, som sendte den vidare til FN att.

Når FN til slutt fekk saka, hjelpte dei familien med dei naudsynte dokumenta, samt integreringa

– Me lærte om det ugandiske språket, om korleis ein skal tene pengar og korleis ein skal leve livet i Uganda, fortel Ntabala.

Til saman budde familien i Uganda i tolv år. Noreg hadde aldri vore nokon konkret plan.

– FN bestemte at dei som hadde budd i Uganda i ti år eller meir skulle få tilbod om å flytte. Dei som hadde stor familie fekk tilbod om USA, andre om Canada, medan dei mindre familiane, med to-tre barn, fekk tilbod om å reise til Europa. Eg fekk moglegheita til å reise til Noreg, fortel Ntabala.

«Gratulerer, du skal reise til Noreg»

Det var FN som sendte søknaden til norske styresmakter på vegner av Ntabala. UDI sendte så representantar til Uganda for å intervjue familien.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Etter dei hadde reist tilbake, kom brevet: «Gratulerer, du skal reise til Noreg», fortel Ntabala.

Då visumet omsider var på plass, kunne Ntabala bestille billettar og etter kvart setje seg på flyet til Noreg.

– Då eg kom til Noreg møtte representantar frå Vinje kommune oss på flyplassen. Dei køyrde oss til Edland, til huset me bur i, fortel han.

No er familien samla i Edland, men då Ntabala reiste til Noreg måtte ungane bli verande att i Uganda, der dei budde hjå bror hans.

– Det var vanskeleg. Eg var framleis eit barn, berre 15 år, fortel Silva om tida i Uganda etter at foreldra reiste til Noreg.

Ntabala søkte UDI om å få ungane til Noreg. Etter å ha venta i sju månadar blei han spurt om å ta ein DNA-test for å påvise slektskapet.

– Eg reiste til Skien og tok testen hjå politiet. Me måtte vente og vente, kom svaret til å bli positivt eller negativt? Det blei heldigvis positivt, han fekk visum og kunne koma til Noreg, fortel Ntabala.

– Eg hadde aldri fylgd med på beskjedane som kom frå styresmaktene, det hadde mamma og pappa gjort, men ein dag fekk eg beskjed om at eg fekk koma til Noreg, seier Silva.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har planen klar

Kontrastane var store frå tilhøva han var vande med frå Uganda til Edland og Vest-Telemark i full vinterskrud.

– Det var litt vanskeleg, for i Afrika har me aldri snø og det er sjeldan kaldt. Då eg kom hit, var det mykje snø og veldig kaldt, det var nesten som å vera i ein frysar, ler Silva

– Men etter kvart blei eg vant med det, og no er livet veldig bra, held han fram.

Både far og son går på vaksenopplæringa i Åmot, der dei mellom anna har levert nyhende på både engelsk og fransk for VTB-TV. Begge har planen klar for kva dei har lyst til å gjera vidare.

Vanesak: Silva Aganze var korkje vant med kulde eller snø då han fyrst kom til Edland. – Det var som å vera i ein frysar, fortel han.

– Når eg er ferdig på Åmot skule, vil eg gå vidaregåande. Eg skal ta fagbrev, eg har lyst til å arbeide i eldreomsorga, på sjukeheim. Det er mitt mål, seier Ntabala.

Sonen tenkjer i same banar.

– Eg har lyst til å bli sjukepleiar, for eg synest det å arbeide med helse er veldig viktig, fortel Silva.