Sara på vidda: Gjennom desember kan du fylgje Sara Romtveit (17) på fottur på Hardangervidda.

Sara vil gjere éin ting annleis neste gong ho reiser på vidda

Fotturen til Sara Romtveit er årets jolekalender frå VTB-TV. – Eg har litt blanda kjensler, seier 17-åringen.

– Det er no ikkje rart eg er glad i å gå i fjellet, når eg har vakse opp der eg har. Me bur i ein dal, og det er toppar rett utanfor døra. I dei siste åra har eg blitt meir og meir glad i det, fortel Sara Romtveit (17).

Dalen ho refererer til er Grungedal, i Vinje. I sommar pakka ho sekken og la i veg innover på Hardangervidda.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg hadde lyst på ei ekstra utfordring og fann ei veke som passa. Då tenkte eg at «no gjer eg det, eg reiser på ein tur», fortel Sara.

Ho hadde enno ikkje fylt 17 då ho la ut på fotturen.

– Eg blei skikkeleg gira, det virka veldig tøft, og eg veit ikkje om mange eg kjenner som har gjort dette i så ung alder, så eg ville kjenne på korleis det var.

Med på turen hadde ho VTB-TV sitt kamera (og telefon, som tok over filminga då kameraet gjekk tom for straum). I desember kan VTB-TVs sjåarar bli med Sara på Vidda, på ny etappe og ny videosnutt kvar dag fram til og med joleftan.

Utsikt over vidda.

– Eg har litt blanda kjensler, det er ganske tøft, men litt skummelt, seier ho om å vera hovudaktøren i årets jolekalender.

Ho er vel og merke ikkje den einaste turgåaren ein blir kjent med i serien, med seg på turen hadde ho også med seg hunden Bjørk.

– Det var veldig godt å ha ho med, så eg ikkje var heilt aleine, men eg merka at sidan eg ikkje møtte andre folk, gjekk nok litt av mine frustrasjonar ut over ho, humrar Sara.

– Men det merka heldigvis ikkje ho. Det var veldig koseleg å ha ho ved sida av meg på kvelden, fylgjer ho fort opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørk og lyng: Sara var glad for at ho hadde med seg Bjørk som turkamerat, sjølv om hunden vart målet for frustrasjonane i løpet av turen. – Men det merka heldigvis ikkje ho, ler Sara.

Sara, som i haust har starta i andre klasse på studiespesialisering i Bø, fortel at dette ikkje blir siste fotturen.

– Eg har ikkje nokon konkret plan enno, men eg har lyst til å gå ein litt lengre tur. Kanskje på vinteren, seier ho.

Men eitt aspekt av neste tur er alt spikra:

– Eg vil ha med nokon andre. Det blei litt keisamt på kveldane, så det hadde vore veldig tøft å hatt med nokon og dele opplevinga med, avsluttar ho.

Les også
VTB-TVs jolekalender – Sara på Vidda: Luke 1