Følgde magekjensla: Ekteparet Sanne og Thijs Waij fann ikkje roa i utkanten av storbyen Amsterdam. Nå leiger dei hus i vakre omgjevnadar i Lårdal.

Sanne og Thijs sa opp jobbane, selde leilegheita i Nederland og flytta til Vest-Telemark. Nå håpar dei det perfekte småbruket dukkar opp

Etter to somrar som turistar i Noreg var det gjort: Dei blei ikkje kvitt draumen om å flytte til Noreg. Nederlendarane Sanne og Thijs tok den endelege avgjerda i mai 2021. – Kjennest det rett ut, så gjer me det.

I eit gult hus gøymt på nedsida av bygdevegen i Lårdal bur det nederlandske paret Sanne og Thijs Waij. Etter fleire opphald i Noreg valte dei i fjor å selje leilegheita i Amsterdam og flytte til Noreg. I vinter enda dei med å leige huset i Lårdal, der dei trivst godt med både jobb og vener i nærleiken. Likevel greier dei ikkje slutte å sjå seg om i håp om at det perfekte småbruket snart vil dukke opp for sal.

Fann ikkje roa i byen

I Nederland budde Sanne og Thijs i leilegheit 20 minuttar frå Amsterdam sentrum. Sanne hadde eige firma og jobba med å halde føredrag og samtalar om karriereutvikling og livsmeistring. Thijs var energimontør, og spesialiserte seg på å finne kabelfeil under bakken.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Livet var prega av høgt tempo, med lange arbeidsdagar heile veka og helger ute på byen med venner. Sjølv om me likte oss godt, visste me nok alltid at bylivet ikkje var det endelege svaret, seier Thijs.

Dei fortel at sjølv om det var folk på alle kantar i Nederland så kjenner dei seg mindre åleine lenger unna byen.

– Det er mange i byen, men ein er mest opptatt av seg sjølv og sine nærmaste. Her i Lårdal tok det ikkje lagt tid før me kom i prat med mange som etter kvart visste kvar me budde og kvar me jobba. Til samanlikning budde eg i leilegheita i Nederland i ni år, utan å utveksle noko meir enn eit tidvis «hei» til naboane mine, seier Thijs.

Ideen om å flytte til Noreg tok gradvis over, men det var ikkje alle rundt dei som forstod ynsket.

– Venner og familie hadde litt problem med å skjønne det i starten. Me måtte forklare at det hadde ikkje noko med relasjonar eller noko form for problem i Nederland å gjere, seier Sanne.

– Me reiste ikkje fordi Nederland ikkje var bra, men fordi me trudde me kunne finne noko som passa oss endå betre. Det vanskelegaste med overgangen til Noreg for meg var å forlate jobben min etter elleve år, seier Thijs.

– Det vanskelegaste var å forlate jobben min etter elleve år

Felles draum

Sommar 2017 opplevde paret Noreg for fyrste gong. Det var Thijs sin idé.

– Eg var ikkje særleg glad i camping og ikkje gira på å bruke sommarferien min i Noreg, som eg såg føre meg kom til å vera både kaldt og utriveleg, ler Sanne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var då dei kom til den flotte vestlandsbygda Flåm at draumen om Noreg blei sådd. Sommaren 2019 brukte dei på å utforske landet endå meir, og dei forstod at draumen var komen for å bli.

– Me får stadig spørsmål om kven av oss det var som ville det mest, eller kven som overtalte den andre, men eg trur ikkje me hadde gjort noko slikt med mindre begge var like motiverte, seier Sanne.

Nordmenn viste seg å vera meir opne enn dei hadde forventa.

– Skandinaviske folk har eit rykte på seg for å vere litt tilbaketrekte, men det stemmer ikkje med kva me har opplevd, seier Thijs.

– Tvert imot har folk vore veldig interesserte og hjelpsame, spesielt om me fortalde at me vurderte å flytte hit, seier Sanne.

Måtte teste livet i Noreg utanom ferien

Før dei skulle ta den endelege avgjerda om flytting tenkte Sanne og Thijs det ville vere lurt å oppleve Noreg frå ei anna side enn som turistar.

– Eg trur ein lett kan romantisere livet på den norske landsbygda om ein ikkje har prøvd det sjølv, og me var litt redde for å gå i den fella, seier Sanne.

Løysinga blei «Workaway», ein plattform der ein kan oppleve ein ny plass gjennom å arbeide hjå ein vert eit bestemt tal timar om dagen og til gjengjeld bu gratis.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Som turist ser ein naturen og samfunnet frå utsida, men med «Workaway» får ein ta del i levemåten. Det blir kulturutveksling på ein heilt annan måte, seier Sanne.

Plassen dei enda opp med var eit småbruk i Morgedal, der dei planla å vera i tre månadar i slutten av 2020. Det einaste som kunne stå i vegen var koronapandemien.

– Nederland innførte nokså like reglar som Noreg då korona trefte, men me hadde i tillegg portforbod etter klokka 21. Medan alle rundt oss stoppa planar og aktivitet, koste me oss med å planlegge turen til Noreg, fortel Sanne.

– Det er veldig rart å tenkje tilbake på kor usikkert det faktisk var på den tida. Grenseovergangar var stengt, og me kunne ikkje sikkert vite korleis smittetala ville utvikle seg medan me var i Noreg. Tenk om me ikkje kom til å få lov til å reise tilbake heim att, seier Thijs.

Heldigvis løyste det seg, og opphaldet i Morgedal gjekk som planlagt.

– Det var eit smart opplegg. Eg fekk fri frå arbeid og me leigde ut leilegheita i Nederland, slik at me ikkje tapte noko på å teste ut livet i Vest-Telemark. Me reiste om hausten for å oppleve litt meir kulde og mørke, for om me verkeleg skulle flytte måtte me jo trivast året rundt. Heldigvis viste det seg at hausten i Noreg var vel så fin som sommaren, seier Thijs.

Besøk frå Nederland: Sanne og Thijs ynskjer å bu slik at det er enkelt for venner og familie frå Nederland å kome på besøk. Her sit dei rundt middagsbordet saman med foreldra til Sanne då dei besøkte Lårdal i juni.

«Nå er me venner, og de skal flytte til Lårdal»

Tilbake i Amsterdam etter det lange opphaldet i Noreg bestemte dei seg ein gong for alle. Hausten 2021 pakka dei bilen og reiste nordover. Fyrst budde dei i Morgedal, men så enda dei opp med å leige hus i Lårdal vinteren 2022. Vegen dit var nokså enkel etter at Sanne og Thijs kom i kontakt med eit anna ungt par som nyleg hadde flytt til Vest-Telemark, nemleg Karoline Risan og Magnus Prøven. Dei blei fort gode venner, og det var Magnus og Karoline som overtalde dei til å flytte til Lårdal slik dei sjølv gjorde hausten 2020.

– Magnus og Karoline var veldig fornøgde med korleis dei hadde fått det i Lårdal, og blei ganske bestemte på å prøve å få oss hit. Det var litt slik «nå er me venner, og nå skal de flytte til Lårdal», ler Sanne som saman med Thijs var forlovarar i Magnus og Karoline sitt bryllaup tidlegare i sommar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det gule huset dei nå leiger for 5000 kroner i månaden ligg gøymt i grøne omgjevnadar på nedsida av bygdevegen i Lårdal. Elva susar roleg ved sidan av og frå verandaen er det god utsikt ned mot Bandak og arbeidsplassen «Sagbruket» på bryggja. Det er ikkje mange i Vest-Telemark som kan seie at dei går eit par hundre meter til og frå jobb.

– Det er utruleg fint å bu så privat, og dessutan så nær jobben. Noko av det eg likar aller best med Lårdal er at det er så spektakulær natur, samstundes som at han er tilgjengeleg og lett å bruke, seier Thijs.

På verandaen er det god plass til gjester.

– Det var viktig for oss å bu ein stad der me kunne ta imot venner og familie på besøk. Her er me passeleg langt unna flyplass, med tanke på gjester frå Nederland, seier Sanne.

Tek livet med ro: Kattungane Shampo og Toes ser ut til å nyte tilværa i sin nye heim i Lårdal.

Neste steg er stabilt arbeid

Sanne og Thijs var tidleg ute med å skaffe arbeid då dei kom til Noreg.

– Det var nødvendig for oss å få arbeid i Noreg så fort som mogeleg for å få godkjent bank-ID og personnummer, fortel Sanne.

Den fyrste arbeidsplassen var Morgedal Hotell.

– Det var ålreit på hotellet, men om me skulle halde fram i jobben der måtte me ha tatt oss råd til ein til bil, sidan me har så ulike arbeidstider. Det gjorde også at me knapt fekk tid til kvarandre, seier Thijs.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nå trivst dei godt med å jobbe i lag på serveringsstaden «Sagbruket» på bryggja i Lårdal, men også det er berre ein mellombels arbeidsplass sidan sommarsesongen tek slutt i september.

– Etter å ha jobba på hotell og restaurant er eg ganske sikker på at den typen arbeid ikkje er heilt for meg, smiler Thijs som heller vil ha noko endå meir praktisk og helst utandørs.

Sjølv om dei fleste krava for energimontør-faget er dei same i Nederland og Noreg, har ikkje Thijs godkjent fagbrev til å utøve yrket her. Han kunne gjerne tenke seg å kome på synfaring hjå lokale bedrifter for å sjå og oppleve kvardagen som energimontør i Noreg for han eventuelt tar opp att faget.

– Om eg skal ta opp att jobben i Noreg må eg tilbake på skulen fyrst, og det er eg ikkje så interessert i med mindre eg har ein god arbeidsplass i sikte, seier han.

Også for Sanne, som har praktisk utdanning i psykologi frå høgskule i Nederland, er det vanskeleg å overføre utdanning og arbeidserfaring til Noreg.

– Psykolog er ein verna tittel som ein berre får godkjent etter lang utdanning på universitetet, seier Sanne som i Nederland arbeidde som sjølvstendig næringsdrivande.

– Kjennest det rett ut, så gjer me det

– Me er ikkje berre på leit etter arbeid som liknar det me har gjort før, tvert imot er dette ein super moglegheit til å prøve noko nytt. Eg kunne til dømes tenkje meg å jobbe med barn eller eldre, medan Thijs gjerne vil lære seg å snikre og anna praktisk arbeid, seier ho.

I vår var Sanne og Thijs i Drammen og henta heim to kattungar som har fått namna Shampo og Toes.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei blei redda frå det stressande bylivet akkurat som oss, ler Thijs.

Dei vil gjerne ha fleire dyr etter kvart, og det endelege målet er å kjøpe bustad. Dei er alltid litt på utkikk etter aktuelle stader for sal når dei er ute på tur.

– Me skulle gjerne hatt endå litt meir plass rundt oss enn her, kanskje litt husdyr og ein kjøkkenhage, seier Sanne og fortel at magekjensla styrer det meste for dei to.

– Kjennest det rett ut, så gjer me det, smiler ho.