Glade for å kome til Dalen: Milan (f.v.), Maryna, Tetiana, Anna, Iryna og Lisa.

Reiste frå krigsherja Kharkiv til trygge Dalen

Natt til 24. februar sleppte Russland dei fyrste bombene over Ukraina, og verda vakna opp til at ein europeisk storkrig var i gang. Etter månadar med redsel, frykt og usikkerheit, har to familiar kome til Dalen. No fortel dei om livet før krigen, flukta og saknet etter sine næraste.

Den 20. mai kom to familiar frå Ukraina til Dalen. Familien på to, Maryna og sonen Milan, og familien på fire, Tetiana, og døtrene Lisa, Iryna og Anna. Dei har reist frå sine næraste og kjæraste. Dei har flykta frå sitt heimland, som no står midt i den største krigen som har råka Europa sidan 2. verdskrig. No er dei på trygg jord, men reisa var tøff, og valet om å forlate familien var endå tøffare.

Livet i Kharkiv

Før krigen braut ut levde dei eit normalt kvardagsliv. Milan, Lisa og Iryna gjekk på skule. Lisa hadde nett blitt ferdig med sitt fyrste år på vidaregåande. Milan gjekk i 3. klasse, og bruka fritida si på fotball og kompisar. Iryna gjekk også i 3. klasse, og ho bruka mesteparten av tida si på å stå på skateboard med vener i gatene i Kharkiv. Anna (3), den yngste i søskenflokken, gjekk i barnehagen og var ein leiken, ivrig og rastlaus unge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mora til Milan, Maryna, jobba som fengselsbetjent i eit fengsel nær grensa til Russland. Mora til Lisa og Iryna, Tetiana, jobba som lærar. Kharkiv var ein by med mykje aktivitet. Familiane fortel om flotte turar i grøne parkar midt i sentrum, og om trivelege shopping- og kafebesøk med vener.

Før krigen: Kharkiv var ein travel og fin by før krigen braut ut. Foto: Privat
Kharkiv

– Kharkiv er den nest største byen i Ukraina, og er den viktigaste byen innafor industri, kultur og utdanning.

– Byen ligg nordaust i Ukraina, bare 40-50 kilometer frå grensa til Russland.

– Krigen har ramma storbyen hardt, og i starten av angrepet skal dei russiske styrkane nådd heilt inn til sentrale delar av byen før dei blei slått tilbake av ukrainske styrker.

– Hundrevis av sivile skal vere drepne og tusenvis av bygg, hus og leilegheiter skal vere totalt øydelagde, ifølgje NRK.

Krigen startar og dei dramatiske vekene etterpå

Tidleg morgon 24. februar blei liva deira brått snudd på hovudet.

Klokka 04.45 vakna Lisa, Iryna, Anna og Tetiana til lyden av russisk artilleri og rakettar som trefte byen.

– Heile leilegheita rista, og lyden av bombene var intens, fortel 16 år gamle Lisa som låg og sov då Russland invaderte Ukraina.

Ein time unna sentrum av Kharkiv er Maryna på jobb. Fengselet ho jobbar i ligg svært nære grensa til Russland. Ho jobba nattevakt, og ungane på 9 og 18 er åleine heime i leilegheita som ligg i sentrum. For Maryna meldte uroa seg for ungane umiddelbart. Kva ville skje no? Kor lenge skulle dette vare? Var dei ok? Spørsmåla var mange, og redsla var uhaldbar.

Uvitande, stressa og redde, midt i bråket av bombedrønn og flyalarmar, søkjer familien på fire tilflukt i kjellaren saman med andre redde Kharkiv-innbyggjarar.

– Det var vanskeleg å tenkje at det som skjedde var sant. Me trudde det skulle gå fort over. Eg håpa det bare skulle halde på i nokre dagar, men så gjekk det fire dagar, ei veke og to veker, og krigen heldt framleis på, fortel Lisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fekk ikkje reise til barna

Valet om å reise frå heimen var langt ifrå lett. Men dei kunne ikkje leve der. Flyalarmen gjekk konstant, og dei bruka all tid i kjellaren for å søkje tilflukt. Dei fem siste dagane var det verken straum, internett eller mobildekning i området.

– Etter to veker bestemte me oss for at me måtte forlate leilegheita og kjellaren. Me hadde ikkje andre val. Ein ven av oss hadde prøvd å få tak i oss lenge utan hell. Han fann oss i kjellaren. Me bestemte oss for å bli med han, sidan han budde i eit tryggare område i Kharkiv, fortel Tetiana.

– Den dagen var veldig vanskeleg. Det å måtte flukte heimanfrå var skummelt, legg Lisa til.

For Maryna blei dagane og vekene etter 24. februar dramatiske. Ungane hadde blitt tatt vare på av nokre vener, og budde i ein bunker i Kharkiv. Sjølv sat ho fast på jobb. Ho prøva fleire gonger å be sjefen om løyve for å reise til ungane, men alle gongene var svaret blankt nei.

– Sjefen var redd det ikkje skulle vere tilsette igjen i fengselet, derfor fekk eg ikkje lov. Det var veldig frustrerande. Han reiv i sund papiret eg kom med då eg ville seie opp.

Men ein dag fri hadde Maryna krav på, og på hennar eige bursdag, den 19. april, fekk ho fri. Ein dag fri, så var det tilbake. Det var avtala med sjefen. Slik blei det ikkje. For den sjansen utnytta Maryna til å flykte. Ho skulle sjå ungane sine.

– Det var ein vanskeleg periode med mykje frykt, både for jobben og for familien. Situasjonen var uoversiktleg og kaotisk. Då eg flykta frå jobben, hadde ungane reist med nokre vener til Odesa, så då måtte eg finne ein måte å kome meg dit på. Medan alt dette skjedde, var faren deira ved fronten og kjempa for landet. Heile situasjonen var surrealistisk.

Fekk ikkje sjå ungane: Det tok lang tid før Maryna fekk sjå ungen sin Milan (t.h.) Foto: Privat frå Kharkiv.

Flykta til Odesa

Odesa er ein by mange i Kharkiv vel å dra på ferie til, sidan han ligg ved Stillehavet. Det er flott der, fortel Maryna. Men denne gongen drog ho ikkje på ferie, denne gongen var ho på flukt. Byen var ikkje den same. den hadde blitt til ein by mange søkte tilflukt i, ein by som var prega av redsel, uvisse og uro.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilbake til Kharkiv blir Tetiana og ungane hos kompisen i ei natt før dei fluktar vidare til eit gjestehus berre to kilometer unna Kharkiv. Gjestehuset vart bruka til å gje innbyggjarar i Kharkiv ein stad å bu, men fasilitetane var dårlege.

– Det var ekstremt kaldt der, og me kunne ikkje skru på noko form for varme. Det var kaldare inne enn ute, fortel Lisa.

– Langt ifrå ein stad ungar burde bu, legg mora til.

Ved ein slump får dei plass i ei kyrkje, ikkje så langt unna gjestehuset. Her blir dei og seks andre familiemedlemar verande i ein månad. Nokre vener av Tetiana anbefalte ho å forlate landet og reise til Noreg. Kharkiv var ikkje trygt nok. Den brutale krigføringa til russarane var for nære.

På bilete: Tetiana (t.v.) og dottera Iryna. Foto: Privat frå Kharkiv

– Det er mange me har reist ifrå, og mange me er bekymra for

– Det tok lang tid før me bestemte oss, sidan det var så mange rundt oss som ikkje ville reise. Me ville ikkje forlate familien og venene våre, men samtidig var det for risikabelt å bli. Mannen min måtte vere igjen og jobbe. Foreldra mine ville ikkje reise frå garden dei driv. Det er mange me har reist ifrå, og mange me er bekymra for, fortel Tetiana.

Det er mange ukrainarar som vel å vere att i landet. Menn mellom 18-60 år får ikkje lov til å reise, og må melde seg til teneste. Det er ikkje alle som vil forlate ektemann, far eller kjærast. Dette gjaldt den atten år gamle dottera til Maryna.

– Då eg kom til Odesa for å hente sonen og dottera mi, fekk eg ho ikkje med meg. Ho ville vere igjen med faren sin. Sidan ho er 18 kunne eg ikkje tvinge ho, og eg forstår kvifor ho ikkje ville reise. Men det gjer vondt, og eg er ganske uroleg.

Maryna har jamleg kontakt med dottera, og ein skal ikkje sjå bort ifrå at ho kjem etter til Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ho har gitt uttrykk for at ho vil forlate Ukraina, og eg håpar ho gjer det snart. Men ingenting er sikkert eller bestemt.

Foto: Privat frå Kharkiv

Minimal kontakt med heimlandet

Det er ikkje berre dottera Maryna er bekymra for. Mora hennar bur i eit okkupert område, og kjem seg ikkje ut. Kontakten har vore minimal på grunn av manglande straum og dekning i området.

– Me får til å snakke av og til, men det er ganske kort. Det er ikkje alltid dei har tilgang på straum og dekning. Eg blir letta kvar gong me får snakke saman og ho fortel at ho har det bra.

Trass i at Kharkiv er ein by som er hardt ramma av krigen, har heldigvis ingen av familiane mista nokon av sine nærmaste så langt. Det er dei veldig takknemlege for. Ifølgje vener i byen skal ikkje leilegheitene vere bomba, men glasrutene er øydelagde på grunn av trykke frå klasebomber og landminer. Amnesty har i sin nyaste rapport skulda russiske styrker for å ha utført krigsbrotsverk mot sivile i Kharkiv. Hundrevis av sivile skal ha mista livet, og fleire tusen skal ha mista heimen sin.

Sjølv om dei er letta for å ha kome seg ut av Kharkiv og Ukraina, er saknet etter sine nærmaste, etter vener og kjæledyr stort.

– Eg saknar katten min veldig mykje, og eg håpar han har det bra, fortel ni år gamle Milan.

Dei saknar det normale og trygge livet i Kharkiv. Den normale kvardagen som bestod av skule, barnehage, lekser, klesvask og middagslaging. Den normale kvardagen som brått blei snudd på hovudet den 24. februar kl. 04.45. Sjølv om livet i Kharkiv ikkje er realistisk no, er dei, etter bare ein månad, på god veg til å etablere ein ny og tilsynelatande normal kvardag på Dalen.

Milan har funne sin plass på fotballbanen og han fekk starte så smått på skulen før det vart sommarferie. Iryna er godt fornøgd med Dalen så langt, og er spesielt fornøgd med dei gode moglegheitene for å stå på skateboard. Lisa håpar på å få begynne i 1. klasse på Vest-Telemark vgs til hausten, og ser fram til å halde på med skule att. Mødrene er for augeblikket utan arbeid, men også dei håpar på å få kome i gong med noko snart. Livet på Dalen er annleis enn livet i Kharkiv, men dei er glade for å kome hit.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me ville ikkje bu i ein storby som Oslo, så me var letta då me fekk vite at me kunne kome hit, seier Lisa.

Dei ler godt når dei fortel om korleis det var å kome til Dalen etter å fyrst ha kome til Skinnarbu.

– Plutseleg var alt grønt, og då blei eg glad, for eg ville ikkje bu på ein plass med bare snø, ler Lisa og ser bort på mor si.

– Det var litt sjokk å kome hit ja, men på ein god måte altså! Naturen er veldig fin, og heldigvis er temperaturen nokså varm, fortel Tetiana vidare.

Håpar på nye og gode venskap

Dei har vore på Dalen i ein månad, og har rekt å bli kjend med nokon. I tida som kjem håpar dei på at dei kan få nye og gode venskap, og ei tilknyting til bygda. Dei håpar at folk tek kontakt, og ikkje er redde for å spørje om ting.

Språket kan vere ei utfordring, men det er fullt mogleg å finne på aktivitetar som ikkje krev så mykje snakking, fortel dei.

Sjølv om familiane står i ei vanskeleg tid, er det også rom for latter, tull og tøys. Der er tre år gamle Anna ein god bidragsytar. Ho gjer mykje rart, fortel storesystrene Lisa og Iryna.

Leiken: Yngstemann Anna er ei leiken og rastlaus unge. Her teiknar ho med krit i gatene utanfor leilegheita i Kharkiv. Foto: Privat

Livet for dei to familiane blir kanskje aldri det same igjen. Om dei vender tilbake til Ukraina eller blir verande på Dalen er umogleg å seie. Alt avheng av kor lenge Putin vil halde fram med si krigføring. Akkurat no er det ingen som kan seie sikkert kva som kjem til å skje. Sjølv om framtida er usikker, og bekymringane er mange, strålar familiane ein optimisme og openheit få kunne forventa av dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Krigen i Ukraina så langt:

– 24. februar 2022 invaderte russiske styrker Ukraina, og 3. juni var det 100 dagar sidan krigen braut ut.

– Titusen av liv skal ha gått tapt i krigen så langt, men ingen kjelder kan gi eit konkret tal.

– På litt over 3 månadar har nesten 14 millionar ukrainarar blitt tvunge til å flukte frå heimen sin, mesteparten av dei er kvinner og born.

– Russiske styrker blir akkurat no etterforska av dei ukrainske myndigheitene for å ha utført krigsbrotsverk i blant anna byane Butsja og Kharkiv.

– 3. juni skreiv Aftenposten at russiske okkupantar kontrollerte rundt 20 prosent av ukrainsk territorium.