Øystein Hauge kallar seg sjølv nynorskforkjempar. – Eg prøver å vere tru mot dette tapre språket vårt, slik det heiter hos Edvard Hoem. Foto: Tiden Norsk Forlag/Ola Nøst

Poeten som gav oss BankID på nynorsk

Forfattar Øystein Hauge får av mange æra (eller skulda) for å vere mannen bak BankID på nynorsk. – Eg sakna nynorsk BankID frå første dag, fortel forfattaren.

For om lag sju månader sidan dukka for første gong ordkombinasjonar som «Keisam drott», «Kjærleg hanske» og «Hugsam granne» opp når folk skulle logge seg inn i nettbankane sine. BankID på nynorsk var blitt ein realitet og kommunikasjonsansvarleg Hanne Kjærnes i Vipps fortalde då til Digi.no at tenesta hadde blitt nynorsk som eit resultat av at fleire engasjerte nynorskbrukarar hadde tatt kontakt og ønskt seg ord på nynorsk. Fleire twitterbrukarar peika på poeten Øystein Hauge som mannen bak.

– Eg begynte å sende meldingar til dei som administrerer denne ordninga allereie halvtanna år tilbake i tid. Hovudargumentet mitt var enkelt: Heilt sidan 1885 har nynorsk vore eitt av to offisielle målformer i skriftleg norsk. Med BankID snakkar vi om ei teneste med hundretusenvis av daglege meldingar, og då skulle det vel berre mangle om ikkje også nynorsken fekk sin plass i den koda kommunikasjonen ut til oss databrukarar, seier Hauge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil ha kodeord på dialekt

Sjølv om mange gir Hauge æra, er han ikkje komfortabel med å ta all heideren sjølv.

– Om det er andre som også arbeidde for å få dette til, er eg meir enn gjerne med på ei skulddeling. Eg seier skulddeling fordi det på sosiale medium dessverre også var mange som meinte vi hadde klart oss veldig godt utan BankID på nynorsk.

– Eg er først og fremst er glad for at dei som steller med desse tinga svinga seg rundt såpass fort som dei gjorde, legg han til.

Ved eit par høve har òg Hauge argumentert for å ta i bruk dialektord som kodeord i BankID.

– Vipps har ikkje avvist tanken om å ta den tanken vidare, fortel han.

Brenn for norsk språk

Hauge er oppvaksen i Vegårshei i Aust-Agder og er no busett i Hustadvika i Møre og Romsdal, kor han budd i nesten 40 år. Trass i at han søkte seg til ein bokmålsklasse på ungdomsskulen, har nynorsken stått sterkt hos forfattaren heile det vaksne livet.

– Sjølv om eg er fødd og oppvaksen ein knapp times køyretur frå byane langs Sørlandskysten, kor nynorsken står svakt, vil det i dag vere utenkjeleg for meg å forlate nynorsken i arbeidet mitt med skjønnlitteratur.

– Det nærmast demokratiske prinsippet i målforma er nok det som er avgjerande for at eg skriv nynorsk og snakkar dialekt. Eg ser nok teikn til at nynorsken i einskilde miljø i stadig større grad vert oppfatta som eit elitespråk, eit kunstspråk om du vil. Men om nynorsken ikkje lenger skal få vere eit bruksspråk, trur eg løpet for målforma vil vere køyrd om kort tid, fortel forfattaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, det vil eg. Fordi eg som poet som skriv på nynorsk kvar dag, prøver å vere tru mot dette tapre språket vårt, slik det heiter hos Edvard Hoem. Men like mykje som kampen for nynorsken, er eg opptatt av at den aukande engelske dominansen i språket vårt. Det vi ser her er til å grine av. Alle dei engelske orda og vendingane som veltar inn over oss, og der særleg næringslivet står og tar imot ukritisk og med opne armar.

Kontrastane skapar litteraturen

Forfattar Hauge byrja så smått å skrive profesjonelt for over 40 år sidan. Det var gjennom ein sommarjobb som journalist i Agderposten han oppdaga gleda ved å skrive.

– Det var noko med å sjå at det å omsette eigne tankar faktisk kunne bli relevant og givande lesing for andre. Det er ein terskel der. På eit eller anna punkt innser ein at det ein skriv er godt nok, mimrar han.

Virket som poet var noko som dukka opp etter kvart.

– Eg trur veldig mange poetar skriv det første diktet sitt lenge før dei er klar over at det er dikt dei skriv. Altså. Det er jo ikkje slik at du set deg ned ved skrivepulten etter å ha bestemt deg for å skrive det første diktet ditt. For meg var det meir eigne fragment og uferdige setningar på lappar og i notisbøker som etter kvart insisterte på å bli noko meir. Den verkeleg djupe interessa for poesi kom hos meg med ei samling haikudikt der poeten Paal-Helge Haugen tok tak i den japanske diktforma, fortel Hauge.

Han gav ut den førre lyrikksamlinga si tilbake i 2011, men jobbar no med eit større manus som truleg blir gitt ut i 2020.

– Eg har jobba med manuset i mange år no. Den nye boka blir i form meir som ei samling prosadikt å rekne. Ei bok med klare poetiske kvalitetar, vel eg sjølvsagt å tru. Men skriven fram på ein slik måte at ho vonleg er blitt lettare tilgjengeleg enn ho ville ha vore innanfor rammene av modernistisk poesi. Eg har ei langt større ro og tolmod med arbeidet mitt no enn eg hadde då eg var tretti og skreiv, konstaterer Hauge.

– Sjølve ordet inspirasjon har eg nok eit heller problematisk forhold til. Skjønnlitteratur handlar nok like mykje om å etablere ei konflikt. Det høyrest sikkert rart ut at ein som skriv poesi seier det på den måten. Men det må vere ein motstand der ein stad. Noko som står på spel. Eller i alle fall noko som står mot noko anna, svarer Hauge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilbake på bokmål

No i desember har BankID-orda igjen kome på bokmål, etter om lag eit halvt år med nynorsk.

– No er det tilbake på bokmål fordi vi køyrer ein kampanje som har med tryggleik å gjere. Då har vi lagt inn ein del ord som er relatert til den kampanjen, og difor er det no på bokmål, seier kommunikasjonsansvarleg Hanne Kjærnes i Vipps til Nynorsk pressekontor.

– Vi byter orda relativt jamleg, så det kan godt hende at det dukkar opp nynorskord igjen. Vi har fått god respons på dei nynorske orda, seier ho.

– Vi kan heller ikkje køyre bokmål- og nynorskord samstundes, fordi orda blir kombinerte frå to ulike lister, legg ho til.

Øystein Hauge får av mange æra (eller skulda) for å vere mannen bak BankID på nynorsk. – Eg sakna nynorsk BankID frå første dag, fortel forfattaren. Foto: Privat
Mange la merke til at BankID var kome på nynorsk før sommaren i år. – Litt snodig, litt gøy, meinte ein Twitterbrukar. Foto: Skjermbilete frå Twitter.
Øystein Hauge fekk av mange ros for å ha kjempa for BankID på nynorsk. Det er usikkert om Hauge nokon gong bekrefta kva ei «SVOLTEN TVOGE» er. Foto: Skjermbilete frå Twitter.