Det som var eit forlate hus i Kviteseid i Telemark er sett fint i stand.

Over 200 000 hus står tomme – no skal det bli lys i vindauga

Over 200 000 hus står tomme og til nedfalls her i landet. No startar eit prosjekt for å få folk og lys inn i dei forlatne bygningane.

Vi ser dei over alt når vi reiser i det langstrekte landet vårt. Dei tomme husa prega av forfall. «Folk treng hus og hus treng folk», som det heiter i ein visetekst av Ole Bremnes.

Håp, trass forfall

– 211.000 tomme hus baserer seg på tal frå 20 år tilbake, så vi veit ikkje heilt sikkert kor mange hus det er snakk om i dag. I mellomtida har ein del hus blitt borte, medan andre har kome til. Vi må hugse på at hus som vart bygde før 1960, var svært solide. Sjølv om det kan sjå håplaust ut, så er det mogleg å berge dei aller fleste, seier Bianca Wessel, som leier det treårige pilotprosjektet «Lys i gamle hus».

Artikkelen held fram under annonsen.

Wessel jobbar for Fortidsminneforeningen, som har sett i gang eit prosjekt for berging av gamle hus i fem kommunar. Det er Heim i Trøndelag, Sør-Aurdal i Valdres, Rollag i Numedal, Vinje i Telemark og Kvitsøy i Rogaland. Målet er eit permanent prosjekt for berging av gamle hus over heile landet.

Fyrste fase

Når VTB snakkar med prosjektleiar for prosjektet i Vinje, vinjelos Silje Hagen, er ho på veg til Heim i Trøndelag, ein av pilotkommunane i prosjektet.

– Me er per no framleis i fase ein av prosjektet, kartlegginga. Det inneber ikkje berre å telje opp dei gamle husa, men også å nøste opp i historia til bygga, kome i kontakt med eigarane og å skape ei flate der ein kan koma i kontakt med kvarandre, fortel Hagen.

Prosjektleiar: Silje Hagen er prosjektleiar for Lys i gamle hus i Vinje. Arkivfoto.

I tillegg til det arbeidet, har Vinje kommune også skipa til eit miniseminar, som fann stad i haust, der dei presenterte prosjektet.

– I tillegg skal me snart ha ein søknadsverkstad, der deltakarane mellom anna vil få informasjon om bygningsvern og arbeidet det fører med seg. Me kjem til å sende ut invitasjonar, men verkstaden er open for alle, forklarar Hagen.

Fortidsminneforeningen, som har ansvaret for prosjektet, har eit fylkeslag i Telemark, men ikkje nokon lokallag i Vest-Telemark. Hagen håpar prosjektet kan føre til at dette blir skipa til.

– Gjennom dette arbeidet ser me det hadde ført mykje positivt med seg om ein hadde hatt eit lokallag.

Gjenbruk og bygningsvern

– Målsetjinga er gjenbruk og bygningsvern. Eldre hus er bygde av naturlege materialar, og dei er laga for å vare. Medan vindauge som er produserte i dag kanskje har ei levetid på rundt 40 år, så kjenner vi til vindauge i hus frå 1700-talet som viser seg å vere brukande den dag i dag. Etter ein del skraping og måling, sjølvsagt, men det er utruleg å sjå forvandlinga og oppleve kor solide dei gamle husa er, seier Wessel til Nynorsk pressekontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Wessel peikar på at gamle hus ofte enkelt kan plukkast ned og byggjast opp igjen på nytt, nærmast som byggjeklossar, og at det i dei fleste tilfelle er langt billegare å renovere enn å byggje nytt.

Det kan vere mange grunnar til at hus blir ståande tomme over tid, og det er dette prosjektet håpar å finne svar på. Dei er no i ein kartleggingsfase og ser alt at ei av årsakene til tomme hus i distrikta er endringar i landbruket, med fleire nedlagde bruk. Men det kan også vere andre grunnar.

– Dette er det første nasjonale prosjektet på dette feltet, tidlegare har det vore lokale eller regionale prosjekt. Vi ynskjer at dei som eig gamle hus, og som ikkje veit heilt kva dei skal gjere med dei, skal ta kontakt med oss. Vi kan hjelpe dei med gode råd, blant anna korleis dei kan få støtte, seier prosjektleiaren.

Dei gir også råd om istandsetting og mogleg ny bruk eller ombruk.

Treng du hushjelp?

Bianca Wessel oppmodar dei som har gamle hus om å ta direkte kontakt med henne, og at det også kan vere lurt å snakke med lokallaget i Fortidsminneforeningen.

Det er ikkje sett noko spesiell aldersgrense for husa, berre at dei står tomme. Det er ikkje berre snakk om bustadhus, det kan også søkjast støtte til renovering av uthus og driftsbygningar.

Det er mange instansar som kan gi støtte til slike prosjekt. Kommune, fylkeskommune, Stiftinga Norsk Kulturarv, Uni-stiftinga og Kulturminnefondet for å nemne nokre.

20. april inviterer Fortidsminneforeningen til søknadsverkstad med «Lys i gamle hus», der folk kan delta digitalt. Her vil det bli vist eksempel på prosjekt som har fått tilskot, og lært bort korleis ein søkjer pengar til eigne prosjekt. Arrangøren lovar gode tips frå rådgjevarar frå Norsk Kulturarv og Kulturminnefondet. Her vil også Else «Sprossa» Rønnevig dele erfaringa si med istandsetting og vern gjennom bruk, og kvifor det er betre å bevare enn å la hus stå til nedfalls.

Artikkelen held fram under annonsen.

Villa Wessel

Bianca Wessel har også personleg erfaring frå å berge gamle hus frå forfallet. Saman med familien har ho restaurert ein gammal villa i Trysil og fått den staselege bygningen tilbake til gammal prakt. Det er Villa Wessel. Dei har også berga eit gammalt uthus på eigedomen.

– Det var ikkje mange i lokalmiljøet som trudde vi fekk reist og sett i stand den skeive løa, men no har vi eit funksjonelt uthus. Og det har kosta langt mindre enn om vi skulle byggje nytt, seier ho. Wessel legg til at dei har fått støtte frå Kulturminnefondet, Innlandet fylkeskommune, Fortidsminneforeningen og Norsk Kulturarv.

– Bygningsvern på huset sine premissar, er også best for lommeboka, slår Bianca Wessel fast.

Handverkstradisjonar

Prosjektleiaren er også oppteken av at det gamle handverket blir halde i hevd og at kompetansen på å ta vare på gamle hus blir teken opp av yngre snikkarar. Fleire fylke har no etablert bygningsvernsenter, der ein kan få hjelp. Det ligg ei oversikt for slike senter på nettsida byggogbevar.no.

Fortidsminneforeningen har ulike satsingar for å overføre kompetanse frå eldre tradisjonshandverkarar til dei unge, blant anna med utvikling av ei eige ressursgruppe, årlege jenteworkshops og kursprogrammet for unge handverkarar, kalla Handlag. Det er også lurt å snakke med det lokale museet eller bygdetun, tipsar Bianca Wessel.

Fakta om «Lys i gamle hus»

Prosjektet starta med ei Facebook-gruppe i 2014 og ein konto på Instagram i 2019. I dag har gruppene over 24.000 følgjarar. Det er stor interesse, og gamle tomme hus blir lyfta fram, spennande istandsettingsprosjekt blir lagde ut med flotte bilete av hus både før og etter renoveringa.

Norsk senter for bygdeforsking, Ruralis, følgjer «Lys i gamle hus»-prosjektet tett dei nærmaste åra. Prosjektleiar Bianca Wessel trur det kan gi eit viktig kunnskapsgrunnlag for det vidare arbeidet, blant anna om kvifor hus blir ståande tomme.

(©NPK)

Artikkelen held fram under annonsen.

Prosjektleiar Bianca Wessel på taket av Villa Wessel under arbeidet med å skifte taket.