MMR: – Det står for namna våre, ikkje vaksina, smiler Mateo Nystog Dyrland, Randi Fugleneb Aamand og Maren Rui.

Oppdraget dei har fått er langt frå barnemat – dei skal løyse energikrisa

– Kven tok med lego, da? spør Cathrine Kvitberg frå Ungt Entreprenørskap i Vestfold og Telemark. Ho tek ein nærare kikk på modellen som viser korleis avløpsvatn vert samla og sendt til ein turbin.

– Det var meg, seier Oskar Holtberget.

Han går i 7. klasse på Rauland skule, og dei siste vekene har klassa hans jobba på spreng med Ungt Entreprenørskap. Og oppdraget dei har fått er langt frå barnemat; dei skal løyse energikrisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein entreprenør er jo ein som ser eit stort problem, og prøver å finne ei løysing på dette, seier Kvitberg.

– Og dette med energikrisa er slett ikkje ei øveoppgåve. Det er jo eit ekte problem.

For to veker sidan var Kvitberg her og lærte elevane kva entreprenørskap er. No er ho attende for å sjå kva dei har fått til.

– Og når eg ser rundt meg på kva de har fått til, så blir eg heilt rørt.

Vind, vatn, bølger, sol og biogass

Elevane har bygd modellar som viser korleis ideen deira verkar, og desse er stilt ut på stilige bord drapert med dukar. Femteklasse er publikum, og alle får forsyne seg med eit stettglas med velkomstdrink før dei går rundt og ser på modellane. Dei må vere grundige, for etterpå er det femteklasse som avgjer kva gruppe som vinn prisen «beste modell».

Når alle har kikka ferdig, set publikum seg. Det er tid for presentasjonar og reklamefilmar. Fyrst ut er dei tre gründerane i MMR, som har laga ei flytande vindmølle med bølgeturbinar og solcellepanel.

Oppfinninga si har dei kalla FEX3, eit namn som spelar på at dei har kombinert tre typar fornybar energi. I tillegg er dei opptekne av at oppfinninga ikkje skal skade fuglar.

– Fuglar legg best merke til raudt, kvitt og blått, så derfor har me farga propellane i desse fargane. Og det speglar jo også det norske flagget, fortel Maren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den neste oppfinninga heiter Bio-Bob, og er ei maskin som skal utnytte biogass frå til dømes husdyrgjødsel.

Biogass: – Me vil hjelpe vanlege folk over alt. Maskina vår er stor nok til å gje straum til eit hus, men liten nok til at du kan ha den heime. Og ein gard har dei fleste av oss i nærleiken, seier Erle Arnesen Vestgård, som er ein av entreprenørane bak oppfinninga Bio-Bob.

Den tredje gruppa vil altså samle opp avløpsvatn og bruke det til å lage vasskraft – eller avløpsvatn-straum (A.V.S). Dei har bygd eit detaljrikt hus som viser alle kjeldene vatnet kjem frå.

Alle lagar avløpsvatn: – Me vil bruke vatn frå vask, do, vaskemaskiner og takrenner til å lage vasskraft. Alle lagar jo avløpsvatn, og dermed kan oppfinninga vår gje rein energi til alle, seier oppfinnarane, før dei legg til: – Men me må nok ha eit vassmagasin også.

Imponerte dommarar

Alle elevane får ein pause medan juryen, som består av Kvitberg og fungerande rektor Rune Sudbø, diskuterer kven som skal stikke av med dei gjeve prisane.

– Eg er så imponert, utbryt Kvitberg.

Ho har vore på veldig mange skular i Vestfold og Telemark, på både skulefinalar og superfinalar.

– Og eg må seie at her er det eit høgt nivå. Alle gruppene her kunne ha vunne ein superfinale. Dei var frie, tydelege, hadde gode rørsler, og fleire hadde kledd seg ut. Og modellane var så fine at eg har snappa dei til sjefen min, seier Kvitberg. Ho la også merke til det gode faglege nivået.

Djupt imponerte: Dommarpanelet var imponerte over elevane – rektor Rune Sudbø og Cathrine Kvitberg frå Ungt Entreprenørskap i Vestfold og Telemark.

Sudbø har tidlegare undervist i naturfag på vidaregåande nivå, og er heilt einig med Kvitberg.

– Me har om det same i 10. klasse, og mykje av dette kan gå rett inn der, seier Sudbø. Han synest dessutan at elevane hadde spanande idear.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette med å hente energi frå avløpsvatn er faktisk ein unik ide, og det ser ein ikkje så ofte. Dei to andre gruppene har tatt kjende produksjonsmåtar, men dei også har gjort sin eigen vri, til dømes at biogassanlegget kan vere lite og gje straum til ei grend eller berre eitt hus.

Fire prisar

Dei fire prisane som skulle delast ut var beste presentasjon, beste modell, beste reklamefilm og beste samarbeid. Ei kahoot-avstemming i femteklasse kåra FEX3 til beste modell, og denne gruppa vann i tillegg prisen for beste presentasjon.

Vann to prisar: Randi Fugleneb Aamand (t.v.), Maren Rui og Mateo Nystog Dyrland vann prisen for beste modell og beste framføring. – De var frie frå manus, brukte rørsler på ein god måte, og namnet FEX3 var verkeleg kult. Eg har jo høyrt mange namn på oppfinningar, og eg må seie at dette skil seg ut, var Kvitbergs kommentar. – Dessutan har de tenkt på ulempene ved ideen dykkar, og har med ei løysing på dette, la Sudbø til.

Prisen for beste reklamefilm fekk Bio-Bob.

– Den var rett på poenget og fekk det tydeleg fram. God formidling, rett og slett. Og det er ikkje enkelt å formidle på 30 sekund noko ein har jobba med i fleire veker. Det er ei kompetanse som PR-byrå er interesserte i, understrekar Kvitberg.

– Men den viktigaste prisen er den som går til gruppa som har samarbeida aller best gjennom heile perioden. Lærarane har fortalt oss at alle gruppene har hatt godt samarbeid, men vinnarane utpeikar seg som den mest jamnbyrdige gruppa, der alle har vore med å dra lasset, og der gruppemedlemmane gjer det vesle ekstra. Til dømes at ein på gruppa tek med skjorte til alle, smiler Kvitberg og slår ut med hendene mot A.V.S.

Frå mellomtrinn til høgskule

Det 7. klasse på Rauland har vore med på er berre starten på opplegget.

– Me har opplegget på ungdomsskulen og i vidaregåande skule også, og ein går djupare ettersom nivået aukar. Faktisk vert det også vidareført til høgskulenivå, der ein kan ha studentbedrift som bacheloroppgåve, forklarar Kvitberg.

Ho meiner Ungt Entreprenørskap ikkje berre er eit inspirerande opplegg, men også noko samfunnet har behov for.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me står i ei energikrise, og treng desse kreative hjernane her til å koma opp med gode løysingar.

Fleire skular i Vest-Telemark er allereie med, og målet til Kvitberg er å få med alle.

Les også
Ei heil smartveke for å gjere samfunnet meir berekraftig

Mange fag på ein gong

– Fekk de lyst til å gjere dette når de kjem i 7. klasse, spør ho femteklassepublikummet.

– Ja, for viss me er heldige slepp me kanskje norsken, seier ein gut.

Det er det som er så genialt – utan at ein tenker på det har ein mange fag samstundes.
Cathrine Kvitberg, Ungt Entreprenørskap i Vestfold og Telemark

Kvitberg ler høgt.

– Kva fag har de hatt i prosjektet, sjuandeklassingar? spør ho. Dei ser på kvarandre, og den eine etter den andre kjem på skulefag dei faktisk har jobba med.

– Naturfag – me har jo lært om fornybar energi.

– Og matte – me har tatt mål og rekna ut volum.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og samfunnsfag – me har lært om FN og berekraftmåla.

– Og kunst og handverk, då me laga modellane.

– Ja, nettopp, svarar Kvitberg. – Og de har hatt norsk! De har jo halde presentasjonar her, og skrive manus og laga film. Det er det som er så genialt – utan at ein tenker på det, har ein mange fag samstundes.

Heilt til slutt får alle elevane ein attest.

– Dette er eit bevis på at de har lært å samarbeide. Lært å stå i eit problem – ein krusedull – og ha det skikkeleg vanskeleg, og så lande på ein ide og klare å utvikle den. Og nettopp slik kompetanse er noko arbeidsplassane søkjer etter.

Viktig kompetanse: Alle elevane fekk ein attest på gjennomført kursopplegg. – De er i stand til å finne løysingar på problem. Dette er verdifull kompetanse som arbeidsgjevarar etterspør, seier Kvitberg.
VTB informerer

Bladfyken er mor til ein elev i denne klassa.

Les også
Ei heil smartveke for å gjere samfunnet meir berekraftig
Detaljrik modell: Elevane har bygd opp ulike rom som produserer avløpsvatn, komplett med legopersonar som bruker vaskemaskin og toalett.