Operasjonssjukepleiar i Gaza: – Eg følte meg eigentleg litt privilegert
Britt Mossing frå Seljord jobbar til dagleg som operasjonssjukepleiar på Notodden. I vår reiste ho til Gaza som delegat for Raude Kross. Som ein del av det internasjonale hjelpearbeidet, har ho brukt sin spesialkompetanse for å hjelpe til i eit av verdas mest utsette konfliktområde.
Seljordingen har sidan ho tok vidareutdanning som operasjonssjukepleiar hatt eit ynskje om å bruke kompetansen sin internasjonalt. I vår fekk ho sjansen til å realisere dette, då ho reiste til Gaza som delegat for Raude Kross. Delegatar er spesialistar som står klare til å reise på kort varsel, med løyve frå arbeidsgjevar, for å hjelpe til i katastrofe- og krisesituasjonar. Som delegat blir ho lønna av Raude Kross, og oppdraget kan vare frå nokre veker til tre månadar.
Etter fleire år i helsevesenet og ei sterk tilknyting til Raude Kross gjennom mannen sin, Kåre, som har vore delegat i mange år, melde Britt seg som utanlandsdelegat i 2019.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter å ha gjennomført naudsynte kurs, blir ein ståande på ei liste og kan bli kalla ut på oppdrag på kort varsel.
– Så er det eigentleg berre å vente, seier ho.
Sidan ho melde seg som delegat har det ikkje vore mange oppdrag som har vore aktuelle. Det har vore roleg på naturskadefronten, og så hadde me pandemien.
– Men så brøyt dette her ut i oktober 2023, og då vart det plutseleg behov, seier ho.
I november/desember byrja Raude Kross å planlegge å setje opp eit sjukehus nær Rafah i Gaza. På nyåret byrja Britt å førebu seg på å få ein førespurnad om å reise.
Den konkrete førespurnaden kom i april. Avreisa skulle vere 11. mai og ho skulle vere vekk om lag ein månad. Då var det mykje praktisk som måtte ordnast. Britt forhandla med både jobb og familie.
– Det var ein prosess, men familien har veldig forståing for motivasjonen min, og gav klarsignal med ein gong.
Kva er motivasjonen din?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det tiltalar meg veldig at eg kan bruke det yrket eg har og den kompetansen eg har på å hjelpe til. Ein liten innsats i ein større samanheng.
Ho legg vekt på liten.
– Det er verkeleg ein drope i havet, seier ho.
Britt har også ein motivasjon for å utvikle seg sjølv og utvide horisonten.
– Det å sjå kva eg faktisk er kapabel til, og ikkje minst få større forståing for ting som skjer ute i verda. Eg trur me har godt av å lyfte blikket litt.
Ho fortel at eldste dottera har jobba i Leger Uten Grenser, så ho oppmuntra verkeleg mora til å «køyre på». Med klarsignal frå familien og permisjonen frå jobben i orden, var det berre å pakke.
Kva pakkar du når du skal til Gaza?
– Det var ein koffert med hummar og kanari, det skal seiast, ler ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Når ein fyrst har kome inn i Gaza, kan ein ikkje supplere med noko. Då har du det du har, så då bør ein ha fått med seg det viktigaste.
Kronglete reise
Reisa til Gaza var langt frå enkel. Fyrst vart dei sende til Kairo i Egypt. Vidare kom dei ikkje, då grensa til Gaza var stengd. Det vart lange dagar i Kairo med venting, møte og forhandlingar.
– Det var frykteleg frustrerande å vere der og ikkje vite om me kom oss inn i Gaza eller ikkje, for du er så mentalt førebudd på å gjere ein jobb der, seier ho.
Etter nesten to veker i Kairo vart dei omsider sendt vidare til Amman i Jordan, og derfrå til Gaza via Israel.
Då dei endeleg kom fram, var det berre å setje i gang å jobbe. Feltsjukehuset hadde ikkje vore lenge i drift, men fungerer som eit vanleg sjukehus, med operasjonsavdeling, laboratorium, sengepostar og poliklinikk.
Britt fortel at dei fleste pasientane dei fekk inn hadde krigsskadar.
– Det var mange sivile som vart skadd. Ein veit at kvinner og barn ikkje har ei rolle i krigen, men dei var det mange av, seier ho.
Kvardag i ei krigssone
Arbeidsdagen på feltsjukehuset i Gaza var prega av lange og intense arbeidsøkter. Men det var også viktig å finne tid til kvile. Fritida gjekk med til eting og soving.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Arbeidet var både fysisk og mentalt krevjande, så det var viktig å ta vare på seg sjølv.
Ho fortel om eit sterkt samhald i teamet. Alle er i same situasjon og hadde den same motivasjonen.
– Det er veldig moro å jobbe i eit slikt miljø, der alle har den same motivasjonen og forståinga for kva oppdraget handlar om. Det gir eit unikt samhald og fellesskap.
Ho seier dei hadde mykje galgenhumor, og meiner humor er eitt av dei viktigaste våpena me har. Dei bruka også kvarandre til debrifing, for å snakke om ting dei hadde sett og opplevd.
Seljordingen seier ho var veldig fokusert på å gjere jobben så godt som mogeleg, og at ein då klarar å stenge ute veldig mykje av dei sterke inntrykka.
– Det var eigentleg ei god kjensle å kunne bidra og gjere jobben min så konkret. Eg følte meg eigentleg litt privilegert, seier ho.
Rørande menneskemøte
Etter ei stor masseskadehending i nærleiken fekk dei inn svært hardt skadde pasientar. Britt fortel om sterke opplevingar.
– Det var veldig heftig, så det vil eg nok alltid bere med meg. Det var ikkje berre det du såg, men det var så mange lydar, samstundes som det var stille. Og ikkje minst luktene og rørslene. Det kjem eg aldri til å gløyme, og eg håpar eg aldri opplever noko slikt igjen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Noko anna som sit sterkt hjå henne er blikka til ungane.
– Dei var så tomme, seier ho.
Heldigvis såg dei også ungar som leika, song og lo. Ho fortel at det hendte ungane song og dansa og laga hjarte med hendene til dei, då dei sat på takterrassen på kvelden.
– Det var rørande.
Britt seier møta med menneska gjer noko med ein.
– Dei er veldig takksame, og når dei ser deg inn i auga og takkar deg, så er det veldig, veldig sterkt.
Vidare fortel ho at dei ikkje fekk lov til å bevege seg utanfor sjukehusområdet eller der dei budde, men at dei likevel såg mykje av krigens herjingar då dei reiste inn og ut av Gaza.
– Øydeleggingane er heilt enorme, det er ubeskriveleg. Det er eit omfang som er vanskeleg å fatte.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho synest det er trist å tenke på kva som ventar den yngre generasjonen framover.
– Det er veldig, veldig øydelagt. Og når dette ein gong tar slutt, vil det ta lang tid å bygge opp igjen.
Kontrastfylt
Britt fortel at dei såg og høyrde bomber kvar einaste dag.
– Det var så absurd å sjå bombene på eine sida, og sjå den finaste solnedgangen du kan tenke deg på andre sida. Og med flyktningtelt rundt heile. Dei kontrastane er heilt enorme.
Var du redd?
– Eg var eigentleg ikkje redd då eg var inne i Gaza, men eg kunne kjenne på ein del ubehag. Det er ubehageleg å høyre bomber og skyting og kjenne krutlukt, men eg følte aldri at me var i fare.
Både reisa til og frå Gaza, og den korte køyreturen på nokre kilometer frå der dei budde til feltsjukehuset blei gjort i pansra bilar, og dei måtte ha på seg hjelm og skotsikre vestar.
Raude Kross-komiteen, ICRC, har mandat til å jobbe i krig og konfliktområde og har ansvaret for tryggleiken.
– Eg visste at tryggleiken var varetatt og at dei heile tida gjorde ting for å betre den, seier ho.
Har du lært noko om deg sjølv?
– Absolutt. Eg har lært at eg toler meir og tør meir enn eg trur. Eg ser eigentleg på meg sjølv som ei pyse. Det er mange ting eg ikkje tør, så det er godt å kjenne på at dette får eg til.
Kan du tenke deg å reise ned igjen?
– Ja, absolutt. Eg har veldig lyst til å ned igjen, så eg håpar eg får sjansen igjen.
Vil gje eit inntrykk av korleis det var
Britt er tydeleg på at det er viktig å støtte organisasjonar som Raude Kross, slik at dei kan halde fram arbeidet sitt.
– Det er så prekære behov og det er så mykje bra som blir gjort. Og det vil vere behov i uoverskodeleg framtid.
Ho meiner ein ikkje må bli blinde for det som skjer, berre fordi det ikkje har blitzlyset på seg akkurat no.
– Det er ikkje rolegare i Gaza, sjølv om det står mindre om det i media akkurat no, understrekar ho.
Seinare i november skal Britt halde foredrag på Raude Kross-huset i Seljord og fortelje om erfaringane frå Gaza. Ho håpar det kan gje eit inntrykk av det er behov for at ein hjelper og at ein må bidra utover nære, eigne grenser.
Britt seier det er viktig for henne å fortelje om tinga ho har sett og opplevd, og meiner det er eit oppdrag i forlenginga av det eigentlege oppdraget.
– Eg vil gje dei eit inntrykk av korleis det var å vere så tett på folka der nede, og bringe det litt nærare, avsluttar ho.