Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland er på farten att – både på ny langspelar og ny, lang turné, ti år etter første gong. Foto: Gitte Johannessen / NTB / NPK

Odd og Ingebjørg fór til Irland for å finne tonen saman på ny

Ti år etter at Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland la ut på sin feira «Heimafrå»-turné med utrulege 134 konsertar, er dei klare til å ta landevegen fatt saman på ny.

– Plutseleg vart det mykje jobb, konstaterer Odd Nordstoga om dei førebels 82 konsertdatoane som skal føre han og Ingebjørg Bratland over heile landet i månadene framover, berre med pause i desember.

– Vi sette nok ein standard i 2013, då vi gjorde 134 konsertar. Vi har vorte ti år eldre, så det er lov å trappe ned litt, ler Ingebjørg.

Artikkelen held fram under annonsen.

I ei boble

Å vere så lenge på turné samanliknar Nordstoga med å vere i ei boble.

– Som å entre eit anna rom i tilværet, og så kjem du ut ein annan stad ein gong i framtida! Eit tilvære der du får ein plan over dagen kvar morgon og ikkje treng å tenkje på noko. Det er eit enkelt tilvære, der det einaste du er redd for er å bli sjuk.

Ingebjørg Bratland set fram ein knytt neve og foreslår at dei herved lanserer det ho kallar «supermannhelsing».

– Vi må styre unna klemming! seier Ingebjørg Bratland, som har trua på å drikke mykje vatn og få nok søvn – men muntert erklærer store, hals- og stemmebandvarmande skjerf og te å vere «tull».

Dei lovar at det blir songar både frå sitt første samarbeid, 2013-plata «Heimafrå» som baud på ei samling viser frå folkemusikktradisjonen, og den nye – som har fått tittelen «Langt heimafrå».

Til Irland

Men dei som vil høyre om hylande griser vil nok bli skuffa, ifølgje Nordstoga. På denne turneen er det fellesstoffet som han og Bratland står for som er i søkjelyset.

– Det er litt irske viber på dei nye songane, for denne gongen har vi fleire nyskrivne låtar med, seier ho. For då Odd Nordstoga sa ja til Ingebjørg Bratlands forslag – at no burde dei gjere noko i lag igjen – så bestemde dei seg for å reise langt vestover for innspelinga.

– Vi kunne jo ikkje traske rundt i Oslo når vi skulle spele inn eit album som heiter «Langt heimafrå», spøkjer ho, medan han legg til at det er «betre å reise til Irland enn Sagene» då.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei landa ein stad på den irske vestkysten, bygda Roundstone i Connemara. Der finst det mellom anna eit stort studio, bygde av «Riverdance»-komponist Bill Whelan, eit hotell med tre rom – og det dyktige musikarsøskenparet Séamus og Caoimhe Uí Fhlatharta. Som bidrog med irske fløyter, irsk harpe, bodhran, fele og song – både på norsk, takk vere lydskrift, og gælisk.

Var skeptisk

– Eg er eigentleg litt skeptisk til å reise bort, medgir Odd Nordstoga, men må medgi at «det viste seg å vere inspirerande». Som han uttalar i presseskrivet: «Det blei ikkje feil å legge til ein dåm av salt hav og vide horisontar til ein klukkande fjellbekk frå Telemark».

Nordstoga hadde tanken på det irske klingande i bakhovudet allereie då han laga musikken heime i Oslo. Og røper at han var med i eit irsk band då han var 20.

– Vi spelte på irsk pub i Oslo! Eg høyrde mykje på The Waterboys' irske plater, og bandet heitte Has Anybody Here Seen Hank, etter ein av låtane deira.

Ingebjørg Bratland kan høgne med at ho faktisk har turnert i Irland – som 11-12-åring saman med foreldra og søstera som spelte tinnfløyte. Det var der ho fekk den irske visa «Evelyn Marie», som er å høyre på det nye albumet – elles første gong ho syng på engelsk på plate.

– Vi hadde halde konsert i landsbyen som fiskeskøyta Evelyn Marie gjekk ned utanfor, med seks mann om bord. Ei dame skribla denne tradisjonssongen ned til meg som takk, det er jo slik munnleg overlevering vi har her heime òg.

– Var blygt

Odd Nordstoga funderer litt over likskapane mellom folkemusikk i ulike land, og korleis dei «treffer på ein annan stad ein annan musikk».

– Dei har noko til felles, også ein lik syngjestil.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var nettopp frå folkemusikken at Ingebjørg Bratland kom frå for ti år sidan. Ho var den tidlegare kvedareleven til Nordstogas mor, og etter platedebuten i lag med Odd har det gått strake vegen oppover. Ikkje berre karrieremessig – men også i scenevantheit.

– Eg var meir blyg, ser eg på gamle klipp! Eg var 22 år og fekk lene meg på Odd. Alt var nytt, ler Bratland – som i dag hevdar ho er «brautande» og snakkar så mykje og gjerne at makkeren hevdar han «blir sliten».

– Ho er langt frå noka lærejente lengre. Og ho vorte livvakta mi, hevdar han. For Ingebjørg Bratland, blid som ho er, er også ein meister til å seie tydeleg «nei».

– Det er viktig. Eg skal i løpet av turneen lære Odd å seie meir nei. Han er så snill at han seier ja til altfor mykje. Det er nok derfor han blir sliten!

(©NPK)

Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland er på farten att – både på ny langspelar og ny, lang turné, ti år etter første gong. Foto: Gitte Johannessen / NTB / NPK
Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland er på farten att – både på ny langspelar og ny, lang turné, ti år etter første gong. Foto: Gitte Johannessen / NTB
Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland er på farten att – både på ny langspelar og ny, lang turné, ti år etter første gong. 12. november spelar dei i Operaen i Oslo. Foto: Gitte Johannessen / NTB / NPK