Bilinteressert: Oda har alltid vore bilinteressert. Dottera Åsa vil også gjerne prøve oldefars gamle bil.

Nå har Oda fått sviv på den gamle A-forden frå 1929

Den gamle A-forden hadde stått i ein garasje i 55 år då Oda Tveit fekk den i gåve av morfaren. Nå er bilen reparert og klar for skramletog.

Til 21-årsdagen i 2018 fekk Oda ei spesiell bursdagsgåve av morfaren Egil J. Tveit, ein gamal A-ford frå 1929. Bilen hadde Egil kjøpt i 1961, og bruka som russebil då han gjekk på Bø landsgymnas. Då var Egil 21 og bilen 32 år gamal. I 1963 blei bilen sett inn i ein garasje i Treungen. Der stod den i 55 år, før Egil bestemte seg for å gje den til barnebarnet Oda. Nå har bilen vore på reparasjon hos ein pensjonist i Skien og er klar for å ut på vegen.

A-ford: Oda Tveit har fått sviv på den gamle A-forden frå 1929.

Kjem ikkje så langt

Å køyre ein bil som er nesten hundre år, er ikkje som å køyre ein ny bil.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein må høyre og føle på bilen, seier Oda.

Ho har køyrd den fleire gonger nå, og begynner å få taket på det. I starten hoppa og small den, særleg i oppoverbakke. Etter litt øving går det betre. Ho har fått gode råd om korleis ho skal køyre bilen av Odd Rune Johansen, som er mekanikar og bilentusiast.

– Han er god til å forklare, seier Oda, som har erfart at det kan vere lurt å ha ein mekanikar tilgjengeleg når ho skal på køyretur med A-forden.

Gode hjelparar: Leif Kvås, Odd Rune Johansen og Åge Rønningen ser på motoren. Bjørn Kristian Aarak sit framme.

Då bilen kom tilbake til Treungen frå reparasjonen i Skien, og lokale bilinteresserte hadde sett over den, skulle ho prøve den ut på vegen. Fyrste turen gjekk rundt Heimdalsgrenda i Treungen. Der er det ikkje så mykje trafikk. På runde nummer to i grenda, såg dei ein mutter som låg i vegen, med ei lita oljestripe etter seg. Dei stoppa for å sjå om den kunne høyre til bilen. Og så ringde dei til Odd Rune. Han kom, kraup under bilen og fekk mutteren på plass igjen.

– Flaks at me fann ut av det, seier Oda.

Mutteren kom frå oljetanken. Ho er redd for at all olja kunne runne ut og at motoren kunne blitt øydelagt på fyrste turen om dei ikkje hadde blitt klar over det så tidleg.

– Då hadde me nok ikkje orka å stelle opp bilen igjen, seier ho.

Fann feilen: På fyrste turen datt det av ein mutter. Odd Rune kraup under bilen og fekk skrud den på igjen.

Det har vore eit poeng å behalde mest mogleg av det originale på forden, men bensintanken var så øydelagt at den er bytta ut. Og den nye tanken er liten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Så eg kjem ikkje så langt før eg må fylle på ny bensin, fortel bileigaren.

Ho håpar å få på den originale bensintanken etter kvart og kan også tenke seg ei ny kalesje. Elles vil ho behalde bilen slik den er.

Russetid i Bø i 1961: Egil J Tveit og kameratane frå gymnaset i Bø morar seg i A-forden.

Skal køyre i skramletoget

På morgonen 17. mai er det tradisjon å køyre skramletog i Treungen. Og i år har Oda fått tilbod om å køyre først i toget med A-forden. Ho trur ikkje bensintanken held til heile runden, så ho planlegg ein stopp på bensinstasjonen når toget køyrer til Haugsjåsund. Og sidan bilen er open må ho helst ha opphaldsvêr på turen. Men om bilen startar og vêret er fint blir Oda og A-forden å sjå i skramletoget på 17. mai i år.

Morfaren til Oda synest det er moro at den gamle russebilen hans er på vegen igjen, men han har ikkje prøvd bilen ennå.

– Han er på ferie, men skal få prøve bilen når han kjem heim, seier Oda.

Gøy å køyre: – Det er gøy å køyre bilen når ein har lært det, seier Oda Tveit. Her saman med dottera Åsa på 15 månader som er med på å køyre bilen ut av garasjen.