Frå venstre ved bordet: Ingrid Lauvstad, Kåre Barsgård (besøkjande), hjelpepleiar Yrgalem Weldemariam og Arne Listaul. Ståande bak: Forsongar Randi Nordskog.

Møtest til songstund på sjukeheimen

Annankvar torsdag møter ei friviljug gruppe kvinner opp på Nesbukti i Seljord for å syngje saman med pasientane ein times tid.

«Jo mere vi er sammen, jo gladere vi blir». «Syng, syng, syng og vær glad». «Sol ute, sol inne».

Desse tre songane innleia timen der pasientar, pårørande og representantar for den friviljuge songgruppa var samla i personalkantina på Nesbukti då lokalavisa var invitert for å omtale tiltaket.

Artikkelen held fram under annonsen.

Inspirert av Audun Myskja

Songgruppa blei etablert for nokre år sidan etter at fleire tilsette og friviljuge hadde vore på kurs hjå legen Audun Myskja. Han er fagrettleiar ved Nasjonalt kompetansesenter for kultur, helse og omsorg i opplæringsprogrammet «musikkbasert miljøbehandling», der song og musikk blir nytta som eit tiltak som stimulerer sansar, hindrar uro og fungerer som ein kommunikasjonskanal. Etter eit kurs med Myskja tok Margun Gimmestad initiativ til å etablere songgruppa.

– Kurset inspirerte både tilsette og friviljuge til å nytte song som eit «instrument» i eldreomsorga, fortel initiativtakaren.

Songgruppa: Tone Sem Hovda (t.v.), Reidun Høgetveit, Margun Gimmestad, Berta Aarhus Evensen og Randi Nordskog.

No var det klart for den fjerde songen. Ingen haust utan Aasmund Olavsson Vinjes «Tyteberet uppå tuva». Då Randi Nordskog drog i gang den kjende visa frå den norske songskatten, var det som om mange kring borda vakna opp. Augo glitra medan dei stemde i – mange utanboks:

Tyteberet

Tyteberet uppå tuva

voks utav ei liti von.

Skogen med si grøne huva

fostrar mang ein raudleitt son.

– --

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein gong seint um hausten lagde

liten svein til ber-skogs ut;

Raudt eg lyser, beret sagde,

kom åt meg, du vesle-gut.

– --

Her ifrå du må meg taka:

moge ber er utan ro.

Mal meg sundt, at du kan smaka

Artikkelen held fram under annonsen.

svaledrykken av mitt blod!

– --

Mognar du, so vil du beda

just den same bøn som eg.

Mogen mann det mest maa gleda,

burt for folk å gjeva seg.

– --

Forsamlinga dvela ikkje lenge med songane frå skulesongboka; den neste på repertoaret var «Stakkars store sterke karer» ein låt som ifylgje hitsnorge.no «The Monn Keys» gav ut i 1962. Deretter var det klart for litt aktivitet. Barnesongen «Jeg har ei gammal tante som heter Monica» fekk muffa til å svaie frå side til side.

Artikkelen held fram under annonsen.

Deklamering og slagerparade

97 år gamle Jon Storlid kan meir enn å delta i allsongen. Han er svært god til å deklamere dikt. Utan å ha manus å stø seg til, reiste han seg frå stolen og framførte mellom anna Jakob Sandes «Vesle Daniel skal ut i verda», eller «Då Daniel drog», som har sju vers.

Deklamerer: Jon Storlid (97 år) deklamerer dikt. Frå venstre: Tone Storlid, Laila Skindalen og Anne Asborg Tiseth.

Etter det såre diktet var forsongar Randi Nordskog igjen på banen, og gamle slagerar kom på rekkje og rad: «Piken i dalen», «Voi, voi», «Jeg vil ha en blå ballong» og «Nidelven stille og vakker du er» – bare avbrote av den humoristiske folkevisa «Den bakvende visa».

I tillegg til dei faste songstundene annankvar torsdag på Nesbukti, har medlemer av trivselsgruppa også aktivitetar på Steinmoen i Åmotsdal, rusleturar i Seljord, besøk i grillhytta som ligg ikkje langt frå sjukeheimen, i tillegg til at dei steiker og serverer vaflar i kantina på Nesbukti.

Margun Gimmestad fortel at gruppa, som nå tel kring tjue kvinner, blei etablert i 2022. På førespurnad informerer ho om at tiltaket blir finansiert ved 200 000 kroner i prosjektmidlar som gruppa har fått til disposisjon.

– Midlane blir mellom anna bruka til kaker, pizza, underhaldarar og uflukter med buss, seier ho.

Kommunale aktivitetar

Dei friviljuge er også med og hjelper til ved større arrangement som Seljord kommune skipar til; som til dømes ein grillfest om sommaren og adventsfest før jol. Dei har også konsertar – av artistar som har spela på Nesbukti nemner Monica Wiik Braaten, som er helsefagarbeidar med ansvar for aktivitetar, både Tore Halvorsen i Ole Ivars og Sputnik.

Sjuke: Helsefagarbeidar Monica Wiik Braaten (ståande) og einingsleiar Kristin Åmot fortel at pasientgruppa nå er mykje dårlegare enn for bare nokre år sidan.

Avdelingsleiar Kristin Åmot fortel at pasientgruppa nå er mykje dårlegare enn for nokre år sidan.

– Folk er veldig sjuke når dei får plass her, minner ho om.

Artikkelen held fram under annonsen.

Av aktivitetar elles nemner dei at presten og diakonen, saman har andakt annankvar veke. Då er også organisten med, fortel Åmot.

Medan representanten for lokalavisa er i ferd med å forlate songtime-lokalet, byrjar ein taktfast lyd frå golvet å stige opp. Femti føter, om ein reknar to kvar, trampar i takt til slageren frå 1950-talet «Den glade vandrer». Falleri, fallera.

Sjukeheimen: Nesbukti sett frå vass-sida, der skulpturen «Dronning» av Ellen Grøstad Barstad er plassert.