Livsglededagen: Kevin Sanden Åsheim får ein humpetittentur på rullatoren til Sigrid Træi.

Møte mellom generasjonar: – Er det eit sverd du har kring halsen?

Spørsmålet kjem frå tre år gamle Kevin, som et lunsj utanfor Norheimstunet i Haukeli saman med resten av gjengen frå Edland barnehage. Han skulle nett til å starte på skive nummer to med kalkunpølse då Sigrid Træi kom ruslande forbi, og det turkise smykket hennar fanga interessa hans.

– Nei, det er slikt ein bruker i gravferder, seier Isabell (5), også ho med ei brødskive i handa.

– Ein spade, meiner du? spør venninna, Mari (4).

Artikkelen held fram under annonsen.

Auget som ser: Sigrid Træi trudde ikkje det var eit sverd ho hadde hengt kring halsen.

Men Kevin har allereie oppdaga noko nytt.

– Er det der bremsen? lurar han på, og peikar på ein spak på sida av rullatoren til Sigrid.

– Ja. Vil du sitje på, kanskje? ler Sigrid. Kevin klatrar ombord på setet, etter fyrst å ha undersøkt det hemmelege rommet under, Sigrid set i gang å rugge og riste på rullatoren medan ho syng muntert «humpetitten, humpetatten, humpetittenteia...».

Medan Kevin køyrer rullator tek Isabell og Mari til å studere dei raudmåla bygningane som ligg rundt den hellelagde plassen.

– Kva er eigentleg alle desse husa til, undrar Isabell.

– Kanskje det bur gamlingar der, føreslår Mari.

Kevin har hoppa av rullatoren, og Sigrid rullar eit par meter vidare før ho tilbyr skyss til eit nytt barn. Augo til Kevin er retta mot inngangsdøra. Han har planen klar.

– Når eg kjem inn skal eg gje mamma ein kos, slår han fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brødposar og påleggsesker vert pakka saman, og barnehagen stiller opp framom inngangsdøra. Av med refleksvesten frå gåturen, på med gule livsglede-t-skjorter. Nokre har funne løvetann på ei plenstripe langs ein husvegg, og kjem springande med knallgule bukettar i hendene.

Møte mellom generasjonar: Dei fleste har gått inn, men Sigrid har framleis ein passasjer på rullatoren. Inne i daglegstova vinkar Tulla Tjønn til dei små.

Livsgledebarnehage

I daglegstova sit dei fleste bebuarane på Norheimstunet, og også nokre som har kome innom på besøk. Ungane strøymer inn, delar ut blomar, og set i gang med å utforske omgjevnadane.

Gledesspreiar: Rahmna Ndakurwa gjev ein blom til hjelpepleiar Tone Lien.

Ein heil flokk samlar seg kring den største attraksjonen – ein rosemåla rokk som får svive meir på ti minutt enn den har gjort på all den tid. To set seg ved pianoet og klimprar nokre tonar. Tre har funne ein mekanisk katt som mel og strekker seg når han får kos.

Kø ved rokken: alt som snurrar er moro, og det vart kø ved den rosemåla rokken i stova på Norheimstunet. Amira Watanyar vurderer om ho heller skal bort til katten.
Mammakos: Kevin Sanden Åsheim finn raskt fram til mamma, som er på jobb på Norheimstunet.

– Det blir livat her no ei beite. Men her er så stille og roleg her til vanleg, så dette er berre moro, smiler bebuar Sara Kaasa.

Men besøket på Norheimstunet handlar om meir enn å berre kikke innom og utforske.

– Me er ein livsgledebarnehage, forklarar barnehagelærar Evelyn Vaa Tverrås.

Barnehagar kan besøke eldre utan å vere ein livsgledebarnehage, men dei tilsette i Edland barnehage opplever at opplegget gjer det enklare.

– Me får inspirasjon til å finne på aktivitetar, som å synge, bake bollar og dele ut, eller spele spel, fortel Tverrås.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og det er heilt rørande å sjå kva det gjer med ungane å få glede andre, legg kollegaen hennar, Camilla Wåla Høyland til.

– Det gjer så mykje for både ungane og dei eldre. Det er heilt fantastisk.

– Viss slike opplegg held fram, så er det berre å gle seg til å bli gamal, smiler Tverrås.

Livsgledebarnehage

Livsgledebarnehage er eit konsept som eigast og drivast av «Livsglede for Eldre», som jobbar for at alle eldre skal ha ein god og meiningsfull kvardag.

Ein livsgledebarnehage er med på å skape glade og meiningsfulle dagar for eldre i sitt nærmiljø. Dette gjør dei ved jamleg å dra på besøk til sjukeheim, omsorgsbustadar eller dagsenter. Barna og dei eldre gjer felles aktivitetar saman, og får oppleve at dei er betydningsfulle og til glede for kvarandre.

Besøka kan forankrast i barnehagens rammeplan, og ordninga er open for alle barnehagar.

Kjelde: https://livsgledeforeldre.no/livsgledebarnehage/

Blomstereng på glasruta

Dei to barnehagelærarane tek fram fargerike måleri som ungane har laga på førehand, og dei små spring på raske føter for å dele ut. Snart ligg det eit måleri på bordet framom kvar av dei eldre. Deretter kjem farga papir og blyantar fram.

– Kva er yndligsfargen din, Tulla, spør Tverrås.

– Blå, svarar Tulla Tjønn, som sit ved eit langbord i eine enden av stova. Tverrås legg fram eit blått ark og plasserer handa til Tulla på arket. Opp på stolen attmed henne klatrar Kevin, som har delt ut kos til mamma og no er klar for teikneoppdrag.

– Du må samle fingrane slik, og ha tommelen litt ut, instruerer han. Så teiknar han omrisset av Tulla si hand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blå blom: Kevin Sanden Åsheim teiknar kring neven til Tulla Tjønn. Ho har også fått eit fargerikt måleri som ho kan pynte med.

I andre enden av rommet sit Bjørg Haukelidsæter med handa på eit anna blått ark. Tippoldebarnet hennar, Magnar, er i full gang med å teikne rundt, og når han er ferdig ser han forventningsfullt opp. Bjørg løfter handa og kikkar.

– Oi, den var stor, ler ho.

Familieblom: Magnar Hagen Bertheussen teiknar handa til tippoldemor Bjørg Haukelidsæter.
God hand: Det er fint å halde litt i handa til tippoldemor også, synest Magnar. Og det synest tippoldemor også.
Møte mellom generasjonar: Bjørg held i handa til tippoldebarnet sitt.

Ein etter ein vert dei store, rynkete nevane teikna av små, mjuke barnehender. Barnehagelærarane klipper ut og tek fram teip. Snart er det ei lang rekke hand-blomar bortetter glasruta i stova.

– Kom når de vil

Dei gule t-skjortene myldrar mot utgangsdøra og begynnar å dra på seg jakker og sko.

– Tusen takk for besøket, seier hjelpepleiar Tone Lie til den livate flokken.

– De må berre koma og ete maten dykkar her når de vil. De treng ikkje å avtale noko, det er berre kosleg.

Gjennom glasruta med alle papirblomane kan ein sjå ungane koma springande og hoppande ut att på den hellelagde plassen. Inne senkar roa seg, men energien frå besøket vert spegla i augo til bebuarane som sit att. Sara kikkar ut på dei små frå stolen sin ved langbordet, og smiler fornøgd.

– Dei treng nokre småungar, desse gamlingane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Livsglededagen: Rahmna Ndakurwa viser kva for blom ho har laga, medan Sara Kaasa følgjer med frå innsida. Datoen er den 24. mai, og dette er sjølve livsglededagen til stiftinga «livsglede for eldre».