Deler minne: Birgit og Aslak hugsar svært godt båe to, og har mange gode minne å dele.

Minne frå somrane på staulen før krigen

Birgit Andersen (102), den gong Finnkåsi, var 16 år fyrste sommaren ho arbeidde på Bøstaul i Øyfjell for familien Aabø frå Kviteseid. Aslak Aa. Aabø (92) hadde då ikkje byrja på skulen, men minnest tida vel.

– Mange gonger når eg strevar med svevnen, då tenkjer eg på den senga i ystehuset på Bøstaul – så godt som eg sov. Og geitene gjekk rundt – det var som det skulle vera, det, seier Birgit om nettene på staulen. Dette tenkjer ho på når ho ligg på rommet sitt på helsesenteret på Dalen og ikkje får sova.

– Ja, geitene gjekk rundt, veit du, og bjøllene høyrde ein heile tida. Det var veldig triveleg, skyt Aslak inn.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Så godt som eg sov der, minnest 102-åringen, som sat på staulen Bøstaul somrane 1938 og 1939.

Mange folk og dyr

Birgit minnest ei helg far til Aslak kom til staulen saman med to jenter. Då blei dei til saman ni personar som overnatta. To låg i senga i ystehuset, medan resten låg inne i selet, saman med Aabø-familien som då talde to vaksne og fire ungar.

– Det var som det skulle vera, det, kommenterer Birgit.

Ho fortel at det var tre senger der, inkludert ein karm som blei dregen ut.

På Bøstaul var det eit ystehus, ei bordsjappe med ei seng og to kjeleringar. I det eittroms selet var ein peis, ei skive, to noko breie senger og ein skuff til dra ut under den eine senga, og krakkar til å sitje på. I fjøset var det båsplass til 16 kyr, og i eit mindre fjøs var det plass til 8.

– Når det var regnvêr låg geitene i midtgangen i det store fjøset, elles var dei ute, fortel Aslak.

Sundagskonsert: Heile familien Aabø samla ein sundag. Dei to gutane til høgre er småbrørne til Aslak, Talleiv sit på fanget til Hallvard. Systera til Aslak Imma (Ingebjørg), mor Anne og Birgit. Aslak sit saman med Jon Djuve som hadde kome på besøk og heldt sundagskonsert med sin reisegrammofon.

Me spør Birgit om ho kjem i hug fyrste gongen ho såg Aslak?

– Ja, då var han nok ikkje så store karen. Det var lenge før han byrja i skulen, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aslak meiner det var på Hosum i Dalane, der Birgit og foreldra budde mykje av oppveksten hennar.

Birgit fortel at ho då hadde vore borte og tent om vinteren, og at ho hadde treft Anne, mor til Aslak, og hadde bestemt at ho skulle vera med på heia; altså på staulen i Øyfjell.

– Då sat eg på Listaul (gardsbruket som seinare blei kalla Lieng) og sauma klede for dykk ungane – det var sommarklede, fortel ho til den no 92 år gamle gutungen.

Mimrar: – Ja, det er mange gode minne ein har, seier Birgit med varme i stemma.

Eksporterte smør og ost til Skien

Dei to er tilbake på Bøstaul i minnet, og byrjar å snakke om all osten som blei transportert med hest og slede frå staulen og ned til vegen ved Gjuve.

Birgit fortel at dei fekk store tredunkar frå Eek i Skien som dei la smøret i, og osten blei lagt i trekasser. Eit biprodukt var kvitost laga av skummamjølka. Den blei ikkje så mykje bruka, og blei ikkje selt til Skien.

– Me hadde med oss så mykje kvitost som me la frå oss på saga ved Dyrdal. Der henta Torgeir Lognvik på Rauland osten. Han dreiv med rev, og bruka osten til revemat, forklarar Birgit.

– Så når me var på bui, tok me med oss det me orka å bera av ost, legg ho til.

Leigekyr på beite

– Kor mykje dyr hadde de på staulen?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mor mi hadde med seg nokon og tjue geiter, og i fjøset var det 14–15 mjølkekyr, hugsar Aslak, medan Birgit legg til at det også var 8 kyr i eit anna, lite fjøs, der dei også hadde kalvane og kvigene.

– Me hadde leigekyr som var der på beite. Kyrne kom frå ulike plassar i Kviteseid. Dei hadde nokre kyr om vinteren, men hadde dårleg beite til dei om sommaren, forklarar Aslak, som hugsar at mor hans hadde veldig gode mjølkegeiter.

– Dei mjølka veldig mykje, seier han.

God produksjon: Birgit var 16 år fyrste sommaren ho var med på staulen. Ho var med somrane 1938 og 1939. Her kjem ho ut med ein tokilos ost.

Då kjem Birgit på at to av geitene var veldig vanskelege å mjølke; dei ville ikkje stå stille. Her er det nok på tide å minne lesarane om at mjølkinga på det på denne tida berre gjekk føre seg med hand. Men dei aller fleste geitene var enkle å mjølke. All mjølkinga av geitene gjekk føre seg ute.

– Det er rart, men dei stilte seg opp innved oss då dei skulle mjølkast, seier Bergit.

Aslak fortel at også kyrne mjølka veldig bra då dei kom opp i det gode beitet.

– Og mjølka var heilt gul, skryter Aslak.

Birgit fortel at dei sende alt, både ost og smør, på bussen til Eek i Skien. Ho minnest ein gong far til Aslak, Tor, kom med trekoppar og papir til pakking og transport.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og så kom det ein rjupesekk, ein Bergans-meis, han var ikkje ny, men det var ein han hadde funne ein stad. Sekken var full av mat. Eg kjem ikkje i hug kva varer det var, men eg minnest det var ein kaffipose der, og det stod Eek festkaffi på posen, smiler ho.

Aslak forklarar at det var ei forretning i Skien som heitte Harald Eek, som tok imot alt dei produserte av smør og ost på staulen. Dette blei sendt på bussruta som gjekk mellom Rauland og Lårdal, og så blei produkta sende vidare frå Lårdal med båt til Skien.

Feitegraut på fire staular same dag

Sjølv om det for det meste var lange og slitsame dagar på staulen, hadde dei mykje moro også. Birgit fortel om ein gong då alle saman reiste, altså Anne og ungane, samt Birgit, til staulen Skinutli, så vidare til Smørli og så fór dei nord dalen til Brandkvålen.

– Der fekk me feitegraut. Så for me opp att ved Skinutli og over att til Bøstaul.

Dette får Aslak til å spørje Birgit om ho var med den sundagsturen då dei gjekk innom i alt fire staular. Og så fekk dei feitegraut på alle staulane!

– Ja, det er no så sant, ler Birgit ved minnet.

– Me enda på Klemmen. Me var så stor ein flokk som var på tur, så eg lurar på korleis i all verda dei hadde tallerkar og koppar til alle saman. Det har eg tenkt på, men har aldri kome det i hug, seier ho.

Det ho derimot kjem i hug, er at på Skinutli var det ein stor, fin emaljert kjele som blei sett på bordet. Det var ein stor kjele som såg så ny ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den ser eg føre meg endå, legg ho til.

Ofte om sundagane var dei rundt og besøkte einannan på staulane.

– Då tok dei litt fri – frå ysting og alt saman, presiserer Aslak.

Birgit minnest ikkje heilt korleis dei ordna seg desse «fridagane», men hugsar godt den gongen då dei hamna på Klemmen.

– Då blei me noko seine heim att om kvelden. Og då kom ikkje kyrne heim, heller. Dei hadde lagt seg. Men me fann dei og fekk dei heim att. Og i 12-tida om natta var me ferdige med mjølkinga, humrar ho.

Eit anna minne som dukkar fram er frå eit stemne på Kvambekk.

– Då reiste mor di dit, og ho hadde med seg ein ost, for det var utstilling også. Og den osten var mykje eten av, men han fekk andrepremie, sjølv om han var godt høvla på. Men fyrstepremieosten den var nesten oppeten, fortalde ho.

Godt å vera på Bøstaul for dyr og folk

– Ja, det er mange gode minne ein har, seier Birgit med varme i stemma.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aslak er heilt einig.

– Det var veldig godt å vera på Bøstaul.

– Ja visst var det så. Godt for kreturi også.

– Ja, og så lettvint det var med kreturi, legg Aslak til.

Det same med geitene.

– Dei reiste sjølve på skogen og kom heim att om kvelden. Det var aldri noko bry med dei, så langt Birgit minnest.

Bøstaul: Både Aslak Birgit minnast gode dagar på Bøstaul – både for folk og dyr.

Trass i idyll – Aslak minner om at det var harde dagar og mykje arbeid med ystinga.

– Ja, det var det nok, men det kjem eg ikkje i hug, seier Birgit, som tydeleg heller har samla på dei beste minna.

– Det var lange dagar – du var oppe i sjutida om morgonen, og var ikkje ferdig før i åtte-nitida om kvelden, minner Aslak om.

Birgit tenkjer på dei fire Aabø-ungane, altså Aslak og syskena, som var eismale inne. Desse fire var, forutan Aslak, Ingebjørg (1927–1998), Hallvard (1929–2017) og Talleiv (1932–2015). Yngstemann Magne var ikkje fødd ennå då Birgit sat på Bøstaul.

– Mor dykkar var liksom ikkje redd for dykk. Hadde det vore i dag ... Med fire viltre ungar. Men de var liksom så rolege, seier Birgit til «gutungen» ho har besøk av på rommet sitt på Tokke helsesenter.

– Men me farta nå mykje i skogen og gjekk oppi fjella, seier Aslak.

Gjætte de?

– Nei, me gjætte ikkje. Men somtid måtte me av garde og hente kyrne om kvelden. Det same med geitene. Men stort sett kom dei heim av seg sjølve.

– Ja, det var lite arbeid med dei, slik sett, skyt Birgit inn.

Ho fortel at geitene låg kring husa om natta.

– Det var som det skulle vera det. Det forstyrra ingen ting, seier Birgit.

– Ja, geitene er snille dyr, det, repliserer Aslak.

Frå venstre: Talleiv, Aslak og Hallvard. Biletet er teke i 1940. Aabø-familien sat på Bøstaul til 1946 – det var siste året. Fotoet tilhøyrer Kviteseid historielag.

Birgit fortel at Bøstaul var ein veldig stor staule, med stort og godt beite. Foreldra til Aslak leigde denne staulen, som høyrde til Dyrdal. Staulen har namnet sitt etter at bøheringar frå gamalt av hadde denne staulen.

Gutungane på Bøstaul var også av garde og fiska om kveldane; særleg Hallvard var ivrig.

– Eg var no ikkje så fælt ivrig til å fiske, eg, men mor mi ville ikkje at Hallvard skulle reise åleine, så måtte eg fylgje han. Eg måtte fiske eg òg, men eg fekk aldri fisk, seier Aslak.

Birgit minnest ungane balsa nedi bekken, demde opp og sleppte dammen.

– Eg kjem det så vel i hug; underhaldninga dykkar var å liggje og dable i den bekken.

Sovna: 7 år gamle Talleiv har sovna med kyrne. Fotoet tilhøyrer Kviteseid historielag.

Separere, kinne og yste

Dei byrjar å snakke om ystinga.

– Men det hugsar ikkje du som noko slit, Birgit?

– Å nei, nei. Det einaste eg kanskje kunne seie var eit slit, var når me måtte stampe primet. Men eg minnest ikkje det heller som noko slit, men det var i grunnen eit tungt arbeid.

– Og så var det å sita og røre i primgryta så det ikkje svidde seg. Då måtte ein passe på heile tida, minner Aslak om.

– Og fyra ein godt, blei ein fortare ferdig, legg han til.

– Kor lang tid kokar ein ystekjele før det er ferdig?

Dei kjem fram til at det vanlege var å halde på mellom fem og seks timar. Røre og røre og passe på og passe på så primet ikkje svir seg.

Dei to byrjar å snakke om kor mange staular som var i drift på denne tida, og kor godt beita blei utnytta. Slik var det den gongen ...

Dei fortel at vegen opp til Bøstaul var tung og bratt, og tok ein times tid å gå. Dei bar mykje brød opp, brød som dei kjøpte på ein av dei to butikkane i Øyfjell. For det var ikkje baking på staulen – der var ingen steikjeomn. All maten blei laga på gruva.

– Grauten blei koka på gruva. Me levde på graut, mykje, seier Aslak.

Dei tenkjer tilbake på arbeidet – å separere og å yste.

– Me sat og drog den separatoren. Og så var det å tak den frå kvarandre og vaske kula. Eg reiste ned i bekken og vaska. Kula måtte stadig vaskast. Det var mange småbitar som måtte takast frå kvarandre og setjast saman att, seier Aslak.

Og Birgit legg til: – Eg veit ikkje kor mange skåler det var, eg har aldri rekna.

Med så mange som 16 mjølkekyr blei det mykje mjølk som skulle separerast; altså å skilje fløyten frå mjølka.

– Kor lang tid tok separeringa?

– Ja, det blei sikkert timen og vel så det, er dei samde om. Det var så mykje mjølk at dei separerte både morgon og kveld. Og fløyten – den kinna dei smør av.

Birgit har lyst til å seie litt om stoda før og no.

– Under krigen, til dømes, dersom du hadde eit lite småbruk, så var du ikkje matlaus. Du hadde mjølk og smør og jordeple og grønsaker. Gris hadde dei òg. Så der har ein mist noko. No kan ikkje folk greie seg på eit småbruk. Ein hadde ikkje pengar når ein dreiv eit småbruk, men me hadde maten.

Farvel: Besøket er over og Aslak seier farvel til Birgit, som han fortel var så snill med henne desse somrane på staulen.