Nygifte: Me er veldig glade for at me kom til bygda, seier Viktoriia Ryzhenko (27) og Oleh Lishchuk (26). Like før jol gifta dei seg i Treungen.

– Me kan ikkje sette livet på pause. Me gjer det me kan for å skape oss eit liv her

I fjor flykta Viktoriia Ryzhenko og Oleh Lishchuk frå krigen i Ukraina. Like før jol gifta dei seg på kommunehuset i Treungen.

Det er vanleg med store bryllaup i Ukraina.

– Søstera mi hadde 300 gjester, fortel Oleh.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han ser bort på kona.

Det unge paret måtte reise frå alle dei kjente då dei i oktober i fjor flykta frå krigen i Ukraina.

Gifta seg

Like før jol via ordførar Ian Parry-Jones paret på kommunehuset i Treungen. Med på bryllaupsfesten var åtte nye vener dei har fått etter at dei kom til Treungen.

– Det var fint, seier brudeparet.

Med bryllaupsgjester: Viktoriia og Oleh saman med bryllaupsgjestene. Lengst til høgre står ordførar Ian Parry-Jones som via dei to. Etter vigselen hadde dei fest heime.

Å lage nye framtidsplanar har ikkje berre vore lett, men å sette seg ned å vente på at krigen skal ta slutt meiner dei er ein dårleg strategi.

– Me kan ikkje sette livet på pause. Me gjer det me kan for å skape oss eit liv her, seier Oleh.

Glade for å bu på bygda

Paret kom først til eit mottak på Kongsberg. Der var dei i ein månad.

– Så fekk me beskjed om at me skulle til Nissedal, fortel Viktoriia.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei googla Nissedal og fann ut at det var ein liten plass med få innbyggjarar. Og at skriftspråket var nynorsk. Akkurat dette med nynorsken frykta dei litt før dei kom, og det hender at dei strevar med å forstå dialekten.

Men at plassen er liten, meiner dei er ein fordel. Dei trur det er lettare å bli kjent.

— Folka her er snille og hjelpsame, seier Oleh

Han er sjølv oppvaksen på landsbygda, i ei bygd med 300 innbyggjarar.

– For meg er dette veldig likt, seier han.

Har fått seg jobb

Det unge paret har sidan dei kom til Noreg vore opptekne av å lære seg språket, og å kome seg i arbeid.

Viktoriia er utdanna lærar og har hatt språkpraksis på skulen. Nå har ho også fått seg ei lita stilling på skulen, der ho følgjer opp elevar frå Ukraina.

– Det er 11 ukrainske born på småskulen i Treungen. Eg har morsmålsundervisning for dei, fortel ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oleh starta opp med sin språkpraksis på den kommunale ungdomsklubben, og fekk etter ei stund fast jobb på klubben, som er open tre kveldar i veka. I tillegg er han badevakt i bassenget. Også Viktoriia har fått seg ekstrajobb på ungdomsklubben og i bassenget.

Oleh har mastergrad som dataingeniør frå Ukraina, og har også vore i praksis hos verksemda Multicom i Åmli.

– Og nå har eg akkurat fått beskjed om at eg har fått fast hundre prosent stilling der, seier han med eit smil.

Dei kom til Noreg med kvar sin ryggsekk med klede. Elles hadde dei ikkje med seg noko. Å få seg arbeid og inntekt er derfor kjærkome.

Ingen av dei har førarkort, men Oleh er godt i gang med køyreopplæring og håpar å få førarkort i løpet av vinteren.

Det er ein av skilnadane på dei to landa, fortel paret.

Det er ikkje så vanleg å ha bil og førarkort i Ukraina. Kollektivtilbodet er betre utbygd der.

Vil gjerne bli

Det siste året har vore travelt, med språkpraksis og vaksenopplæring. Nå er dei ferdige med introduksjonsprogrammet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kommunen har gjort mykje for oss. Me er veldige takksame, seier Viktoriia og Oleh.

Gjennom språkpraksis, skule og ungdomsklubb har dei fått seg eit nettverk.

– Me trivst godt her i Treungen. Om det let seg gjere vil me gjerne bli buande, seier dei to.

Ringar: Viktoriia og Oleh er klare for eit nytt år i Nissedal.