Der ingen skulle tru: I Urdalen budde det på ei tid 14 menneske og det er så bratt at ungane måtte bli tjora fast, så dei ikkje rausa utfor.

Me har gått i Åse Stålekleiv sine fotefar, vandra ned gjennom Urdalen og stått på kanten av Riarhammaren og sett utover Dalen.

Opp frå Eidsborg går Lårdalstigen. Stikk du av derifrå, omtrent ved Sud-Rue, og går rett oppover, kjem du til Stålekleiv. Der regjerte Åse Stålekleiv på slutten av 1100-talet.

Ho var så rik at ho eigde heile bygda. På den andre sida av Dalen, i Skafså, herska systera hennar, Gullborg. Dei to krangla om kvar grensa mellom dei to gardane skulle gå.

«Aase sill vera som ein Neskonge, ho og budde på Stålekleiv i Su-kanten av Eidsborg. Det er noko høgt og sjålegt, især er utsikta god på su- og vesstida», skreiv Jaran Reflebrekk i Fedraheimen Laurdag den 10. januar 1880. Magne Ljosdal er kjentmann for Anne Gundersen frå Vest-Telemark museum og underteikna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utan mat og drikke: Magne Ljosdal og Anne Gundersen fann ein trygg plass å ete, sjølv i Urdalen.

Søstermarihand

Det er rett før me trer inn i sommarmånaden juni. Me har gått nokre hundremeter på Lårdalstigen og kome fram til Sud-Rue. Moder natur er nok ein gong i ferd med å kle seg i alle fargane me har sakna gjennom vinteren. Ein fugleflokk lettar i den livgjevande vårsola.

– Søstermarihand, seier Anne Gundersen og viser meg den gjennomskinnelege gule fylkesblomen til Telemark.

– Ein orkidé, forklarar ho og legg ut om Flekkmarihand og Engmarihand. Det første teiknet på korleis faunaen er forskjellig i Eidsborg og på Seljordshei. Her er det ikkje mykje lyng å spore.

Reflebrekk

Magne Ljosdal, lokalhistorikar og altmoglegmann for Vest-Telemark museum går framom. Anne Gundersen, leiar for publikumsavdelinga på Vest-Telemark museum og eg følgjer på. Me skal gå i Åse Stålekleiv sine fotefar.

Magne har insistert på at eg burde lese Jaran Reflebrekk sin versjon av soga om korleis Dalen kom til å høyre til Eidsborg. Reflebrekk var både bygdediktar og ordførar i Lårdal, og hadde historia på trykk i Fremtiden 10. januar 1880.

Eg har stava meg gjennom gotisk avistrykk så godt eg kan, og er spent og ivrig der me tråkkar av garde. Korleis kan det ha vore å leve i disse bakkane for 800-900 år sidan? Eg ser for meg kyr og innhausting, folk i arbeid og leik, somrane i solskin og vintrane framom elden. På denne tida levde det kanskje 350 000 menneske i Noreg, før svartedauden som kom eit par hundre år seinare og tok med seg meir enn halvparten.

Sønene og buret

Oppe i Eidsborg, på museumstunet står Stålekleivloftet også kalla både Lofthusloftet og Vindlausloftet. Dette loftet er den eldste ikkje-kyrkjelege trebygningen me kjenner til her i landet. Det skal ha vore Åse Stålekleiv sitt loft.

«Ho skal ha hatt svært sterke søner, ho Åse, og det er dei, som skal ha bore veggjerne til Vindlausloftet ut av skogen og bruka dei til Hjuringstavar», skriv Reflebrekk. Då dei tre gutane hadde henta heim mange nok stokkar, eller veggjar, bygde dei buret for mor si der garden Lofthus vaks fram, rett aust for Eidsborgtjønni. På buret står det rissa med runeskrift: Desse runer riste Vestein. Heil den som riste og likeins den som rår (les) runene» og skal vere frå rundt 1170 ev.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er eit stort bur, og det måtte vere stort, for det var der Åse lagra linet sitt, fortel Anne. Og Åse hadde så mykje lin at ho trengde heile Edsborgtjønni for å bløyte det.

– Og Eidsborgtjønni heiter eigentleg Fådåpen. Å bløytte lin heiter å få, legg Magne til.

Stålekleivloftet: Sønene til Åse skal ha bygd dette då dei var svært unge. Det blir rekna for å vere den eldste ikkje-kyrkjelege trebygningen i Noreg, frå om lag år 1170 og står på museet i Eidsborg.

Henget

Me har så vidt byrja på turen. Me har nytt utsikta frå Sud-Rue, undra oss over høgspentleidninga som går over der, og snakka om Lårdalstigen som strekkjer seg 11-12 kilometer mellom Eidsborg og Lårdal, då Magne gjer oss merksam på at me har to val.

– Stålekleiv ligg oppå der, seier han og peikar rett oppover i skogen.

– Lårdalstigen går utigjennom lia der og me kjem ned att på den, men det er så langt å gå, det er ein omveg. Oppover her er det greitt å gå, sjølv om det er ei heftig kneik på siste biten.

Anne er ikkje redd for motbakkar, og eg vil ikkje vere dårlegare. Ormeblad kryp opp gjennom skogsbotnen og minner om kobraer klare til hogg. Blåbærlyngen lovar ein god haust. Me er på stilaus hei.

– Har du funne gamal veg oppi her eller er her ikkje, spør Anne.

– Her er ikkje. Den gamle vegen gjekk mellom Stålekleiv og Myklejord. Stålekleiv-området gjeng heilt fram på kanten der.

Artikkelen held fram under annonsen.

Magne spring opp siste kleiva med hendene i lommene, Anne etter. Eg grip etter greiner og anna som kan hjelpe meg opp. Me har bikka kanten og er oppe på jorda til Åse Stålekleiv. Rydningsrøysene er så store at dei kunne vore gravrøyser og jordlappane strekk seg utover og lagar eit lappeteppemønster mellom røysene.

– Det var god storleik på Stålekleiv. Dette var ikkje nokon husmannsplass. Ho var den rikaste i bygda, veit de, minner Magne oss om.

Eg rekk så vidt å tenkje at i desse bakkane bygde Åse Stålekleiv soga om seg sjølv før Anne bryt ut sitt:

– Det her har ikkje vår herre laga.

– Nei det er ikkje vår herre, svarar Magne.

– Det her er rugåkeren til Åse. Han slår ut med armane mot ein grasvoll.

– At det er så store røyser, fortel at her har det budd folk og dei har budd her over lang tid au. Dette er ikkje ein støyl dette er ikkje ein støylsvold, seier Magne. Dei rydda ikkje slik der. Her har det budd folk over ein lang periode.

Spor etter liv

Dette er noko av det Magne Ljosdal likar best. Han seier sjølv at mytar ikkje interesserer han noko særleg, men spor etter menneskehand derimot, det veit han å setje pris på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om Åse har eksistert er ikkje viktig for han, men at det har budd folk på Stålekleiv frå før svartedauden, det er spennande. I tillegg til husmannsplassar og anna moro ein kan finne om ein leitar og veit kva ein ser etter.

Og på Stålekleiv, der er det altså spor. Av det slaget som ikkje er laga av vår herre.

Mærdalstjønni: Under tre av torvtuene skal skatten til Åse ligge i form av tre bøtter med pengar.

Stutane og Stavlihei

Åse Stålekleiv, skriv Reflebrekk, hadde sterke søner, men ho ville finne ut korleis dei kunne bli sterkare. «Ho sill vera svær til å ale opp gilde kalvar, Åse. Ein gong ha ho lagt på tre stutekalvar», skriv han.

Desse tre kalvane blei, alt etter som ein ser det, prøvekaninane eller forsøksobjekta hennar, då ho ville finne ut kvar for slags fór som gav mest styrke.

Den eine kalven fekk saup og blei kalla «Soupstuten», den andre fekk nymjølka mjølk og fekk namnet «Nymjokkstuten». Den tredje, «Grjonstuten», fekk – ja – grjon, altså rug og kveite og anna mjøl. Då stutekalvane hadde blitt store, køyrde ho steinlass med dei for å finne ut kven av dei som var blitt sterkast.

«Soupstuten var den veikaste. Han trøtna på «Soupstøylbrekka», der Stavliheii tek til. Nymjokkstuten kom eit godt børseskot lengre, og Grjonstuten eit lite stykkje til», skriv Reflebrekk. Det blei sett opp tre steinar til minne om denne styrkeprøva, og to av dei kan ein framleis sjå oppe på Stavlihei.

Tunet

Me vandrar over åkerlappane til Åse. Her skal ho hatt husdyrhald, her skal ho ha dyrka rug og lin, her herska ho over verda si. Mykje er attgrodd og i eit lite holt i utkanten av ein av jordlappane, stoppar Anne.

– Er dette ein gamal grunnmur, eller er det ei røys til? spør ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Her he stae hus, svarar Magne.

Litt bortanfor viser Magne oss dei nedgrodde murane til endå eit hus, større enn det første. Eg spør Magne om han har noko aning om kor gamalt det kan vere.

– Å aldersbestemme det er veldig vanskeleg. Desse som har gått veldig mange år på universitetet, seier at skal me tilbake til folkevandringstida, til rundt 400-800 år etter kristus. Då hadde det blitt ganske mykje folk i landet, og det stemmer nok, for eg har vore på slike stader der ein ser at her har det stått hus, og det ein ser, er ei flate, heilt flatt og heilt firkanta og dobbelt så stort som dette her. Buplassar frå før svartedauden.

– Meir lik langhus?

– Ja, som stolpehus. Eit hus med mange funksjonar. Dette her har vore stort, men her er det også to. Dette er dei to eg har funne.

Me ser etter fyringsstaden, men på den tida det stod hus her, hadde dei enno ikkje begynt å byggje piper. På den tida gjekk røyken ut gjennom eit hol i taket. Ei stor helle kan ha vore dørhella, men det er vanskeleg å vite.

– Kanskje det ligg ein gud under her? Spør eg?

– Eller ein daud ein, svarar Magne.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eller ein steingud.

– Men kjellar, det ser eg ikkje, seier Anne.

– Det er fordi dei ikkje byrja med kjellarar før på 1800-talet. Og det som er revolusjonen er at jordepla kjem. Då dei byrja å dyrke jordeple, då måtte dei ha kjellar, og ikkje berre på husmannsplassane, på gardane også, forklarar Magne.

Ingen jordeplekjellar på Åse si tid, altså, men kvifor var ho var villig til å slåst med søstera si om Tokkedalen og Tokkeelva, som me i dag kjenner som Dalen og Tokkeåi? Kyrkje har det aldri vore der nede. Ho må ha eigd veldig langt nedover, sidan dei slåst om kven som skulle ha Dalen.

– Om ein skal tru på det som er skrive, seier Magne.

– Så stod ho her og såg over til Kleivi, der systera hennar budde. Du ser ikkje Kleivi no, men Brokka. Der budde Gullborg og ho eigde alt du ser på andre sida, seier Magne som vil at me skal gå vidare.

Me skal bortover til Lårdalstigen og derifrå følgje ei traktorslepe opp til Mærdalstjønni.

– Og så går me ned Urdalen og kjem attende til Sud-Rue, der me starta.

Mærdalstjønni

Langt om lenge opnar det seg ei tjern i syninga. Mærdalstjønni. Ei sølvblank tjørn med torvtuer på, ligg slik berre slike tjern kan ligge, midt inne i skogen. Her skal Åse ha gøymt skatten sin, tre bøtter med pengar under tre torvtuer. Om det var før eller etter det store slaget om Dalen, er det ingen som veit. I Landstad sin versjon av soga skal ho ha gøymt skattane i bekken bak husa sine. Ingen har funne dei, men Magne utfordrar på skattejakt. Kan me finne dei tre bøttene med pengar under tre av tuene? Elle melle …

Me er nok ikkje så glade i kaldt tjønnvatn som me er i motbakkar, korkje Anne eller eg, så me går heller rundt og kjem til staden der Åse skal ha hatt kubjølleburet sitt. Ja, du las rett. Kubjølleburet. Ho hadde så mange kyr at ho hadde eit eige bur for bjøllene deira. Der skal ho også ha gøymt nøklane sine, ifølge Reflebrekk.

– Men det må du ikkje fortelje, humrar Magne.

Skogen står tett, stigen er lett å gå på, men eg har mista kjensla av kvar me er, kva for himmelretning me går i og eg byrjar å lure på om me skal ete snart. Som ein liten unge, du veit. Er me framme snart?

– Me går frampå fjellet heile vegen no. I retning Lårdal. Me skal ete når me kjem til Urdalen, får eg til trøyst.

Stavane: Ein kan framleis sjå eit par av stavane stutane til Åse trekte oppover heia og som har gjeve området namnet Stavlihei. Magne Ljosdal viser her staven der den sterkaste stuten måtte gje seg.

Urdalen

I Urdalen er det bratt. Me bikkar over kanten og byrjar nedstiginga. Hellinga i fjellet må vere minst 50 prosent, tenkjer eg og tar av meg dei progressive brillene mine. Magne seier at det er kleint her, at det er nokre lappar lengre bort, men at dei er små. Her er det attgrodde stiar og gjengrodde murar.

– Ja, det må eg seie, bryt Anne ut.

– Her er det ikkje noko problem med utsikta. Og fullt med Søstermarihand!

Bakken er gul, gjennomskinneleg gul av Søstermarihand som prøver å dekke heile bakken, men må finne seg i å dele med korngult fjorårsgras.

– No står du på ein høg husmur, seier Magne til meg.

– Og der har det vore kjellar, seier eg, fornøgd med at eg kan konstatere at busettinga her må ha vore etter 1800.

For å gjere ei alt lang historie litt kortare. Under folketeljinga i 1875 budde det 14 menneske i Urdalen, og det var så bratt at dei batt fast ungane sine for at dei ikkje skulle rause utfor og ned i Bandak. Øvre Urdal, Urdalskøsi og Nedre Urdal. Dei må ha levd i fattigdom me knapt kan førestille oss. Men me må vidare til Sud- Rue og så til Riarhammaren. Me må berre ete litt først.

– Men før me fer heilt ned, må du fortelje Elisabeth kva me ser der borte, seier Anne til Magne.

– Eg har ikkje peiling, svarar han.

– Jauda. Viss du fylgjer den første åskammen heilt frampå kanten der det går brått ned, og så gjeng du ned den første bratten rett ned, og nedanfor der er risen og gygri. Hadde me gått litt lenger hadde me sett dei godt mot himmelen, for dei er veldig spesielle formasjonar, seier Anne.

– Det taggete? spør eg.

– Det er to trollfigurar.

– Dei budde innpå heia her, Risen og Gygri, på ein plassen Juvstøyl. Ein dag Risen drog ut eit ærend, skulle Gygri vere heime og koke graut. Då Risen kom heim, fann han verken graut eller kokk. Gygri hadde reist utpå Bandaksfjellet på besøk. Risen blei sint og for etter kona si. Han fann henne utpå høgste stupet. Det blei eit slagsmål med både hårdraging og klyp som enda med at Gygri miste hovudet sitt. Risen kasta det over fjorden til Barskor etter at Gygri hadde slite manndommen av han.

– Den historia har ikkje eg høyrt.

– Den blir fortald når du kjem med båten. Då ser du dei veldig godt, seier Anne og så går me vidare nedover brattene, kjem oss til bilen og køyrer til Fireren, eit steinbrot ved Berge, litt høgare opp enn Rui, der Rui-jentene levde. Me skal til Riaarhammaren og slaget om Dalen.

Langt ned: Frå Ridarhammaren stuper bergveggen rett ned til Dalen, kommunesenteret i Tokke.

Slaget

Då Åse og Gullborg ikkje blei einige om kven som skulle ha Dalen, eller kvar grensa mellom gardane deira skulle gå, bestemte dei seg for å ri om kapp heime ifrå på eit avtalt tidspunkt, og ho av dei som kom først til Dalen skulle eige Dalen.

Me parkerer ved Fireren, klatrar over nokre tonn med stein og finn stigen til Riarhammaren.

Her er det spor etter busetnad, gruvedrift og kraftverk og dambygging. Når ein kjem ned til kanten av berget, ser ein rett ned til Dalen, til kommunesenteret, til åi, til skular og helseheimar og heimar. Nedi der skal det vere ein gravhaug der sønene til Åse ligg.

Åse reid på stutane samen med sønene ned over hamaren, som derfor har fått namnet Ridarhamaren. Sønene slo seg i hel. Åse levde då ho kom ned.

«Det var lite med ho då ho kom nedpå, so ho ikkje orka seie meir, hell at deilda mellom Mo og Eidsborg sill gange i åi; å så kom ho jamvel i dauden i hug peningskrina sine og sa: «Nykjelen til skrini ligg i bjølleburet mitt». So døydde ho. Gullborg reid ned «Gulbjørstigen» i Skafsåbergi; Men ho slo seg også i hel, so ho ikkje kom til Dalen. – Slik sill det gange at Dalen kom til Eidsborg», avsluttar Reflebrekk historia si.

No er det ikkje berre Reflebrekk som har skrive om Åse Stålekleiv. Der skal vere fleire kjelder og ifølgje Rikard Berge, var soga om Åse Stålekleiv noko av det første folk i Tokkedalen fortalde «segnforvitne ferdafolk». Landstad skal ha fått fortalt soga i eit brev frå Lensmann Peder Mandt på Dalen datert 2. november 1848. Landstad og Reflebrekk sine versjonar skil seg frå kvarandre i korleis soga ender, og det er heilt klart at Ljosdal føretrekker Reflebrekk sin versjon. Historia om Åse Stålekleiv både av diktarpresten Landstad, Olea Crøger og andre på 1800-talet.

– Men Reflebrekk var eidsborging, og Reflebrekk ligg rett nedi her, så han kjende historia best, seier Magne og tar oss med til Stavlihei. Der viser han oss «Stavane» etter styrkeprøva til Åse-stutane. Soupstuten sin minnestein forsvann då dei bygde ny veg til Eidsborg, men dei to andre var lette å finne for ein kjentmann.

Me har sett over Bandak, me har sett Risen og Gygri, besøkt rikdom i ei tid me knapt kan førestille oss, og fattigdom i bratte kleiver. Mytar eller sanning, spelar det noka rolle, så lenge fantasien blir sett i sving?

Systrer: Åse og Gullborg budde på kvar si side av Dalen og klarte ikkje å bli einige om kvar grensa mellom dei to storgardane skulle gå.