Saman: For familien til Henrik er det viktig å besøke grava. Her er det alltid ljos og blomar.

– Me får aldri Henrik tilbake, men ingen andre bør oppleve det me har opplevd

Saman med to gode vener set Henrik seg inn i ein bil. Ingen av dei er edru. Dei krasjar, og Henrik mistar livet. Familien må leve vidare med sorga. Nå håpar dei kunnskap og openheit gjer at andre slepp å gå gjennom det same.

Natt til laurdag 31. oktober 2020 er Laila heime på Åmdals Verk og pratar i telefonen med sin eldste son, Sindre, som bur i USA. Då dei legg på er klokka blitt halv to. Laila sjekkar telefonen. På Snap-kartet ser ho at broren til Sindre, Henrik, er på fest hos ein kamerat. På Snap ser ho at han høyrer på musikk. Det er typisk Henrik. Han likar å styre musikken når det er fest. Eit augneblikk vurderer ho å ringe til han, spørje om han vil bli henta. Både ho og mannen hentar ofte ungdommane når det har vore fest. Insisterer på å hente så dei veit at dei kjem trygt heim.

Nei, han ringer om han vil bli henta, tenker ho. Henrik søv ofte over hos kameratar etter fest også.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho går og legg seg. Berre nokre minutt seinare set Henrik seg inn i baksetet på ein bil. Han er saman med to gode kompisar. Ingen av dei er edru. Bilturen blir kort, nedover eit jorde, eit lite stykke bortover vegen før det går gale i ein sving. Dei køyrer ut av vegen, bilen hamnar på taket, og krasjar i eit tre. Henrik døyr momentant.

På oppdagingsferd med sverd i handa

Han har det travelt, Henrik, dagen han kjem til verda. Det er så vidt dei rekk fram til Sjukehuset i Skien, og 30. juni 1999 får Laila Karlsen Taraldlien og Morten Taraldlien sin andre son.

– Han var ein veldig snill baby. Han var ein blid unge, men om han fyrst vart sinna, vart han skikkeleg sinna, fortel Laila.

– Ja, då måtte me berre la han rase frå seg, nikkar Morten.

Omsorgsfull: Familien skildrar Henrik som sosial, omsorgsfull og inkluderande. Han var eit ja-menneske, heimekjær, aktiv, glad i musikk og ein humørspreiar.– Noko stemning er betre enn inga stemning, sa Henrik.

Lenge er Henrik yngstemann i familien, og han følgjer etter storebror Sindre overalt. Knapt to år skil dei to gutane. Når Henrik er liten er det Sabeltann og Gamlefar og Goggen frå Gråtass som er dei store heltane. Henrik har alltid noko i høgre handa. Gjerne eit leikesverd. Og han er stadig på oppdagingsferd.

– Han forsvann så mange gonger, at du vil ikkje tru det, seier Laila.

Kledd i bleie og med sverdet i handa fer vesle Henrik av garde medan ei tante skal sjå etter han. Dei finn han snart igjen, han har møtt ei eldre dame han slår av ein prat med.

– Ein annan gong var me på Gråtass-show, og alle ungane hadde fått Gråtass-capsar. Sindre og Henrik også. Plutseleg var han borte. Og alle ungane såg heilt like ut med dei grå capsane! Til slutt fann me han med kaninane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den siste gongen han blir borte er når dei er i Fårup Sommarland. Henrik er seks år, og hoppar på trampoline, Laila snur seg vekk nokre sekund, og vips er han borte. Det tek ein heil time før dei finn han att.

– Det var heilt forferdeleg, og eg klarte ikkje vere sinna ein gong, då me endeleg fann han. Han hadde blitt redd. Han gret, og eg gret.

Når Sindre er ni og Henrik sju, får dei ei veslesyster, Hannah.

– Dei var veldig stolte over systera si, og flinke til å hjelpe til. Dei las lekser for henne, medan ho sat i vippestolen. Henrik ville gjerne passe på systera, medan Hannah ville passe på seg sjølv.

Laila smiler og ser bort på Hannah, og fortel at dei var like på mange måtar, Henrik og Hannah. Blonde i håret, same humor, lika å erte kvarandre, og ikkje minst foreldra. Sindre flytta tidleg ut, og då vart det mykje Henrik og Hannah. Like familiekjære begge to.

Hannah har akkurat byrja på ungdomsskulen når ho mistar storebroren. Henrik fekk ikkje oppleve konfirmasjonen hennar, og nå har ho snart fullført heile ungdomsskulen utan Henrik. Det har vore tøft. Det er vanskeleg å konsentrere seg på skulen. Sindre er langt unna, og ho kjenner seg litt aleine. Det har vore vanskeleg å dele sorga si med venner på sin eigen alder.

Hannah har fått vite om kommentarar om at ho utnyttar sorga for å sleppe å gå på skulen. Det sårar.

– Eg synest det er trist at det går slike kommentarar bak ryggen min, seier Hannah.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho skjønar at det ikkje er lett å forstå når ein ikkje har opplevd ei slik sorg sjølv, men skulle ønske at nokon kunne ta meir omsyn og vist respekt.

Nokon spør også Laila og Morten om korleis det går med Hannah, men dei spør kanskje ikkje Hannah sjølv.

Ho har mykje omsorg for dei rundt seg, og gløymer nesten seg sjølv, fortel mora. For Hannah kan hennar eiga sorg kome plutseleg, særleg på kveldane, og det har vore mange tøffe netter.

Å sjå kor vondt dei har det blir ei dobbel sorg

Foreldra skulle så gjerne fjerna sorga til dottera.

– Å vekke Hannah på natta, og ringe til Sindre å fortelje kva som hadde skjedd, det er noko av det verste eg har gjort. Å sjå kor vondt dei har det blir ei dobbel sorg, fortel Laila.

Ein god bror: Henrik og Hannah hadde eit nært forhold. – Han var god tvers gjennom, fortel Hannah.

– Hadde me ikkje sett han, hadde me ikkje trudd det

Klokka 2.03 natt til 31. oktober 2020 får naudetatane melding om ei trafikkulykke i Bandakslivegen i Tokke kommune. Laila og Morten veit ikkje når, men dei blir vekt når telefonen til Laila ringer seinare på natta.

– Politiet ringde frå Skien. Dei sa det hadde vore ei alvorleg ulykke. Dei trudde det var Henrik, og det såg dårleg ut.

Dei legg på. Politiet skal ringe opp så snart dei veit meir. Morten og Laila står opp. Laila går fram og tilbake over stovegolvet. Ber til Gud om at det ikkje er Henrik, og at det må gå bra. Det går ti minutt før politiet ringer opp igjen. Det er Henrik, og han er erklært død.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet anbefaler foreldra å ikkje reise til ulykkesstaden. Det er ikkje eit alternativ for dei.

– Eg hugsar ikkje kva eg sa, berre at eg må ned dit, seier Laila.

Alt kjennest så uverkeleg. Dei klarer ikkje tru det.

– Hadde me ikkje sett han, hadde me ikkje trudd det, fortel Morten.

Dei vil ikkje vekke Hannah, vil skåne henne. Mormor kjem for å vere i huset medan dei køyrer til ulykkesstaden.

– Det var kaotisk, eg syntest heile området der verka så stort, men eg veit jo at det ikkje er det. Brannvesenet var der, eg kjenner dei alle godt, bror min er også i brannvesenet, og var der, fortel Morten.

– Eg hugsar at legen strauk meg over handa då me sat med Henrik, fortel Laila.

Fyller huset med venner og familie

Nyheita om den tragiske ulykka spreier seg raskt blant ungdommane. Henrik var ein sosial gut med stor omgangskrins, og alt same natt samlar fleire seg på grendehuset på Austheii. Laila og Morten har reist heim igjen. Dei har gjeve den vonde beskjeden til Hannah og Sindre, ringt andre i familien. Alle er urolege for at nokon nære skal få beskjed frå andre eller via sosiale medium.

Artikkelen held fram under annonsen.

For Hannah har det vore tungt at ho ikkje fekk vere med på ulykkesstaden. Foreldra ville skåne henne, og ante ikkje kva som venta dei. Men når dei skal ned på grendehuset seinare på natta insisterer ho på å bli med.

– Det var veldig fint å vere der. Med vennene hans. Me ville vite alt, og fekk høyre at Henrik hadde dansa, fridd til ei jente. Han hadde hatt det moro, og det var ein fin kveld, fortel Laila.

Ho og Morten finn ei slags trøyst i det. Sonen deira hadde det bra sin siste kveld. Han var med gode vener. Heilt til det siste.

Dei neste dagane kjennest uverkelege. Men dei opnar huset, og har mange rundt seg. Familie og venner kjem, lagar mat og traktar kaffi. Dei får så mange blomar at dei må låne vasar av naboane. Familien vil at vennene til Henrik skal kjenne seg velkomne hos dei. Dei kjenner dei godt. Morten har vore fotballtrenar sidan gutane var små, og det var ikkje sjeldan at Henrik og nokre kompisar ringde til Laila då dei var på fest, tulla og tøysa.

Ungdommane kjem, dei fortel historier, deler bilde og videoar. Laila og Morten får eit enormt behov for å snakke, dei vil vite alt, og ler og græt om kvarandre.

– Me har nok fått vite meir enn nokon foreldre har, smiler Laila.

I vekevis er det alltid folk heime hos familien. Alt måndagen etter ulykka arrangerer vennene til Henrik minnestund på Åmdals Verk. Dei pyntar med lys, skriv namnet til Henrik med konglar og lagar store hjarte forma i granbar. Det er viktig for ungdomane å vere saman, og dei ordnar alt.

Heidra: Berre eit par dagar etter ulykka samlar venner og familie seg til minnestund for Henrik på Åmdals Verk.

– Gutane bretta til og med serviettar, smiler Morten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Veslesyster Hannah held tale. Det er midt i korona, men det kjem 500–600 personar.

– Eg visste det kom til å kome mange, men det var overveldande, seier Morten.

Vennene lagar også eit album om Henrik som dei gjev til familien. Det er fult av gode minner, bilde og helsingar frå gode venner. Og dei hadde han mange av. For Laila og Morten er det godt å sjå at ungdommane har kvarandre, at dei er der for kvarandre, men det er også vondt.

– Det manglar ein, seier Morten stille.

Familien bestemmer seg for å plante ei syrin i hagen til minne om Henrik. Sindre er heime på besøk frå USA, og er her saman med Hannah.

Å førebygge med omsorg

Det siste året var ikkje berre enkelt for Henrik. Han hadde det litt tungt. Det var korona, kjærleikssorg og han mista lappen. Ei tid før ulykka fyllekøyrer nemleg Henrik sjølv, bilen hamnar då i autovernet, det går bra, og han ringer straks til politiet og melder seg. Etterpå er Henrik skuffa over seg sjølv, føler han har skuffa foreldra, og at han er ein dårleg storebror.

Heime har dei snakka mykje om bilkøyring og alkohol. Det har aldri vore aksept for fyllekøyring, og Morten og Laila har alltid sagt at dei heller må ringe dei. Dei kan alltid hente. Uansett.

– Det er så unødvendig å drive på med det, meiner Laila.

– Me var veldig overraska over at Henrik hadde sett seg inn i bilen, for han tok det så tungt då han mista lappen, fortel Morten.

– Eg har også vore sinna på Henrik, fordi han gjorde det sjølv om han hadde den erfaringa, seier Hannah.

– Me kan ikkje endre det som har skjedd. Me får aldri Henrik tilbake, men ingen andre bør oppleve det me har opplevd, seier Laila.

Ved å vere opne om Henrik, om ulykka og sorga, håpar dei at dei kan bidra til å førebygge.

– Eg trur det sakte, men sikkert skjer ei endring. Det var ei endring etter ulykka på Fyresvatn, og også etter ulykka til Henrik. I vennegjengen til Henrik trur eg det er heilt slutt. Dette må ikkje skje igjen, og me må tore å snakke om det, seier Laila.

– Folk må tore å ta nøklar, å vere upopulære. Det kan redde liv, nikkar Morten.

– Folk må tore å ta nyklar, å vere upopulære. Det kan redde liv

Då dei markerte at det var eitt år sidan Henrik døde, fylte dei markeringa med musikk som betydde noko for han. Dei inviterte også Tokke brannvesen, som fortalde om korleis det er å rykke ut til ei ulykke i ein liten kommune, der dei fleste kjenner kvarandre.

– Me må ikkje bruke peikefingeren, men me hadde også ein tanke om at det kan verke førebyggande, fortel Laila.

Ho har alt engasjert seg i prosjektet «Frå haldning til handling» som har særleg fokus på ungdom og køyring, både ruspåverka og med høg fart, og kan også tenke seg å vere sanningsvitne.

– Me må førebygge med omsorg, seier Laila.

Ho er også opptatt av at det må kome meir politi i Vest-Telemark. Det er altfor lite politi her nå. Meir synleg politi er eit viktig førebyggande tiltak, meiner Laila.

Handlar ikkje om hat eller hemn, men om å ta ansvar

Ingen av dei to kameratane som var i bilen saman med Henrik hugsar ulykka eller kven som køyrde bilen. Det har tatt lang tid før saka hamna i retten, og foreldra opplever det som ei ekstra belastning. Det er ikkje hos politiet det stoppar opp, men hos Kripos. Det tek lang tid før rapportane frå Kripos blir ferdige, og for foreldra er det tungt. Er ikkje livet til Henrik verdt meir?

Førre veke gjekk rettssaka i Telemark tingrett.

Dei har grua seg til saka, men også sett fram til å få det overstått.

I løpet av rettssaka erkjente den eine av dei tiltalte at det må ha vore han som køyrde. Alt peika mot det. Henrik sat baki. Kameraten som sat på, ber om frifinning.

Det betyr mykje for familien at sjåføren tek ansvar. I retten gav dei han alle ein klem rett etter at han erkjente straffskuld.

– Det er viktig for oss at dei erkjenner at dei har vore med på noko dumt. Me innrømmer at me hadde håpa at han som sat på også erkjente skuld for det han har vore med på. Det er viktig førebygging, og viktig at andre ser at dei må ta konsekvensane, meiner Laila.

– Me har vore innom så mange kjensler. Me har vore sinna og frustrerte, men har aldri kjent på hat

Det handlar ikkje om hat eller hemn. Men om å ta ansvar.

– Me har vore innom så mange kjensler. Me har vore sinna og frustrerte, men har aldri kjent på hat, fortel Morten.

Nære: Familien har alltid vore nære kvarandre, også i sorga. Å sjå kor vondt dei ein er mest glad i har det, blir ei dobbel sorg.

Den utmattande sorga

Lenge etter at Henrik er død ser Laila han overalt, høyrer lydane hans frå rommet oppe. I stova tenner dei kvar dag lys for Henrik ved sida av bilde av han. Fotballguten. Med breitt smil. Ung og glad. Den siste delen han produserte på jobben som CNC-operatør. Albumet frå vennene.

– Me har tenkt ein del på det at me ikkje må dyrke sorga, men me vil at han skal vere ein naturleg del her sjølv om han ikkje er her lenger, seier Laila.

Både ho og Morten var sjukmeldt frå jobben det fyrste året etter ulykka. Morten prøvde seg på jobb igjen etter seks månadar, men det gjekk ikkje. Sorga er utmattande, og set seg også fysisk i kroppen.

– Du skal prøve å vere den du eigentleg er, med godt humør, men det klarer du ikkje, og sit berre og gret i bilen etterpå, fortel Morten.

Familien har alltid vore nært knytt til kvarandre, og etter dei mista Henrik har dei blitt endå tettare. Når dei snakkar om Henrik er det både gjennom tårer og med latter. Dei fortel om ein ung gut som viste stor omsorg for dei han var nær, opptatt av rettferd og god til å inkludere, om ein ung gut som for lenge sidan hadde bestemt at han skulle busetje seg i barndomsheimen på Verket, og hadde han fyrst bestemt seg for noko var han vanskeleg å snu. Han likte ikkje dårleg stemning, og kunne vere litt var på det.

– Noko stemning er betre enn inga stemning, sa Henrik, og drog gjerne i gang allsong på fest. Han var ein humørspreiar, eit midtpunkt. Når han dusja song han så det ljoma i huset, og valde gjerne ein song som han kunne få reaksjonar på. Åge Samuelsen for eksempel.

Då Hannah fekk seg kjærast fleipa storebror, og sa:

– Du burde finne deg ein som meg, då har du skote gullfuglen.

Han rekk aldri å møte den amerikanske kjærasten til Sindre, men dei snakkar saman på Teams, så han rekk likevel å gje eit inntrykk:

– He´s got the brain, and I got the looks, seier Henrik.

Hannah, Laila og Morten ler når dei fortel. Dette var typisk Henrik, let kanskje som om sjølvtilliten var større enn den eigentleg var.

Minna, bilda, videoane er fine å ha. Til hausten er det to år sidan ulykka, 30. juni skulle Henrik fylt 23 år. Slik vart det ikkje. For livet til dei som var så heldige å ha Henrik i livet sitt, blir verda aldri heilt den same.

– For andre går livet vidare, men me lever framleis i sorga, seier Laila.

– Det er ein stor kjærleik der, og då blir sorga også så tung.

Tung å miste: 30. juni skulle Henrik fylle 23 år. Slik vart det ikkje. – For andre går livet vidare, men me lever framleis i sorga. Det er ein stor kjærleik der, og då blir sorga også så tung, seier Laila.