Masefri smakesone med alt frå rota og opp
– Denne var god, ropar Frida (6) og held fram ein lilla blomkålkvast så mor hennar kan sjå den. Vaksne får nemleg ikkje koma innanfor det gule gjerdet rundt smakebordet som Geitmyra matkultursenter for barn har på Dyrskuplassen.
VTB får lov til å vere med Sigve og Frida inn under dei japanske lyktene og bort til det lange smakebordet. Det bognar av fargerike frukter og grønsaker, og dei to syskena går bort til den eine enden. Her smakar ein på røtene – gulrot, kålrot og sellerirot, og vidare bortover bordet kan ein knaske i seg både stilkar, blomar, blad, frukt og frø.
Sigve testar gulrot, men er usikker på polkabetane.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Visste du at den har fått namnet sitt frå eit godteri? spør prosjektleiar Kine Bekkengen som står bak smakebordet. For sjølv om dei vaksne må stå att på utsida så er det ikkje heilt masefritt hos Geitmyra matkultursenter for barn.
– Den er skikkeleg søt og god. Prøv! Viss du ikkje liker den, kan du bare kaste den der.
Sigve stikk den lilla-og-kvit-stripete polkabeten i munnen og vert positivt overraska.
– Den var søt, nesten litt som gulrot.
Jordepletaco med urost-dessert
Smakebordet er ikkje den einaste aktiviteten hos Geitmyra. Ein kan også lage seg ei frøbombe ved å ta ein neve ulike frø og kna dei inn i ein leirklump. Denne lagrast gjennom vinteren slik at den blir tørr og fin.
– Og til våren kastar du den ein passande stad der du vil ha ein eteleg hageflekk, smiler Bekkengen. Ho er så engasjert i mat-temaet at det smittar over på alle som kjem innanfor det gule gjerdet.
Geitmyra har også ein honningstasjon der ein kan finne ut meir om biene, og kvar dag heile helga har dei fleire gratis kokkekurs for ungdom. Der kan ein lage seg ei tacolefse med jordeple, grønsaker og sjølvkomponert krydder, og ein dessert med urostar.
– Me ønskjer å blande ny og gamal matkultur, og at ungdomane lærer nokre ordentlege kokkekutteteknikkar, smiler Bekkengen.
Artikkelen held fram under annonsen.
I fjor var to tusen barn og ungdom innom Geitmyra, og då la Bekkengen merke til at dei vaksne hadde ein tendens til å henge inn over gjerdet medan ungane smaka. I år håpar ho på endå fleire barn – og har laga til litt for dei vaksne på utsida.