Mari (30) brøyter E134 over Haukelifjell
Mari Ringhus Tjønnhaug, som er busett på Rauland, byrja i jobben på Haukelisæter brøytestasjon for eit par månadar sidan. Frå før hadde ho erfaring som brøytebilsjåfør i fleire sesongar mellom Straumekrysset i Øyfjell og Nutheim i Flatdal.
Me slår opp på 175.no, vegtrafikksentralen, som melder om at faren for at høgfjellsovergangen skal bli stengt dei neste seks timane er forsvinnande liten. Meir sannsynleg er det at det kan bli kolonnekøyring. Prognosen seier femti prosent sjanse, eventuelt fare, etter som ein ser det, for at brøytemannskapet må samle opp køyretøy ved den nye kolonneoppstillingsplassen ved Tyrveli.
Solsnu i snødriv
I dei lågare bygdelaga er det ingenting som tyder på uvêr og vanskelege køyreforhold, same kor mykje nyhendeopplesarane i NRK radio masar om dette. Det er laurdag før jol, og visstnok ein stor utfartsdag. Komen til Morgedal byrjar sola å gylle fjella med eit vakkert raudskjer. E134 har ikkje mykje trafikk, og dei nye fine strekningane frå Morgedal til Åmot går unna. Vestover frå Bøgrend observerer me eit tettare skylag. På Mogane byrjar dei fyrste lette flyksene å fjuke i lufta. Vintersolkverv i år skjer klokka 10.20 denne føremiddagen, akkurat i det me passerer Tveiten. I Edland har altså sola snudd, og der, som overalt på den nordlege halvkula, går det mot ljosare tider og lengre dagar. Det er berre det at snødrivet blir tettare og tettare medan me passerer Haukeli på veg opp mot Vågslid. Må me vente på kolonne likevel, kanskje? Langt i frå. Etter Botnen lettar det, og når me nærmar oss Vågslidtunellen og Prestegård, er det berre fjon att i lufta.
Artikkelen held fram under annonsen.
Inne på vaktrommet på Haukelisæter brøytestasjon sit Mari Ringhus Tjønnhaug og overvakar trafikken over fjellet. Bilete frå mange kamera langs den tre og ei halv mil lange strekninga frå Tyrveli på austsida til Liamyrane i Røldal, informerer om stoda. I dag fungerer Mari som styringsvakt. Ho fortel at ved kolonnekøyring må ein fylgje ekstra godt med.
– Me veit alltid kor mange køyretøy det er i kvar kolonne. Det kan maksimalt vera førti bilar med, informerer ho.
På vakt joleftan
Førre måndag var det kolonnekøyring over fjellet. Men då var ikkje Mari på jobb. Mannskapa på brøytestasjonen, som tel elleve i alt, går vekesskift – ei veke på og ei veke av. Mari gjekk på sist torsdag og går av vakt fyrste joledag. Altså er ho ein av dei mange, i ulike yrke, som skal arbeide joleftan. Korleis denne vakta blir, er heilt avhengig av vêret.
Inn i rommet kjem ein godt vaksen kar. Han og Mari spøker og ler. Mannen er Olav Stana, som berre har vore bort til Midtlæger ein tur for å hente noko. Vaktleiar Stana byrja å arbeide på Haukelisæter brøytestasjon i 2011, og er såleis svært erfaren. Akkurat kor gamal denne karen er veit me ikkje, men han fortel at han i 2018 prøva å bli pensjonist.
– Eg reiste heim til Kinsarvik, men der blei det lite sosialt, smiler Stana, som no berre har fri frå 1. mai til snøen kjem.
– Ein fin pensjonistjobb, understrekar han.
Stana ser ut til å setje pris på den nye medarbeidaren som starta 1. november. Av det han kjenner til, er Tordis Breivik frå Fyresdal ei av få kvinner som har vore i tenesta på Haukelifjell. Ho fortel til Vest-Telemark blad at ho blei tilsett i 1987, og at i dei tjue åra ho arbeidde der, fram til 2007, var ho åleine kvinne. Prosjektleiar i Mesta, Terje Mo Nordal, fortel at selskapet sidan vintersesongen 2023 hatt ein kvinneleg lærling i transportfaget stasjonert på Haukeli, og at det har vore ei kvinne innom Haukelifjell ein vintersesong for nokre år sidan. I tillegg har Mesta ei kvinne som køyrer brøytebil frå Grungedal og opp til Tyrveli.
Frå helsevesenet til anleggsbransjen
Den nytilsette Mesta-medarbeidaren er ikkje ny i faget; ho har brøytt Åmotsdalsvegen, altså vegen mellom Straumekrysset i Øyfjell og Nutheim i Flatdal, fleire sesongar. Men yrkeskarrieren til Mari starta heilt annleis. Etter å ha arbeidd i helsevesenet i fleire år i helger og feriar, tok ho fatt på vernepleiarutdanninga etter vidaregåande. Etter tre år på høgskulen på Lillehammer var ho ferdig utdanna i 2016, og starta for fullt i arbeidslivet. Ho fekk fast jobb på Svingen bufellesskap i Åmot. Etter ein del år byrja ho å bli litt rastlaus og hadde lyst til å prøve noko nytt.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det blei ei heilomvending. Arbeid i anleggsbransjen har nok lege litt latent i meg, og eg ville finne ut om det var noko å prøve på. Dessutan tenkte eg at om eg skal prøve noko nytt, så må eg gjera det no, seier Mari, som er barnebarn av Ottar Ringhus som starta sitt eige entreprenørfirma.
Dermed gjekk ho i gang med å ta køyretimar for lastebil hjå Opaas trafikkskule på Notodden. Ho tok førarkort for lastebil og hengar og fekk yrkessjåførkompetanse. 1. januar 2022 byrja ho i jobb hjå Vinje Maskin AS. Ho synest dei var tøffe som tilsette henne.
– Eg syntest også det var tøft. Spesielt dei fyrste turane – då var eg ikkje høg i hatten. Eg var skjelven og syntest det var skummelt. Men det var ikkje mange turane før det gjekk bra, smiler Mari, som fortel at no kjenner ho seg mykje tryggare i lastebil enn i personbil.
Ho minner om at ein som lastebilsjåfør må vera føre var, ein må planlegge, og til dømes leggje på kjetting i god tid.
– Eg er eigentleg ein liten reddhare, og ingen gamblar. Så eg legg på kjetting om det er naudsynt, understrekar ho.
Brøyt i veg
Ved snøvêr som denne dagen er det éin brøytebil ute til ei kvar tid. Me får bli med Mari i ein av dei nyaste bilane, ein Volvo, og set kursen vestover forbi Haukeliseter turisthytte. Det er litt snø i lufta, men ganske god sikt. Inne i hytta er det nesten heilt stille, men ho har plogen nedpå, forsikrar ho.
– No er det god sole på vegen, så difor bråkar det ikkje.
Vanleg brøytefart er 40 kilometer i timen. Ho viser fresefelta som er laga ved sida av vegen for at snøen skal bli enklare å få bort. Me køyrer forbi Fantedokki; eitt av stadnamna som er i bruk blant brøytemannskapa.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Mange av stadnamna blir bruka aktivt, slik at det er lettare å orientere seg, forklarar ho.
Me når Ulevå og grensa til Ullensvang kommune då Mari stoppar og slepper sju bilar forbi.
– Å liggje etter ein brøytebil er kjedeleg. For å unngå farlege situasjonar er det greitt å sleppe køyretøya forbi, seier ho.
Rett før Haukelitunellen ligg det ein del føykefenner i vegen som det er bra å få brøytt bort. I det me køyrer inn i tunellen for å snu, lettar ho plogen med ein hendel. Ute er det mildt, temperaturmålaren viser at det er på null. Sikta er også bra; brøytestikkene er synlege langt framover.
Frå idyll til snøkav på sekundar
Brøytebilsjåføren snakkar om kor vakkert det kan vera her oppe på solskinsdagar.
– Dette er eit veldig fint «kontor». Her sit me varmt og godt og har fin utsikt, skryter ho om arbeidsplassen sin i førarsetet på lastebilen.
Men fjellet vinterstid er ikkje alltid idyll. Dei som ikkje har opplevd det, kan vanskeleg forstå kor ille vêret i fjellet kan vera, og kor fort det kan skifte. Å køyre i kolonne er å måle krefter med vêrgudane. Opplevinga kan vera både tøff og stressande, og ikkje ufarleg, skriv Statens vegvesen i ei brosjyre om kolonnekøyring, der dei bed bilistane om alltid å fylgje rettleiingane frå brøytemannskapet.
Så langt er Mari svært nøgd med den nye jobben på høgfjellsovergangen. Brøytevaktene er på vakt tolv timar frå sju om morgonen til sju om kvelden, og frå sju om kvelden til sju neste morgon. Ho synest det er veldig koseleg å brøyte, spesielt om nettene når det er mindre trafikk og ein slepp å bli snøblind, noko som kan vera eit problem når det er snømørkt, eller flatt ljos, som fenomenet der konturar blir vanskeleg å sjå, blir omtala som.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den heilt store joletrafikken har uteblitt, i og med at utfartsdagane i år er ganske spreidde. Så står det att å sjå korleis nyårshelga blir.
– Særleg viss vêret blir dårleg blir det stort trykk om alle reiser på ein gong, seier ho.
Men fyrst skal Mari arbeide joleftan. Då er det ikkje venta noko som helst snøkav. Ifylgje prognosane frå vegmeldingssentralen er det 98 prosent sannsynleg at fjellovergangen er open denne dagen. Men vind blir det. Liten kuling, melder yr.no.