Gapahuken: Om lag der scena var under 100-årsmarkering står det no ein gapahuk laga av Ola Svanheld.

«Mange trur at Jørgen voks opp på Seljordheii, men dette er Kviteseid, gamle Brunkeberg sokn. Jørgen var kviteseiding før han blei raulending»

Hysj, ver stille, seier eg til Ragnar. Kva sa du? spør han. Ver heilt stille, sa eg og overlét lydbildet til naturen kring oss.

Ein drope som dryp, eit lite snøras frå ei fure, ein fugl syng med spinkel røyst ein stad opp i lia. Eg ser at det svarte vatnet sildrar seg renn inn i Veslejønntjønn, men det sig så lydlaust og langsamt at øyret ikkje fangar tonane bekken spelar.

– Nirvanas bulder, seier Ragnar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me er i Kviteseid

Ragnar Haugstøl og eg er på veg for å gå på truger opp til plassen der spelemannen og sogeforteljaren Jørgen Tjønnstaul blei fødd ein sommardag i 1894. Eg har som vanleg plukka opp Ragnar der vegen som ber familienamnet hans møter vegen som går langs Garvik-sida av Seljordsvatnet.

Me køyrer på E134 til litt forbi grensa til Kviteseid, svingar av og køyrer Åsgrendvegen eit par-tre kilometer før me tar til høgre og køyrer mot Mevastaul.

– Me er i Kviteseid. Det må du hugse på, seier Ragnar medan me parkerer sør for Storejønntjønn. Han tar på seg trugene, festar stroppene på stavane rundt handledda og legg i veg.

– Mange trur at Jørgen voks opp i Seljord, og på Seljordheii, men dette er Kviteseid, gamle Brunkeberg sokn. Jørgen var kviteseiding før han blei raulending, veit du.

Ukjend portrett: Dette måleriet hang på Sommarutstillinga for mange år sidan. Ukjend kunstnar.

Tur upp att

Snøskavlen ved turstiskiltet der det står «Tjønnstaul 300 meter», er om lag 70 centimeter høg, om eg skal gjette. Eg ser korleis Ragnar gjer det og kjem meg heilskinna over kanten.

Over skavlen: Ragnar gjer seg klar til å klatre over skavlen, eg ser på og kjem også heilskinna over.

Å kome seg innover i dette lendet var ikkje så enkelt i tidlegare tider som det er no. Ein av dei første skrønene eg høyrde om Jørgen, handla om ein gong Jørgen hadde vore i kringkastinga og spela inn, og etterpå hadde han hatt seg ein skikkeleg fest. På den tida var det ikkje bilveg til Rauland, så han reiste med båten opp Telemarkskanalen, seier historia. Då han kom til Kviteseid, kom det på ein medbygding.

– Neimen, har du vore på turné, Jørgen, spurde han.

– Ja, og no er eg på tur upp att, svara Jørgen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me byrjar å gå gjennom det flate landskapet. Svusj, svisj. Truger i snø, ny snø, solsnø, glittersnø og spørsmål som melder seg. Er det denne musikken Jørgen høyrde?

Då det var 100-årsminnemarkering for Jørgen i 1994, sa Knut Buen noko slikt som at det var som om musikken fylde Jørgen og tytte ut att gjennom fela. Fanst det truger den gong? Eg spør Ragnar om han veit når folk byrja å bruke truger. Men Ragnar kjenner ikkje trugene si historie. Ingen av oss gjer det.

– Der bort ligg Nystaul, seier Ragnar og peikar med staven i vestleg retning.

– Det budde Aasne Nystaul Underberg. Ho lærte Jørgen å lese og skrive.

Ulukker i kø

Tjønnstaul og naboplassen Nystaul, der Aasne budde, låg under garden Kolltveit oppe i Åsgrend. Fødd 1. juli i 1894, døypt Jøren Olavsson Tjønnstaul i Seljord kyrkje 7. oktober same år og konfirmert 6. oktober 1907. Jørgen byrja han visst ikkje bruke før han flytta til Rauland.

På plassen ved Jønntjønna i Tjønnstauldalen voks han opp som yngstemann med faren Olav, mora Margjit, søstera Ingebjørg og broren Olav. Det skal ha vore ein god barndom dei første åra, og Jørgen skal ha vore ein aktiv unge før ulukkene stilte seg i kø for den vesle familien.

Innan Jørgen var 16 år gamal, hadde han mista dei alle. Mor Margjit og søster Ingebjørg døydde etter å ha vore og kokka i Kviteseid for ordføraren. «Dei hadde frose og heimkomne vart dei sjuke, båe», skriv Knut Buen og held fram: «Ja, dæ må du tru va´harde dagar dæ, her va´di sjuke alle, å på slutten låg ei på krakkjen å tvo i snegje,» fortalde faren Olav til Rikard Berge.

På denne tida var Jørgen om lag fem år, men minnast at dei ikkje hadde råd til å skaffe doktor. Det ville kosta ein 25-30 kroner å få han opp til Kviteseid. «Der stod dei svartmåla kistun på golvet, å eg sat på fangje åt far å gret …» Å dei har berre lagt seg til å sova, dei kjæm a att,» sa far … Trøsta meg, han da, veit du», kan ein lese i Buen si bok om Jørgen, der Jørgen fortel om ein far som fortalde eventyr. «Han fortalde heiltupp så mykje at me blei redde om kvelden. Det var berre om tussar å trolldom, det veit du … Men me hadde moro. Va´av ned i tjønnan og fiska trytur. Å so spela me dansar kringom».

Artikkelen held fram under annonsen.

Βerre nokre få år etter at mora og søstera døydde, då Jørgen var ni, døydde broren Olav. Då var det berre Jørgen og faren att. Olav Tjønnstaul var skomakar, i tillegg til å vere felespelar og sogeforteljar. Han laga tresko og selde dei for 60 øre stykke, men det var magre tider, for sjølv med den prisen hende det ofte at folk bad om å få delt opp betalinga.

– Du veit, dei dreiv med spiritisme, fortel Ragnar.

– Det var Ingebjørg som blei bruka som medium, og ein gong kalla dei på Sterk-Nils. Då letta bordet, og beina knakk av, så dei måtte bruke tønneband for å halde det saman. «Lat meg vere i fred», bad Sterke-Nils.

Arven

Området på og rundt Seljordshei ber i seg lange folkekulturtradisjonar. Her har det budd både sogeforteljarar som Anne Golid og Olav Tjønnstaul, rosemålarar som Knut Mevastaul og store spelmenn. Her har det budd tussar og troll, her har det gått hulder og her har fenter og fantar sprunge langs stiane. Olav Tjønnstaul hadde så mange eventyr og soger å fortelje, at ein finn 43 av dei skrivne ned i «Eventyr og segnir fraa Telemarki» av Knut Loupedalen. Olav hadde så mange soger at Loupedalen leigde Rikard Berge for å skrive dei ned det han ikkje rakk med sjølv.

Det er eit eventyrlandskap. I dette voks både Jørgen og faren hans opp. Jørgen var oldebarnet til Anne Golid, som faren voks opp hos, som mellom anna gav så mykje materiale til Landstad og til Olea Crøger. Men dei var også tredje og fjerde leddet etter Øli Skogen, som både var god på å fortelje soger, men som også kunne trolldomskunstar.

Dette fekk dei med seg, far og son Tjønnstaul.

– Det var ein kar som blei drepen av sønene sine, fortel Ragnar medan me sit i den vesle gapahuken og drikk kaffi.

– Når dei dreiv med spiritisme fekk dei gjennom mediumet svar at det var sønene som hadde gjort det og sa det til folk. Då desse sønene fekk vite om det, melde dei Olav for ærekrenking og Olav blei dømt til åtte dagar på vatn og braud.

Artikkelen held fram under annonsen.

Plassen

Å gå på truger i djup, urørt snø, opnar eit nytt landskap, omtrent som, men ikkje heilt slik Knut Buen for snart 40 år sidan opna den norske folkemusikken for meg. Føtene som slo rytmen, klangen i fela når bogen dansa.

Rytmen i stega når Ragnar set ein fot framom den andre. Foten som finn trygg grunn, som har pakka saman snøen ved hjelp av vekta til trugeberaren, blir avløyst av den andre, som også kjenner etter om snøen er villig til å pakke seg saman på same måte her, for neste steget.

Det kjennest nesten som heilagbrøde å lage spor i det mjuke landskapet, men her har andre gått før oss, før det nyaste snøfallet la seg. Dei har gått over Veslejønntjønn. Me vågde ikkje det, gjekk heller over bekken, på ei spinkel bru som Gunnar Gundersen og Aslak Aabø har laga. Ragnar stakar seg fram, eg heng på.

Brua: Gunnar Gundersen og Aslak Aabø lagde ny bru etter minnemarkeringa. Me kom over, men det var litt nervepirrande.
Urørt: Snøen har lagt seg over isen på Veslejønntjønn, men me vågar oss ikkje over.

Minnesmerke

Me har kome oss rundt Veslejønntjønn og etter ein liten motbakke kjem me til ein forseggjort gapahuk. «Kulturminne og minnesmerke i Kviteseid kommune» står det på eit skilt. Det var Ola og Ingrid Svanheld på Kolltveit som sette opp gapahuken. Det var også dei som stilte plassen til disposisjon for 100-årsmarkeringa for Jørgen sin fødsel. Den solskinsdagen spela Tarjei Romtveit, Hallvard T. Bjørgum, Falkeriset spelemannslag og ikkje minst Knut Buen som også var programleiar for eit publikum på cirka 400 menneske. Og Ragnar kvea Heivisa til Andreas Sandsdalen.

Aslak Aabø, som i si tid starta gullsmedforretninga i Kviteseid, hadde ideen saman med Gunnar Gundersen frå Seljord, og dei to fekk med seg leikarringane i Kviteseid og Seljord. Aabø fortel at det blei halde stor dugnad. Plassen var attgrodd, men Torleiv Golid på Mevastaul stilte med traktor køyrde vekk det som skulle bort. Det var også han som hadde utstyret til å få lempa minnesteinen på plass. Minnesteinen er laga av den gamle dørhella på Tjønnstaul som dei fann. Ein pensjonist frå Bø gjorde inngraveringa der det står «Meisterspelemannen Jørgen Tjønnstaul 100-årsminne».

Tuft og stein

Forbi gapahuken er der eldre spor etter menneskeleg aktivitet. Sjølv om det er ein god meter halvannan med snø, er tuftene etter huset på Tjønnstaul synlege. Fire gonger fire meter, slik var gjerne storleiken på husmannshusa. Me står og ser utover landskapet. Så går Ragnar med eitt i ei boge rundt ei bjørk som står der og ender utpå kanten av ei skråning.

Utgraving: Gøymt under ein god meter med snø fann Ragnar minnesteinen.

– Her, seier han, er steinen.

– Ok, seier eg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me må grave han fram, seier Ragnar, og går ned att til gapahuken. Der er det spade.

Og han grev.

– Skal eg hjelpe deg? spør eg.

– Nei då, seier han.

Og jammen, der kjem ho fram, den gamle dørhella. Men det er auga på fingrane som viser inskripsjonen. Mose og jord har lagt seg som eit beskyttande lag over det svarte som ein gong fylde bokstavane.

På slutten av livet kom Jørgen på sjukeheimen på Rauland. Då var det ein som spurde 90-åringen om han hadde det bra der. «Jau då, det er fint å vere her. Men det er ikkje noka framtid, veit du.»

Me står og ser litt i denne stilla, utover eit landskap utan skarpe kantar.

– Der ser du Kishov, og der er skogtraktene mot Djupedalsmåni og der ser du vidare mot Brokefjell, seier Ragnar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sola lar strålane sine treffe snøkrystallar som skin som små diamantar i dei mjuke dynene. Lufta er stille. Nesten blank. Her og der dalar eit og anna snøflak, som stjerneskot gjennom rommet, den delen av verdsrommet me kan sjå frå den vesle gapahuken ved eit vatn ved ein veg i ein brei dal.

Tuftene: Fire gonger fire meter med mur er gøymt under snøen. Her, med denne utsikta voks Jørgen Tjønnstaul opp.
Kan det ha sett slik ut?: Ragnar førestiller seg at stova på Tjønnstaul kan ha sett slik ut.
Kjelder

VTB 5. juli 1994

Knut Buen: Jørgen Tjønnstaul (1984)

Loupedalen: Eventyr og segnir fraa Telemarki (1923)

Gunhild og Birger Kinck – film frå minnemarkeringa (1994)

Norgeskart.no

Rikard Berge: Norsk Sogukunst (1924)

Programmet frå 100-årsmarkeringa på Tjønnstaul

Les også
Det vonde med det gode – eller omvendt
Les også
Hegnin-fenta og Noregs første punkar
Les også
Kjelda på Golid