Godt oppmøte: 18 mødrer og 19 babyar var samla til jolebord på Austbø hotell. Christine Graneng (t.v.) med sin tre veker gamle gut, Michelle Collins med Tadhg, Susann Kiste med Mathea, Grethe Seim med Felix, Torunn Johanne Tvedt med Thelma, Ida Seim med Bjørg, Åse Versto Kringlegarden med Ådne, Madeleine Ek Hestdalen med Styrk, Emilie Narvestad med Maia, Kari Vinjerui med Live, Hege Slåtta Thomsen med Elina, Sara Isik med Philip, Birgith Hommo med Bea, Anne Midtgarden med Matilde, Silje Bringsvær Karlsen med Ellie og Maja, Åshild Bringsvær-Sunde med Olav og Matja Kostveit (framme) med Reodor.

«Mammajolebord» skaper fellesskap og glede. – Me treng å lufte oss litt

18 mødrer og 19 babyar var samla til «mammajolebord» på Austbø hotell onsdag. Samlinga gir mødrene ein viktig møteplass der dei kan dele erfaringar, ha det hyggeleg saman og få kjensla av eit jolebord, sjølv med små barn.

Emilie Narvestad er initiativtakaren til «mammajolebordet» på Austbø. Ho arrangerte også tilsvarande jolebord i 2021, då ho var i permisjon med sitt fyrste barn. Ho var ikkje i tvil om at det måtte bli eit jolebord for dette kullet også.

Med 18 mødrer og 19 barn frå Vinje, Tokke og Kviteseid, er jolebordet ei minneverdig og hyggeleg samling for mødrene i permisjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje så lett å koma seg ut av huset om kvelden når ein har små barn, derfor blir jolebordet arrangert på ein slik måte at ein kan ha med barna, seier Emilie.

Ho er svært fornøgd med oppmøtet og seier at mange set pris på dette initiativet.

Initiativtakar: Emilie Narvestad tok initiativet til «mammajolebordet», noko mange sette pris på. – Ein treng å lufte seg litt, smiler ho.

– Det er noko med det å lufte seg litt, stelle seg og få på finstasen. Det er godt å kjenne på den kjensla, smiler ho.

Ikkje mykje som skal til

Emilie fortel at ho lufta ideen om eit jolebord på Facebook-gruppa dei har, og at det var mange som kunne tenke seg det. Så tok ho kontakt med Austbø hotell for å høyre om det var mogeleg.

– Påmelding og eit par telefonsamtaler er alt som skal til, så det er ikkje mykje jobb i det heile tatt, understrekar initiativtakaren.

Sebastian Magnesen, som arbeider ved Austbø hotell, fortel at dei har stor glede av å ha slike arrangement, og at dei alltid er hjelpsame når folk spør om å bruke lokalet.

– Det er veldig hyggeleg at dei kan bruke staden vår til slike samlingar. Eg må berre passe på kor eg set beina mine, smiler han.

På golvet kryr det nemleg av babyar og mødrer som passar på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er eit uformelt jolebord, understrekar Emilie.

Mange har likevel pynta seg som om det skulle vere eit «vanleg» jolebord.

– Mange set pris på å stelle seg litt, og dette er kanskje det einaste jolebordet dei skal på i år, så det er litt stemning.

Stemning: Silje Bringsvær Karlsen (t.v.) og Hege Slåtta Thomsen sette pris på «mammajolebordet».

Viktig med møteplassar

Emilie fortel om ei barselgruppe som er aktive og deltar på både toppturar, babytrall og treningar.

– Me er ein god gjeng med driftige folk som likar å lufte seg litt, og som set pris på å møtast og finne på ting saman, seier ho.

Ho påpeiker også kor glad ho er for at kommunen legg til rette for møteplassar for dei som er i permisjon.

– Kvar tysdag er det babytrall, og det er ein fin møtearena å starte med, seier ho.

I tillegg er det babytrall på Rauland omsorgssenter annankvar torsdag i regi av kyrkja. Andre gonger er det mødrene sjølve som tar initiativ til å finne på ting. Dette er viktige arenaer for å bygge nettverk og ha faste treffpunkt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Emilie meiner slike møteplassar er svært viktige.

– Eg veit det for min eigen del, at hadde ikkje eg hatt eit nettverk i barseltida, trur eg faktisk eg kunne blitt deprimert. For ein har eit vesen tett på seg heile dagen, og det er veldig fint og vakkert, men så treng ein å snakke med nokon andre også, seier ho.

Ho merkar at ho får meir energi av å vera ute og sosialisere enn å sitje heime heile dagen, sjølv om det kan vere godt i blant.

– Me deler erfaringar og hjelper kvarandre. Det er veldig fint, seier ho.

Betyr mykje

Mødrene som deltar på jolebordet, er einige i at det er viktig å ha slike møteplassar. Kari Vinjerui, som har deltatt på jolebordet både i år og tidlegare, seier at det betyr mykje for henne.

– Eg trur ikkje permisjonen hadde vore så fin om eg ikkje hadde hatt så mange å spela på og vore saman med. Det betyr mykje for permisjonstida mi at eg kan møte andre i same situasjon, seier ho.

Viktig: Kari Vinjerui og Sara Isik synest det er koseleg å samlast, og seier det betyr mykje å ha slike treffpunkt.

Sara Isik fortel at det har vore avgjerande for henne å ha arenaer der ho treffer andre.

– Eg er sosial, men sidan eg ikkje er herfrå så har eg ikkje det nettverket frå før, så det er veldig viktig for meg å treffe andre mødrer og barn på arenaer som dette, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil inspirere

Emilie håpar at fleire kan bli inspirerte til å organisere liknande treff, og på den måten skape meir fellesskap blant mødrer i permisjon. Det handlar om å lufte seg, dele erfaringar og ha det hyggeleg saman.

– Det hadde vore kult å inspirere til at andre kan gjere det same når dei er i permisjon. Eg vil anbefale det på det sterkaste, smiler ho.

Håpar å inspirere: – Det hadde vore kult å inspirere andre til å gjere det same når dei er i permisjon, seier Emilie Narvestad, med Maia på armen.