Pedagogiske pyttar: Bjørn Einar Fjellstad Lassemo er på full fart gjennom vasspytten. I bakgrunnen står hestevogna klar inne på barnehageplassen, for i dag skal det bli ridetur for alle som vil.

Liten barnehage med store moglegheiter: – Vassdammar er det beste pedagogiske materiellet me har

Ein smårolling i rosa og grønt regntøy kikkar over rekkverket ved inngangen til barnehagen. Klokka er ni om morgonen, det pøsregner i Åmdals Verk og alle er på veg ut.

I barnegruppa på fem er det tre toåringar, ein eittåring og ein treåring.

Det er litt sjau å få på alle ungane uteklede, vel?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, men det er eit pedagogisk arbeid det også, seier styrar Kristine Berthelsen.

– Viss me ser slik på det så går det lettare. Eg trur alle fagområda våre er i påkledninga også – matematikk, ord, legge plan for kva dei skal, tidsomgrep med framtid og no og så bortetter.

– Oi! Brrrm, brrrm, ropar Vilde, som den rosa og grøne heiter, og peikar ekstatisk bortover vegen. Der kjem søppelbilen.

Les også
Kvalitetstid ute i barnehagen: – 90 % har regntøy, ser eg. Det er bra
Les også
– Det du kan gjera inne kan du gjere ute, men du kan ikkje ta naturen inn
Kvardagsspaning: Vilde Eikland Frantzen følgjer nøye med når søppelbilen kjem.

Pedagogiske pyttar

Snart er seks små og tre store ute på asfaltplassen nærast det gule barnehagebygget. Asfalten er ikkje aldeles slett, og fleire stadar vert det fine plaskedammar.

– Eg elskar dette vêret her, eg. For ungane elskar det. Vassdammar er det beste pedagogiske materialet som finst, og skapar masse kreativ leik, seier Berthelsen.

– Men blir de ikkje våre og kalde?

– Ikkje no, no er det jo varmt. Lenger ut på hausten kan dei bli kalde på fingrane, det kan vere ei utfordring. Men ikkje ellers på kroppen. Dei har gode regnklede og ull.

Bak den raudmåla døra til leikelageret skjuler det seg meir enn syklar og spadar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vatn! ropar Eimund. Han har med seg ei flaske vatn til bebuarane i leikelageret. Rett bak han kjem Vilde med nyklane til hengelåsen.

Byr på litt av kvart: Kristine Berthelsen tek gjerne med seg litt ekstra inn i jobben som styrar – mellom anna tek ho med seg kaninane i barnehagen kvar måndag. Der bur dei til det blir helg.

– Takk, takk, seier Berthelsen og låser opp. Her inne overnattar nemleg tre av kaninane hennar på vekedagane.

– Dei må ha vatn, det er heilt rett, seier ho og tek imot vassflaska. Eimund dumpar resolutt ned på bakken og strekker fram armane. Snart får både han og Vilde kvar si mjuke kanin i fanget.

– Mmmm, seier Eimund og legg seg mest dobbelt slik at han kan kvile kjaken mot kaninen.

Kos med kanin: Eimund Urbø set seg ned og får ei av kaninane på fanget.

Så ber toåringane kvar sin kanin over plassen, til uteburet der kaninane bur om dagen.

– Eg veit kva dei et, ropar Lykke Linnea, og tek oss med rundt nokre tre.

– Rams, smiler ho, og peikar på dei lilla geitramsane i skråninga. Ho tek med seg ein kvast, legg den i baksetet på trehjulssykkelen og fraktar den bort til kaninburet.

– Det er ei heilt anna læring for ungane når det er opplevingar og kjensler involvert, seier Berthelsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me kan sjå på ein geitrams og snakke om korleis den ser ut, men ungane hugsar det på ein heilt annan måte når dei forbind den med ei oppleving, slik som å hauste den og sjå kaninane ete og kose seg med den.

Plask og fór: Eimund Urbø syter for plask, medan Lykke Linnea Rinden Solli legg inn geitrams til kaninane.

Til trollbrua

Uteområdet innanfor barnehagegjerdet på Åmdals Verk er mangfaldig. Ein vanleg leikeplass med leikeapparat, store grøne plenar, eit sandområde med segl over, store asfaltflater, kjøkkenhage – og ein skog med både trollbru, berg og stiar.

Åmdals Verk barnehage: Gloye forsyner seg av plenen. I bakkant ser me skogen med trollbrua. Til venstre seglet over sandområdet.
Kjøkkenhage: Lykke Linnea Rinden Solli har drege opp ei gulrot med ei underleg form.

Barna legg i veg innover det kuperte skogsterrenget på trygge, små bein. Ved trollbrua lurar Kristine-trollet, og dei små beina trampar alt dei kan for å provosere henne.

– Kven er det som trampar på mi bru? brøler Kristine, og smårollingane hyler frydefullt når ho kjem mot dei med breie trollarmar. Dei kjem seg unna og Berthelsen ler godt.

– Treningsapparatet ligg her. Viss ein ser bortover så er det steinar, klatring og koordinering. Og flesteparten av desse ungane er to år, seier ho medan ungane set kursen mot eit lite berg. Her kryp, klatrar og går dei opp, medan nedturen er gåing, aking, klatring og hopping inn i vaksne armar. Opp og ned att, opp og ned att.

Opp og ned, igjen og igjen: Neri Rinden Johre (1) kjem seg opp på berget, og erfarer kva omgrepet «glatt» betyr. Dei trygge armane til pedagog Marianne Lund er klare til å ta han imot på nedturen.

– Den indre motivasjonen til å gjenta same øvinga så mange gonger, og at dei har moglegheita til det, er veldig viktig, seier Berthelsen.

– Men kjem den indre motivasjonen av seg sjølv når ein reiser ut?

– Det er ikkje alle ungar som har den, så det må du vere obs på. Det lærte eg på «Liv og Røre», at det var viktig å finne ungane som manglar litt den indre motivasjonen og lett gjev opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er det noko triks for å motivere dei?

– Det er berre å vere der og støtte dei når dei prøver.

I dag er det endå meir å finne på ute enn kaninstell og trollskogtur, for Berthelsen har tatt med seg eit av dei større kjæledyra sine.

Hest er best

– Hihihihihiii! kvin ungane medan dei kikkar inn på islandshesten Gloye, som står i ei hestevogn nede på asfaltplassen.

Hihihihiii:: Ungane har hatt hest på besøk før, og vil gjerne helse på Gloye.

Dette er tredje gongen Berthelsen tek med hest i barnehagen i løpet av det året ho har vore styrar her. Ein etter ein får ungane hjelm på hovudet og vert løfta opp i salen. Ein vaksen leier hesten, ein annan har eit tak i jakkeryggen til den unge ryttaren, og så går dei ein runde.

– Det er ikkje alltid at alle har lyst, så det gjeld å smi medan jernet er varmt, smiler Berthelsen når eitt av barna som før har vegra seg plutseleg har lyst til å opp på hesteryggen.

– Dei er jo berre ei lita runde kvar, men det er utruleg kor mykje leik dette skapar. Dei leikar gjerne hest resten av dagen etter ein ridetur.

Blid ryttar: Bjørn Einar Fjellstad Lassemo er klar for ridetur.
Nestemann: Nora Ramsvatn Angell hjelper Vilde Eikland Frantzen på med hjelmen.
Rundt skulebygget: Nora Ramsvatn Angell held i Vilde, medan Kristine Berthelsen leier hesten saman med Lykke Linnea.
Leikar vidare: Hesteleiken kan pågå i lang tid etter ei rideoppleving. Inne har dei sala opp ei sitteleike, medan dei grønne stolane til dei vaksne blir snudd på hovudet og forvandla til sklier.

Ho veit at dei har mange godar i Åmdals Verk som gjer all uteaktiviteten mogleg. Eit stort og rikhaldig område, gode uteklede til både store og små, og stabile vaksne der tre av fire er pedagogar. Ein joker i bemanninga er morgonvakta Alice Finkenhagen, som gjer reint før opningstid og tek imot barna som kjem fyrst.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ho let dei vere med på alt – legge moppar i vaskemaskina, trykke på knappar. Dei lærer mykje og er kjempeinteresserte, fortel Berthelsen. Ei slik raus og open haldning er med på å senke skuldrene.

– Ho seier «bli med» i staden for «nei, dette er reinhaldarens ting».

Dei vaksne legg lista

Berthelsen peikar også på korleis rause og leikne vaksenroller hjelper barna å lære regulering av kjensler og åtferd.

– Klokka kvart på åtte kvar morgon er Raudhette og ulven i full gang her inne. Då dreg Alice på ein sixpence med klaffar på og ein unge får på ei rosa luve, og så er dei i full gang. Då er det fullt køyr i ti minutt. Så set Alice seg ned og orkar ikkje meir, og då set alle ungane seg ned også, ler Berthelsen.

Fantasileik og regulering: – Det er ikkje mykje ein treng for å ha det moro, fortel styrar Kristine Berthelsen. Når morgonvakta tek på seg sixpencen med klaffar, vert ho til ulven, og barnet med den rosa luva vert Raudhette. Så er det fullt køyr i ti minutt, før både den vaksne og ungane fell til ro.

Barnehagelivet inneheld ofte lange dagar, og å koma seg mykje ut i all slags vêr fører til gladare og meir fornøgde ungar, forklarar Berthelsen, og understrekar kor viktig dei vaksne si haldning er for å få dette til.

– Alle dei vaksne her har eit ønske om å vere mest mogleg ute. Me dreg i same retning.

Grunnstrukturen i Åmdals Verk barnehage er at alle er ute frå 9 til 11 og frå 14:30 og ut dagen. Om sommaren er dei endå meir ute, medan kalde vinterdagar gjer at utetida blir kortare.

Sidan ingen hadde lyst til å vere inne for å lage varm lunsj i dag, har dei ein dynegraut i omnen som snart er klar. Medan garderoben fyllast opp av dryppande regnklede, gler Berthelsen seg til å lage meir av maten ute.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg fekk nemleg eit tips til på «Liv og Røre»: gassbluss. Det er mykje enklare og tryggare når ein skal lage mat ute enn bål. Så det må me få oss.

Ellers er det berre ein ting til Berthelsen kjem på at ho manglar i den innhaldsrike barnehagen på Åmdals Verk.

– Me kunne godt vore fleire ungar her. Tolv hadde vore perfekt!

Gladare ute: Vilde Eikland Frantzen er godt fornøgd med å utforske barnehageskogen i regnveret.