Arabygdi

Liner i landskapet

Framleis står det der det vesle grå høyselet med rusta bølgjeblekktak. Ein gong ein viktig bygning som tok godt vare på grøda som skulle sikre buskapen fôr gjennom vinteren. Buskap som igjen, saman med auren i Totak og reinsdyra på Songa, sikra mattilgangen for folket i fjellbygda.

I 1956 starta det store krafteventyret; utbygginga av Tokke-anlegget, noko som markerte starten på ei ny tid i Vest-Telemark. Ifylgje digitalt museum er området som vart berørt av utbygginga større enn Vestfold fylke.

Artikkelen held fram under annonsen.