Fint å kome heim til jol: Camilla Lagergren Knudsen (f.v.), Knut Hallvard Askje, Mia Midtbø, Tor Olav Gunvaldjord, Dag Einar Urbø og Vetle Johre kosa seg med tre-rettars på Dalen hotell. Arrangementet «Heim til jol» skal vere ein møteplass mellom næringsliv, kommune og dei som skal heim til jol eller som lurar på kva slags moglegheiter som finst i Tokke.

Lokalt næringsliv og dei unge møttest på Dalen hotell. – Super måte å vekke interesse hos dei unge

Arrangementet «Heim til jol» er i ferd med å bli ein tradisjon i Tokke. Fredag inviterte kommunen både næringsliv og dei som skal heim til jol, eller lurar på kva moglegheiter som finst i Tokke, til prat og middag på eit jolepynta Dalen hotell.

– Dette er heilt fantastisk! Veldig ulikt alt eg har vant til frå før, fortel Silje Agdestein.

– Eg er jo vant til by-ting, legg ho til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ønsker å starte noko sjølv: Silje Agdestein kjem frå Bergen, men har budd nokre år på Dalen. Ho er friluftsstudent og har lyst til å jobbe med friluftsliv i nærområdet, til dømes guida turar.

Silje kjem frå Bergen, men litt tilfeldigheiter og naturen førte til at ho flytta til Dalen for tre-fire år sidan. Nå bur ho her med sambuaren sin, jobbar på Coop og er friluftsstudent ved USN (Unversitetet i Søraust-Noreg) i Bø.

– Eg kjente ingen då eg flytta hit. Og vart så godt tatt imot, eg opplevde at folk tok kontakt med meg, fortel Silje.

Når ho får spørsmål om det er noko ho saknar her, må ho tenke seg om.

– Eg kjem ikkje på noko. Jo, forresten. Det skulle gjerne vore litt betre treningsfasilitetar.

Det store ønsket til Silje er å jobbe med friluftsliv, og å starte noko sjølv. Ho ønsker å bruke naturen i nærområdet og gjere friluftslivet meir tilgjengeleg – det kan til dømes vere gjennom guida turar.

– Spørsmålet er berre om det er oppnåeleg, seier ho.

Håpar arrangementet blir årleg

Dette er andre gong Tokke kommune inviterer til «Heim til jol» i førjolstida. Varaordførar Camilla Lagergren Knudsen fortel at håpet er at det blir eit årleg arrangement, og at rundt 30 meldte seg på i år, det er om lag dobbelt så mange samanlikna med i fjor. Målgruppa er unge vaksne i alderen 18 til 35 år, men dei er litt fleksible på dette, og elles dei som skal heim til jol og/eller er nysgjerrige på kva moglegheiter som finst i kommunen.

Lagar ein møteplass: Næringsutviklar Hilde Hagen (f.v.), varaordførar Camilla Lagergren Knudsen og arealplanleggar og heimflyttar Jenny Fetveit på «Heim til jol» der næringsliv, kommune og komande eller nye heimflyttarar kan møtast.

I tillegg til varaordføraren er også næringsutviklar i kommunen Hilde Hagen med på arrangement. Det er også arealplanleggar og ganske fersk heimflyttar Jenny Fetveit. Ho kjem frå Bøgrend i Vinje.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Verdas beste plass, fortel ho.

Men likevel valte ho å flytte til Dalen då ho skulle flytte heim til Vest-Telemark. I mellomtida har ho budd mange stadar, og i fleire byar – Trondheim, Oslo, Skien, Basel. Ho er veldig glad for at ho valte å flytte tilbake til bygda.

– Eg har aldri angra, og kjenner meg veldig velkommen her. Det er fint å treffe kjente på butikken igjen, og ikkje vere ei usynleg brikke i byen, seier Jenny.

Medan Hagen fortalde litt om dei ulike moglegheitene som finst i kommunen, fortalde Fetveit litt om erfaringar som ny i Tokke og litt om arbeidet som arealplanleggar i kommunen.

– Målet er at folk skal bli kjent med bedriftene og sjå kva slags moglegheiter som finst her. Og at bedriftene skal få vise seg fram, og fortelje kva dei treng, fortel Lagergren Knudsen.

– Det er viktig for oss at Tokke kommune blir oppfatta som ein attraktiv og framoverlent kommune, legg ho til.

Seks bedrifter presenterte seg

Totalt var seks bedrifter til stades på arrangementet – VTK, Statkraft, Brunvoll Mar-El, Dalen Mekaniske, Johre Revisjon og Telemark Næringshage, og alle gav ein liten introduksjon om arbeidet dei gjer og kompetansen dei har behov for.

Og ei klar melding gjekk att hos fleire av bedriftene – lurar de på noko, berre ta kontakt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heim til jol: Thor Olav Gunvaldjord (f.v.) har nyleg flytta til Høydalsmo, Dag Einar Urbø kallar seg delvis heimflytta og jobbar i Statkraft samstundes som han tek master innafor elkraft, medan Vetle Johre bur på Dalen og representerte verksemda Johre Revisjon denne kvelden.

Thor Olav Gunvaldjord var ein av dei som hadde tatt turen til Dalen hotell på fredag. Han har nyleg flytta til Høydalsmo, og vil gjerne høyre om kva slags moglegheiter som finst i den nye heimkommunen. Knut Hallvard Askje sit rundt same bord. Han har arbeidd som maskinførar, men er nå i gang med studiar for å bli byggingeniør.

– Eg studerer i Porsgrunn og bur der nå, fortel Knut Hallvard.

Han byrja i haust, men har ingen planar om å bli i Porsgrunn.

– Planen er å flytta heim att, og då er det greitt å sjå kva det går an å gjere her i kommunen, seier han.

Han er 23 år, og fortel at han trur ikkje det er så mange på hans alder som har flytta heim igjen endå.

– Men det er ein del av gutane som aldri har flytt ut, seier han.

Mia Midtbø og Dag Einar Urbø deltek også på «Heim til jol». Dei er begge frå kommunen, og planen er klar – dei skal busette seg her. Medan Dag Einar kallar seg delvis heimflytta, og tek ein master innafor elkraft samstundes som han jobbar deltid på Statkraft, går Mia siste året på lærarutdanninga. Dei er positive til at kommunen inviterer til «Heim til jol».

– Dette er ein super måte å vekke interesse hos dei unge på. Me kan både finne ut kva som finst, og få formidla kva me ønsker oss. Det er også veldig raust å ha det her, meiner Mia.

Artikkelen held fram under annonsen.