Tittei: Tor Einar Versto og Lars Olav Bekhus Råmunddal frå Vinje har det mildt sagt triveleg saman i campingvogna. – Det blir ikkje betre, seier Råmunddal.

Konsert, kranbil og kjærleik. Her er årets bildeserie frå Countryfestivalen

Den 23. Countryfestivalen i Seljord er over med heile 29 000 besøkande. Her kan du mimre litt med bilete frå både camp-liv og konsertar.

Heldig seljording: Ser ut som at Tarjei Sivertsen frå Seljord har det er heilt greitt på festivalcampen med to nye veninner frå Åmli.
Olavsson Vinje: Olav Nykos Midtun frå Skålestrondi kosar seg på Countryfestivalen saman med kranbilen sin blåMAN.
Flaggfråvær: I krana til Midtun heng det tre firmaflagg, men ingen av dei tilhøyrer Tor Berge (t.h.) frå Morgedal.
Veninner: Anja Due (t.v.), Tuva Grindholm og Anne Gotuholt Breidalen frå Kviteseid klare for festival.
Ekte cowboy: Olav Bjørn Heddejord kjøpte heilt nye chaps allereie fyrste dagen. Han får hjelp til å teste kvaliteten av Bjørn Henning Bjørge. Begge kjem frå Seljord.
Dansekurs: Det var så mange på linedance-kurs at dei ikkje eingong kunne stå på line.
Nybygg: Torjus Våge Lia frå Seljord sin campingvogn blei fullstendig knust under fjorårets festival. I år har han med hjelp av kompisar bygd heilt ny brakke med fleire sengeplassar og innlagt straum.
Fallen krigar: På omvising i nybygget må Lia pakke dyna rundt bootsa til ein cowboy som tar seg ein liten kvil.
Inkognito: Nokon har kledd seg smart med tanke på at det flyr dronar over festivalområdet i år.
Slappar av: Medic Sør tok det nokså roleg midt på dagen.
Cross-country: Denne dansegruppa har reist frå Finland for oppleve festivalen i Seljord.
Reparere: Kristine Midtbø frå Tokke prioriterer reparering av festforma på dag 3.
Mi lokalavis: Jone Tysseland og Ingrid Lundeberg på campen. – Det er til lokalavisa mi, forklarar Lundeberg som kjem frå Brunkeberg.
Prøvar noko nytt: Gilde har eit langt samarbeid med Dyrsku'n. I år prøvar dei seg også på Countryfestivalen. Frå venstre: Charlotte Dahl, Mari Gjørum; Michelle Waal Halvorsen og Torstein Dahl.
Ture-mat: Ein cowboy kjøper nokre porsjonar med turmat frå Torstein Dahl frå Gilde, og får med seg nokre pølsepakker på kjøpet.
Gjekk opp eit lys: Dans på bordet med lampeskjerm på hovudet.
Ferdig på jobb: Lisa Turøy Christiansen er bassist i «Bad Brooks» og kom akkurat ned frå den store scena i Fjoset. – Eg plar ikkje vere så veldig nervøs, men no var eg verkeleg det, seier Christiansen som gler seg til å feire fullført konsert med resten av bandet.
Jobb-telefon: Guro Bjørge og Vegar Hauglid er alltid oppdatert på jobb, men tvilar på at det var noko veldig viktig på Dyrud Elektro sin snapchat-gruppe fredag kveld.
Mat og drikke: Torjus Våge Lia og Mathias Herfoss Aase frå Seljord passar på å få i seg mat. Stemninga er god, om det så kjem litt regn i ny og ne.
Venner frå Vennesla: Fredrik Berg Nordbø, Sebastian Knutsen og Preben Tobias Venemyr frå Vennesla på veg til konsert.
Tipp topp: Ein tommel opp frå Tone Berge frå Morgedal fredag kveld.
Country-Kurt: Kurt Nilsen leverte på scena fredag. Aslag Haugen var ikkje å sjå...
Småbruk og cymbalar: Jammen var det sjølvaste leiaren i Vest-Telemark Småbrukarlag Tor Mølster Byggland bak kameraet på scena med Kurt Nilsen.
Les også
– Me må tore å spørje, og tore å få svar
Ei pustepause: Diakon Ingunn Liseter og assisterande kyrkjeverje Jon Svartdal frå kyrkja i Seljord er på plass som vanleg med kaffi og twist.
Fredrik frå Fredrikstad: Fredrik Tvete frå Fredrikstad jobbar dugnad for fotballaget Veum BK.
På veg til konsert: Torjus Nordskog Ek Brynilsen frå Morgedal og Miriam Durano Nordbø frå Hjartdal på veg til konsert ein solfylt fredagskveld.
Artist: Countryartisten Betty Roots har både spelt eigen konsert og vore dommar i konkurransen Sjøormencountry denne helga.
Strålande: Ingrid Bergsagel og Kirsten Hus Flatebø frå Etne i strålande humør.
Gaffa fiksar alt: Jonas Herfoss Aase frå Seljord teipar saman den stakkars vogna til Tor Halvor Lien Kittelsaa.
Indianar: Truls Aksvik (21) frå Rauland i godt humør.
Eit minne for låret: Ragnhild Berge frå Morgedal er blant dei som ordna seg ny tatovering på Countryfestivalen.
Eit minne for låret: Tatoveringa er på engelsk, men tyder noko slikt som: «ha dikkon vekk bygutar!»
"Brødrekysset": Bjørn Aslak Ståland frå Kvitesed og Tor Halvor Lien Kittelsaa frå Seljord.
Betre enn i fjor: Venninnene Nina Haugestøl og Cathrine Golid frå Kviteseid synest stemninga på Countryfestivalen var endå betre enn i fjor.
Hårtap: Olav Midtun er ein av fleire unge menn som har mista håret i løpet av helga på grunn av stress og press på ungdomscampen.
Løysing: Heldigvis har han fått seg ein fin hatt ...
Resultat: ... som plaster på såret.
Amp og dress: Tok heilt tilfeldigvis eit ekstra bilde av ein som bar gitaramp i dress bak Caféscenen.
Favoritt: Då det blei klart at Hellbillies ikkje skulle koma gledde dei lokale seg mest til E-76 skulle spele. Her er dei fredag kveld på Caféscenen.
Fan: Fyrste rad på E-76.
Klare for countrytrafikken: Drivar Anette Halvorsen og tilsett Anny Nes på Shell i Seljord merkar festivaltrafikken. – Plutseleg kjem det veldig mange på ei gong, seier Nes.
I sentrum: Øsmon Øverbø Aarbakk (17) har ordna opp Mercedesen med hjelp av faren sin og køyrer no blikkfanget frå Åmotsdal til Seljord til Bø og tilbake. Neste år tenkjer han seg inn på festivalenområdet, men tar nok ikkje traktoren med seg.
Framtida er no: Forsøk på bilete av ein drone i lufta fredag kveld.
Konsert: Rotlaus på scena fredag kveld.
Konsertoppleving: God stemning i publikum på Rotlaus.
E-76: Fullt dansegolv på E-76 fredag kveld.
Ferdig: Det siste biletet før kameraet gjekk tok for straum: eit par trøytte cowboyboots.

Andre saker frå festivalen:

Les også
Stemningsrapporten frå Countryfestivalen i Seljord
Les også
Mål om godt samarbeid mellom SLT-koordinatorane i Vest-Telemark

Frå fjorårets festival:

Les også
Sjå alle bilda frå Countryfestivalen