Militær disiplin: Lærar/fenrik Olav Nordstoga tok i mot fråværsmeldingar frå troppsleiarane i kompani Slettemoen.

«Kompani Slettemoen» på Høydalsmo skule: – Fenrik, kompanirekrutt 40 melder tropp 6 klar

Elevane i 1.–7. klasse på Høydalsmo skule står oppstilt bak kvarandre i sirlege rader på gymsalgolvet, ikkje klassevis men troppevis. Fremst i kvar rad står troppsleiarane, som ein etter ein melder om troppen er klar til fenrik Olav Nordstoga.

Det er fredag før vinterferien, og i ei veke har barneskulen og mellomtrinnet i Høydalsmo lagt bort alt som heiter timeplan. I staden har dei hatt temaveke med tittelen «Kompani Slettemoen».

– Det var litt merkeleg å møte på jobb i uniform i dag. Men det er rart med det, no kjennest det heilt naturleg, seier Nordstoga i det han er på veg gjennom skulebiblioteket i retning gymsalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han er lærar ved Høydalsmo skule, men har også gått befalsskule og vore i utanlandsteneste to gonger. I dag har han tatt på seg militærhatten, noko som gjer at elevane øver ekstra intenst før dei skal vise han kva dei kan.

Mellom bokhyllene bak Nordstoga terpar ein tropp på dei militære kommandoane. Det er berre nokre minutt til dei skal vise kva dei kan inne i gymsalen. Sjuandeklassingen Silje Zysk er troppsleiar og gjev kommandoane med klår røyst.

–Tropp! Rett! Giv akt! Hvil! kommanderer ho. Alle lear seg synkront og presist, og Silje smiler fornøgd. Så er øvetida ute, og det på tide å marsjere til gymsalen.

Ei annleis fråversregisterering

Radene kjem raskt på plass, og står med andletet mot fenrik Nordstoga. Så begynnar ei fråværsregistrering som truleg saknar sidestykke i Vest-Telemark. Troppsleiarane i dei seks troppane gjer ei militær helsing med handa opp til panna, og melder frå etter tur. Dei fleste har ein eller to borte, men i troppen til Andreas Neverdalen Brateng er alle på plass.

– Fenrik, kompanirekrutt 40 melder tropp 6 klar.

Oppstilling: Troppane står på rad og rekke og ventar på å melde frå om oppmøtestatusen.

Så er det tid for å vise kommandorørslene. Ein og ein kjem troppane fram, stiller seg side om side med ei armlengds avstand til kvarandre og tek imot rekka av kommandoar frå Nordstoga.

Den militære gymsaløvinga vert gjennomført med fullt fokus frå store og små, jenter og gutar. Gjennom heile opplegget er det så stille i rekkene at ein kunne tatt knappenålstesten utan problem. Men det er slett ikkje innandørs kompani Slettemoen har hatt mest aktivitet denne veka, og det har ikkje vore stilleståande og taust.

Slettemoen

For om ein går ut dørene til skulen og kortaste veg ned til Oftevatn, ser ein tydeleg ein brei sti over isen. Det tek fem minutt å krysse over til Slettemoen, og det er der elevane har halde til store delar av veka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har saga, spikka og hogd, og elevane har laga leirplassar med bålplass, gapahukar og lavvoar, fortel lærar Trine Lothe.

– Og så har me laga flagg til leirane, steikt sveler på bål, Kviteseid Jeger- og Fiskerforbund har lært oss å pilke, me har hatt isbading, hinderløype, observasjonspost og dei største har hatt skytetrening. Elevane har også lært å montere og bruke stormkjøkken, der dei fyrst måtte gjennomføre stjerneorientering for å finne delane dei trong.

Men etter å ha vore ute det meste av veka, har dei bestemt seg for å vere inne denne siste formiddagen i temaveka.

– Det er kaldare i dag, med snøvêr og vind, og sidan me skal ha skileik i Oftejordet i ettermiddag valte me å halde oss inne no, forklarar Lothe.

– Men kanskje nokre få kan bli med og vise fram Slettemoen? undrar bladfyken.

– Eg kan høyre om nokre av dei største kanskje vil bli med. Me må jo uansett rydde flagga i dag, seier Lothe medan ho kastar eit tvilande blikk ut glaset. Det snør sidelengs og ser unekteleg lite triveleg ut.

Gaupene og Fjellrevane tek bålutfordringa

Fem minutt etter har kvar einaste kompanirekrutt hoppa i utekleda og er på veg over isen mot Slettemoen, der fargerike flagg vaiar mellom trea og viser veg til leirplassane. Dei fyrste me kjem til er Fjellrevane og Gaupene, der fleire av elevane samlar seg kring ei djup bålgrop.

– Kor raskt kan de få fyr på eit bål då?

Artikkelen held fram under annonsen.

Klokka viser 10:15 når elevane får utfordringa. Dei dreg fram vedkubbar frå sekkane sine og får utdelt kniv frå Nordstoga. Sofie og Silje spikkar flisar og Vegard samlar never. Snøvêr og vind gjer oppgåva vanskeleg, og Sofie set ein berepose over den vesle haugen med flis og never som etter kvart byggjer seg opp nede i gropa.

– Så det ikkje skal bli vått.

Endeleg er det klart, og Silje dreg av den fyrste fyrstikka. Den sloknar med ein gong, og det gjer også fyrstikk nummer to og tre. Stemmene deira vert meir intense ettersom sekundane tikkar.

– Me må jo finne ein stad som er tørr, seier Ingrid.

– Og halde oss lågt nede, for det er vind, nikkar Silje.

Det tek nokre forsøk, men elevane samlar seg tett saman for å lage ein levegg mot vinden. Dei lener seg langt ned i den djupe gropa, og plutseleg får den vesle fyrstikkflamma tak. Dei små flammane vert mata med stadig større flisar og kubbar, og veks seg raskt knitrande og store. 20 minutt etter dei fekk utfordringa kan dei unge kompanirekruttane varme seg medan dei fortel om høgdepunkta i veka som har gått.

Bålkos: Flammene hadde fått godt tak etter om lag 20 minutt med hard innsats frå fleire i troppen. Dermed kunne Ingrid Ofte (f.v.), Silje Zysk, Anne Lund Betten, Vegard Lofthus og Sofie Betten Kleve varme seg og fortelje litt frå temaveka.

Kokkekamp var Sofies favoritt.

– Me bakte hjarteforma pitabrød og fylte dei med pulled pork. Det var kjempegodt! Men det var fløytegratinerte poteter med baconsurra kylling som vann.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mi gruppe vann dessertkategorien. Me laga brownies frå botnen av, med blåbær og melis, skyt Silje inn.

– Og alle ville smake på den!

– Eg synest isbadinga var det beste, seier Emil, som også har kome bort til bålet. Han forklarar at badinga gjekk føre seg i eit kar med isvatn, og ikkje ute på Oftevatn.

– Det var kaldt og gøy, og nesten alle bada.

Hyttebyggande elgar og bjønnar

No ryk det frå fleire leirplassar på Slettemoen, og me vandrar vidare til «Elgane» og «Bjønnane». Der ligg fleire fine byggverk etter kvarandre; fyrst ein høg, luftig bjørkelavvo, så ei lang, låg granhytte.

– Me laga fyrst ein gapahuk. Så laga me lavvo i eine enden, og så bygde me andre sida, forklarar Martin og Kristian, som er to av byggmeistrane bak granhytta.

– Kor lang tid har de brukt på dette?

Etter litt kjapp hovudrekning kjem dei fram til at nokre av rekruttane i troppane deira har jobba i minst seks timar med granhytta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når me kikkar inn i den, finn me tre små jenter og eit stormkjøkken. To spring ut for å klatre medan tredjeklassingen Randi tek utfordringa med å setje det saman.

– Det er lett, seier ho, og på 20 sekund har ho sett delane saman.

– Men veit du korleis det fungerer?

Randi plukkar det frå kvarandre att medan ho peikar og forklarar kor raudspriten skal og kor ein tenner på.

– Men viss me skal gjere det må det vere ein lærar med, legg ho til.

Stormkjøkken: Randi Lund Betten bruker berre nokre sekund på å setje saman delane rett.

Medan bladfyken finn stien attende over isen, vert det framleis saga, bygd, fyra og klatra på leirplassane. Vel framme ved skulebygget kan ein framleis skimte nokre flagrande fargeglimt gjennom snøføyka.

Dei er nok ikkje heilt klare for å ta ned flagga enno, rekruttane i kompani Slettemoen.

Slettemoen klatrepark: Agnes Lundevall-Bleiklia og Hanna Gjersund liker seg i trea. – Dette er klatreparken vår!