Karantene-kjærastane Andrea (5) og Halvard (5)
5-åringane Andrea Breidalen og Halvard Gravir har funne ein ny, fin måte dei kan skravle, leike og seie fine ting til kvarandre på. Nå brukar kjærastane Facetime, men gler seg veldig til å møte kvarandre att.
Frå verandaen ser Halvard Gravir ned til besteven og kjærast Andrea Breidalen. Dei er 5 år og går i barnehagen saman. Eller dei gjorde det, nå er dei jo heime kvar dag. Ikkje kan dei ut i gata å leike saman, ikkje på besøk eller ete kveldsmat hos kvarandre.
Halvard har vore forkjølt, og mamma jobbar i helsevesenet, difor har kjærastane karantene frå kvarandre. Dei må ta ansvar, dei også.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me må halde avstand nå, seier Halvard veslevakse.
Skal gå saman til skulen
5-åringane gler seg til hausten. Då skal dei starte i fyrsteklasse på Kviteseid skule og dei skal gå saman til skulen kvar dag.
Heilt sidan dei var 2–3 år gamle har dei leika mykje saman. Anten heime hos Andrea, ute, eller hos Halvard.
– Me leikar butikk og familie, og me spelar musikk og leikar «band», fortel Andrea.
– Korleis er Halvard?
– Han er fin og tøff, seier Andrea.
Likar å vise at dei bryr seg
Andrea og Halvard er også flinke til å seie fine ting til kvarandre. Dei kan teikne ei teikning eller legge ei leike i postkassa til kvarandre, og foreldra høyrer dei seier fine ting til kvarandre når dei leikar saman.
Inntil vidare held dei to 5-åringane stadig kontakt på Facetime for å høyre kva den andre har gjort i løpet av dagen, og så må ein finne nye måtar å glede kvarandre på.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg er glad i deg, Andrea. Skal eg plukke nokre blomar til deg? Slike? spør Halvard og viser blåveis inn i skjermen til ein fnisande 5-åring i den andre enden litt lenger ned i Lauvstadfeltet.