Skreiv brev til kommunen: Irmelin Meinstad (8) frå Seljord blei så lei seg når kommunen hogde trea langs Brøløs at ho skreiv brev til kommunen.

Irmelin (8) skreiv brev til kommunen. – Trea var heimen til mange fuglar, dyr og insekt, og tre gjev mykje oksygen

Kvar dag på veg til skulen køyrer Irmelin Meinstad (8) gjennom Brøløs og har vore glad for å sjå dei store lindetrea som laga ein slags tunell utan tak i gata.

– Trea langs gata i Seljord var så lune og fine. Når me køyrde der følte eg at dei var ein tunell utan tak, og når det kom snø la den seg i trea som eit teppe, beskriv Irmelin Meinstad.

Men ein dag var dei store lindetrea borte, noko 8-åringen syntest var veldig dumt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var jo så fint når trea var der, nå er dei borte, det er tomt og ope. Trea var heimen til mange fuglar, dyr og insekt, og tre gjev mykje oksygen. Eg spurde mamma kva me skulle gjere, og ho sa at eg kunne skrive eit brev til kommunen. Så då gjorde eg det då, fortel den ivrige 8-åringen.

Skreiv brev: Dagen etter Irmelin oppdaga at trea på Brøløs blei styva med motorsag, sende ho dette brevet til kommunen.

Usikker på mottakaren

Irmelin fortel at ho var litt usikker på kven ho skulle skrive til i kommunen, men saman med mamma landa dei på teknisk avdeling.

– Eg var så redd at det skulle kome til feil plass, men blei meir sikker på at det måtte vere riktig då me køyrde over Brøløs på veg til kommunehuset. Då såg eg det stod teknisk på ryggen til ein av dei som saga trea, fortel ho og blir tankefull eit lite sekund.

– Eg har tenkt på at det burde kanskje heite fysisk avdeling i staden ... Teknisk – då tenker eg på pc-ar og slike tekniske ting. Eller vent, ei motorsag er kanskje litt teknisk, handsag hadde vore meir fysisk kanskje. Det er nok riktig med teknisk, konkluderer ho.

Vil ikkje vere sur

Irmelin seier det var skummelt å levere brevet, ho turte ikkje sjølv, men var med mamma Janne Bakken inn på kommunehuset.

– Eg teikna eit hjarte på konvolutten, slik at dei ikkje skulle tenke at eg var slik sur, fortel ho.

– Det kunne jo hende at kommunen synest brevet var bare kritikk, og at dei blei sure. Eg var veldig spent på om dei hadde tid til å svare, dei har veldig mykje å gjere i kommunen, trur Irmelin.

8-åringen seier at ho var meir nervøs då brevet blei levert enn når ho skal spele skodespel på ein scene. Ville det kome svar, tru?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg blei så glad når brevet frå kommunen låg i postkassa. Det var eit bra svar der dei forklara skikkeleg kvifor dei hadde hogd på trea. Nå må eg stole på at dei snakkar sant, og at det vil kome greiner og blad på trea att, fortel 8-åringen som rydda oppslagstavla på rommet og hang opp svaret frå kommunen på veggen.

– Eg teikna eit hjerte på konvolutten då mamma leverte brevet på kommunehuset, slik at dei ikkje skulle tenke at eg var slik sur
Irmelin (8)

Dette stod i svaret Irmelin fekk frå Seljord kommune:

«Hei, Irmelin

Takk for at du sende brev med spørsmål om trea på Brøløs. Vi har heldigvis ikkje hogge ned trea. Dei lever enno. Det vi har gjort er å styve dei; dvs. at vi har frisert dei i toppen. Lindetrea var blitt store og høge. Viss du la merke til det, så kunne du sjå at store bussar og trailerar hadde kutta av ein del greier og nærmast forma trekrona inn mot vegen. Vi har lenge tenkt at vi måtte gjere noko med trea som veks så nær Brøløsvegen. Og vi vil gjerne ha trea i sentrum. No vil greinene vekse ut frå stammen og danne fine og passande tre til å ha i sentrum. Dersom trea hadde vokse ute i skogen, kunne dei ha blitt så store dei ville. Men her i Seljord sentrum må vi ta omsyn til trafikktryggleik, brøytebilane (traktorane), gateljosa og all trafikken gjennom sentrum.

Lindetrea er flotte tre med heilt utruleg god lukt frå blomane som blømer midt på sommaren. Trea er som du skriv, levestad for fuglar og dyr. I tillegg er trea og dei grøne plantane heilt avgjerande for livet på jorda. Lindetrea vart planta i 1993. Lind kan bli fleire hundre år gamle. Vi har også nokre rognetre og kirsebærtre langs Brøløsvegen og Ingrid Slettens veg. Det er dessverre nokre tre som har blese ned i vinden, og det er nokre tre som er døde. Her må vi plante nye når vi får høve til det.

Håpar dette er greitt svar på det du spurde om. Vi set stor pris på at barn og unge tek kontakt med kommunen.
 Ha ein fin dag!

For Seljord kommune, Torunn Raftevold Rue, 
kommunalsjef samfunnsutvikling og drift.»