Vandring: Over tre dagar blei «Vandring med håp» gjennomført førre veke.

Ikkje ein pilegrim er lik

I førre veke var det igjen vandring med psykiatrien i Vest-Telemark og diakon Eilev Erikstein. Skal me tru diakonen er kvart år ei ny reise med nye relasjonar, uventa hendingar, folk som blømer og der ein oppdagar landskapet ein har gått i mange år på nytt vis.

Vandringa er open for alle og blir kalla «Vandring med håp». I år gjekk turen over tre dagar, mot vanlegvis fem. Strekket som ein dekte i år, var frå Prestegard til Røldal. Blant deltakarane var Halvor Homme (ordførar i Nissedal), Odd Volden frå Mental Helse og Tom Gunnar Kroken frå Statkraft. Dei hadde ei positiv oppleving av turen og kosa seg. Dei blei varmt motteke av deltakarane og hadde mange fine samtaler.

Viktig samarbeid

Homme har lenge samarbeida med Erikstein og synest det er viktig å kome ut. Han meiner også at den nystarta lågterskeltilbodet ein har starta i Vest-Telemark, kor ein kan kome innom for ein prat om ein slit litt, er viktig.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eilev kan vera overbevisande og det er fyrste gongen eg er med på denne pilegrimen. Det er noko som heiter at ein sunn lekam er viktig for sjela. Eg trur dei to tinga er avhengig av kvarandre, så eg stør gjerne arbeidet til Eilev. Det er viktig å kome ut og få seg ein luftetur, enten for å lufte seg blant folk eller for å lufte seg i naturen, det påverkar vår psykiske helse, meiner den aktive toppturmosjonisten Homme.

Han meiner også at denne pilegrimen er eit lågterskeltilbod for alle i Vest-Telemark og trur at kombinasjonen natur og fellesskap med andre undervegs kan betre den mentale helsa mykje for deltakarane.

Trafikkaos i løypa: Andre dagen på vandringa bydde på ei utfordrande bru. Stor høgde og lite rekkverk på brua gjorde at nokon ikkje følte seg heilt trygge, men med god hjelp frå andre gjekk det bra.

Naturen gjev ro

Ei av dei som var med på turen og som er glad i naturen er Sonja Huppmann (30). Ho er opphavleg frå Tyskland og kom til Noreg i 2006. Ho blei invitert med av psykisk helse i Kviteseid, der ho også bur. Gleda var stor då ho fekk invitasjonen og ho tenkte seg ikkje lenge om før ho sa ja til å bli med.

– Eg forhøyrde meg litt før eg sa endeleg ja til å bli med, men eg hadde lyst til det med ein gong. På førehand var eg litt spent på om eg kom til å klare turen, men eg har gått ein del i naturen frå før, så det gjekk bra. Eg har inntrykk av at å vandre her er ei åndeleg reise, uavhengig av kva ein trur på, og eg likar den ideen. Når eg gjekk i dag så fekk eg ro i tankane mine. Til vanleg er det eit stort tankekøyr, så det var godt å sleppe det køyret i dag.

På pilegrimen så skjer det alltid noko nytt kvart år, sjølv om deltakarane ofte er dei same. Men nye kjem til kvart år og dannar nye relasjonar, uføresette ting skjer, folk viser nye og ukjente sider, landskapet er kanskje ikkje slik ein huskar og nye og fine samtaler mellom menneske oppstår. Eit døme i år var ein kveld der ein av deltakarane hadde ein kort introduksjon av sving for ei dame. Denne magiske augneblinken der folk viser nye sider av seg, og som kjem uventa på dei andre, er noko av magien med denne turen.

Siste dagen: Følgjet på veg ned Austmanneli siste dagen ned til Røldal. Vêret var grått og tungt i år, men med opphald stort sett. – Fint vêr er oppskrytt, sa Erikstein under turen. Så humøret var på topp i gruppa under heile turen.

Den inkluderande pilegrimen

– Eg startar kvar pilegrim med ope sinn og nytt mot. Spørsmålet eg stiller meg er følgjande: Kven overraskar i år, kva for historier blir snakka om, kven nye kjem, kva skjer i år som me kjem til å prate om neste år og kva for samtale kjem eg til å hugse? I år til dømes plukka me opp to slitne jenter og baud dei inn på middag med oss. Alle i gruppa tok varmt imot dei og var inkluderande. Slik håpar eg at me alle blir ein dag, ein inkluderande pilegrim, seier ein takksam Erikstein etter enda dagsetappe.

Noko som er viktig for pilegrimen er å inkludere alle, slik at det ikkje blir danna klikkar som held seg for seg sjølv. Dei to jentene som var slitne og blei bydd på middag, opplevde det inkluderande miljøet på pilegrimen og praten gjekk livleg.

Tyske Sinje Petersen (23) og svenske Amanda Rødstrøm (27) har studert/skal studere i Noreg og elskar naturen her i landet. Dei opplever det å gå i naturen også som ei mental reise.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ingen distraksjonar i naturen. Så du blir nøydd til å tenkje på deg sjølv og finne ut kva du tenkjer om ting. Det er ingen stader å rømme og du blir meir intuitiv her. Dessutan løyser du mange ting under vandring i naturen, seier Rødstrøm.

Møttest: Dei to venninene Amanda Rødstrøm (t.v.) og Sinje Petersen møttest under studiar i Sogndal og var også ein slags pilegrimar på vandring. Dei hadde gått frå Haukeliseter og til Heddalsbu/Middalsbu før den siste etappa mot Ulevå, som fall saman med deltakarane i «Vandring for håp» sin etappe på siste delen.

– Då eg kom hit forelska eg meg i naturen her. Det er veldig god energi i naturen her og ein kjenner på krafta den har. Eg har mykje sjølvrefleksjon når eg går i naturen, så slik sett er det å gå i naturen ei mental reise som kan bli samanlikna med ei pilegrimsreise, avslutta Petersen før dei reiste frå pilegrimsvandrarane og vidare i fjellet.

Bruhølen: Under vandringa kjem ein borti særmerkte ting. Bruhølen er ein slik plass, og som er ein eldgamal plass å krysse åa som renn ned til Røldal. Teknikken som brua er bygt på, kallas utleggsbru.
Veteran: Lars Geving frå Seljord har vore med heilt sidan ein byrja med pilegrimen. Han var storfornøgd med turen, men håpar at pilegrimen blir på fem dagar neste år og att ein får oppleve dei fyrste etappane neste år som vanleg.
Framme: Følgjet kjem til kyrkja med Eilev Erikstein i fremste rekke i gul vest. Det vart gått tre gonger rundt kyrkja før det var konsert inne i kyrkja. Dette skal etter gamal tru gje lykke.
Samla: Heile følgjet samla framfor den gamle og nedlagte serveringsstaden Prestegard på første dagen og før vandring byrja. Denne dagen var me 28 stk, og det var gjennomsnittet på kvar etappe.
Fugleberget: Følgjet tek ein lang og god matpause ein tredjedel ut i den fyrste etappen. Skravla gjekk blant folk i det fine vêret, som av mange blei kalla «perfekt turvêr».