Halloween: To av gjestene som kom på besøk denne kvelden.

I Treungen har Camilla førebudd seg i lang tid. I Åmot og Øyfjell har dei Halloweenfest. I Kviteseid gjekk dei for ein kanadisk versjon av Halloweenfeiring.

Knask eller knep? Det er mange måtar å markere Halloween på.

– Eg synest detta er gørrmoro.

Det seier Camilla Eilefstjønn i Treungen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er lenge sidan ho begynte å planlegge Halloween.

Halloween: Nytt av året er dette brudeparet.

Mellom huset og løa heng det ei heks på sopelime. På tunet er det dokker, edderkoppar og skjelett. Heile familien har vore i sving for å gjere klart til storinnrykk av halloweengjester. Camilla har kjøpt inn glowsticks og godteri til dei som kjem.

– I fjor hadde eg handla inn til 80 gjester. Det blei for lite, fortel ho. I år har ho derfor handla inn meir.

Halloween: Hannah Grimstveit og bestefar Alfred Eilefstjønn hjelper til.

Camilla prøver å gjere utstillinga rimeleg. Ho følgjer med på bruktsider på Facebook og Finn.

– Det treng ikkje bli så dyrt om ein er kreativ, seier ho.

Halloween i Treungen

Når det mørknar strøymer små og store spøkelse fram.

Ein av dei er Keliam Eriksen Collins. Han er to år og har kledd seg ut som Kaptein Sabeltann.

Han forsyner seg av gryta med godteri, men vil ikkje vere så lenge hos Camilla.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For noko tull. Eg vil heim til bestefar, seier han.

Halloween: Keliam forsyner seg av gryta før han vil heim til bestefar.

Halloweenfest på Knatten

i Åmot arrangerte foreldra Halloweenfest for elevane på mellomtrinnet.

– Me har gjort det i fleire år, fortel Iselin Øyre.

På Knatten samla dei elevane til mat, ulike aktivitetar og skremming ute i skogen.

– Det brukar å vere populært, seier Øyre.

Halloweenfest på Knatten i Åmot

I Øyfjell var tjuge born frå 1-4 klasse samla på Rorge grendehus. Der var det leikar, disco og akkurat passe skummelt, melder foreldra som stelte i stand.

Halloween i Øyfjell: Her er heile gjengen samla på Rorge Grendehus.

Trunk or Treat i Kviteseid

I Kviteseid prøvde dei seg på ein ny vri i år. Justin Dean, som for eit par månader sidan flytta med kone og tre barn frå Canada til Kviteseid, organiserte «Trunk or Treat». Det er ein Kanadisk Halloween-tradisjon.

Ved «Trunk or Treat» går ikkje barn frå dør til dør, men dei går frå bagasjerom til bagasjerom som er dekorert i Halloween-stil.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nytt konsept: Justin Dean har tatt med seg tradisjonen med «Trunk og Treat» frå Canada til Kviteseid. Til venstre: Stian Hauge.

Det kom ikkje mindre enn 16 bilar med opne bagasjerom med Halloween-dekorasjonar, godteri og frukt. Utkledde barn gjekk frå bil til bil med pose, medan vaksne slo av ein prat med kvarandre ved parkeringsplassen ved Kviteseidhallen sundag.

Halloween: Røykmaskin sørger for stemning i Treungen.
Halloween i Treungen
Halloween: Inngangspartiet til Camilla Eilefstjønn.
Halloween: Desse flaskene har Camilla kjøpt på bruktbutikken til frivilligsentralen.
Halloween: i Treungen Vilja Bakken og Elise Kaarstein har hjelpt til med utstillinga.
Halloween i Treungen: Desse gutane frå åttande klasse er klare for ein runde i nabolaget.
Halloween i Treungen: Odin og Olivia
Halloween i Åmot.
Halloween: Det blei knask og ikkje knep på denne gjengen i Åmot.
Halloween i Åmot.
Halloweenfest på Knatten i Åmot.
«Trunk or Treat» i Kviteseid
«Trunk or Treat» i Kviteseid
Halloween i Øyfjell: Feiring på Rorge grendehus.
Halloween i Øyfjell: Feiring på Rorge grendehus.
Halloween i Øyfjell: Feiring på Rorge grendehus.