I Haukeli dyrkar dei frivilligheita. – Eg elskar dugnad
Haukelirennet marknadsfører seg som Noregs blidaste skirenn. Det er ei skildring som passar godt, for her strålar smila til dugnadsarrangørane om kapp med sola.
– Eg elskar dugnad, seier Frøydis Skogheim. Ho er ein av dei med gule vestar som hjelper tilreisande å få sett frå seg bilen greitt ved Haukelifjell skisenter, der rennet startar og sluttar.
– Det er kjempemoro. Me gjer ting saman, og det genererer at ungane våre kan få aktivitetar, smiler Skogheim. Både ho og makkeren Borghild Stormo har vore faste parkeringsvakter i mange år.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er kjempetriveleg, seier Stormo. Ho har verken barn eller barnebarn i idrettslaget, men stiller gjerne på dugnad likevel.
– Det er folk. Og i dag vêr, seier ho og kikkar opp på den nesten skyfrie himmelen.
Tidlegare i veka såg vêrmeldinga langt dårlegare ut, og påmeldinga til rennet vart derfor mindre enn dei hadde håpa – årets deltakartal vart på 516.
– Men me er fornøgde, me. Det var jo ikkje godt å vite at sola kom med dei vêrmeldingane som var, ler dei to.
Ungdommen er nøkkelen
På Rauland har to tradisjonsrike skirenn blitt avlyst i vår fordi ein har mangla folk som vil organisere. Det er ikkje problem i Haukeli. Her er 150 dugnadsfolk i sving – og veldig mange av dei er ungdommar.
– Det er noko av det me har gjort rett her, trur Skogheim.
– Me har med oss masse ungdommar. Viss ikkje me får med oss ungdommen, så sluttar jo dugnadsånda på eit tidspunkt.
Haukelirennet startar frå toppen av Haukelifjell skisenter. Her går deltakarane ei løype på 32, 18 (mosjon) eller 12 (ungdom) kilometer, før dei susar ned til målgang nede i botnen av alpinbakkane. Og ungdommane ser me over alt. Dei skjenkar saft til sveitte deltakarar, hoppar rundt i reinsdyrkostyme og er maskotar, samlar bagasje frå deltakarane i startområdet på toppen, legg det i plastsekkar og øvekøyrer sakene ned til målområdet med skuter.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er moro å hjelpe til, seier Ingebjørg Kili. Ho er ein av dei som samlar inn jakker før starten går. Vanlegvis har ho vore deltakar i rennet, men i år vart ho sjuk rett før.
Unge langrennshåp
Men tre andre ungdommar representerer IL Rein. Ein av dei er Malin Apeland, som joggar opp og ned langs gjerdet i startområdet i djup slushsnø.
– Eg har veldig låge forventingar. Eller, høge til fint vêr og at eg kjem til å kose meg veldig, men det blir tungt. For det er skikkeleg slapseføre, så det blir tungt i bakkane.
Ei av dei Malin konkurrerer med er venninna Kristine Reinsviki.
– Eg har ikkje noko mål om å slå henne akkurat, men me går jo mot kvarandre, smiler Malin.
– Eg skal eigentleg berre prøve å gå det beste eg kan og ikkje dette, seier Kristine, og kikkar mot området der ho om 10–11 kilometer skal over kanten og ned mot mål.
– Ned alpinbakken. I slaps, seier ho og ler litt.
– Har de mål om å slå Petter, da?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Nei, utbryt Malin.
– For han er skikkeleg god.
Petter Lindskog er det tredje ungdomshåpet for IL Rein. Den tidlegare skiskyttaren er såpass seriøs at han ikkje har tid til noko særleg intervju på toppen.
– Eg må gjere meg klar, smiler han unnskyldande.
Starten på rennet er ei spektakulær oppleving som på grunn av dei bratte alpinbakkane dessverre ikkje har så mykje publikum. Deltakarane står i dei ti startspora, ramma inn av gnistrande kvit snø under; fargerike flagg på sidene og blå himmel over.
Nedteljing. Eitt minutt. Tjue sekund. Så smell startskotet, og Petter, Kristine, Malin og alle dei andre stakar seg av stad mot fjell og vidder.
– Stort sett gnagsår
Att i startområdet står to blide hjelpemannskap frå Raudekrossen.
– Det bruker stort sett berre å vere småting, som gnagsår, seier Espen Kroken Dale.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei er kring fem lag utstasjonert langs løypa i dag.
– Men etterpå skal me plassere oss nede i alpinbakken, ved den eine svingen. Der bruker ein del å køyre ut, smiler han.
Han og makkeren durar av stad ut i løypene, og ein av bagasjeskuterane syter for at også bladfyken kjem seg ned att i tide til ungdommane sin målgang. Nærmare målområdet vert skuterduringa overdøyva av jubelbrøl, kubjøller og musikk. Norske flagg viftar, glas løftast i ein skål.
Det er hyttefolket vestfrå som har inntatt den eine skråninga, og dei jublar like høgt enten det er dugnadsfolk på skuter, ein einsleg mosjonist eller eit spurtoppgjer mellom konkurrentar som passerer forbi dei.
Spurtoppgjer
Og spurtoppgjer vert det. Fyrste ungdom i mål er klart best, men nummer to og tre kjem side om side inn på stadion i ein forrykande fart. Ein av dei er Petter.
Heiaropa rungar og han gjev alt, men det held akkurat ikkje. Både Petter og konkurrenten hiv seg over ende og gispar etter luft etter målgangen.
– Det gjekk bra, men det var tungt, seier Petter når han har kome seg på beina att. Ute i løypa låg han lenger bak nummer to; så tok han att forspranget heilt på slutten. Nesten.
– Det blei tredjeplass og medalje, da?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ja, det blei det. Så det er moro det, smiler det lokale skitalentet.
Rundt i målområdet hoppar reinsdyra Hauk og Eli rundt og lagar god stemning.
Så kjem neste lokale heltinne inn mot mål. Kristine gjev alt, og vert nummer seks av jentene.
– Men Malin, har ho gått på ein smell ute i løypa? spør speakeren.
Åtte minutt seinare kjem Malin i mål som den siste av jentene – blid som ei sol.
– Eg er veldig fornøgd, seier ho.
– Det var veldig dårleg føre, men veldig fint på toppen med sol og alt. Og utsikta var nydeleg.
– Klarer du å gje på då, når det er så fint?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ein får veldig lyst til å stoppe og ta bilete og alt mogleg. Men eg måtte jo gje på og koma meg i mål, seier Malin, godt fornøgd med eigen innsats.
Ho går og får seg eit glas saft, og ved saftboda overhøyrer VTB ei utsegn frå ei mosjonistkvinne som samanfattar opplevinga av å vere på Haukelirennet ganske treffande:
– De er så blide og tek så godt vare på oss. Fantastisk service!