Frå Kharkiv til Fyresdal. – Eg var ikkje redd for å døy, men for å miste nokon i familien min, seier Alona.

I fjor feira Alona 20-årsdagen i eit bomberom i Kharkiv. I dag skal ho feire dagen i Fyresdal

Det har vore eit dramatisk år for Alona Lahunova. Heimbyen hennar er lagt i ruinar. Nå håpar ho på ei framtid i Noreg.

Då krigen braut ut 24. februar i fjor budde Alona på hybel i Kharkiv saman med søstera.

– Faren min ringde halv fem på morgonen og sa at eg måtte vakne. Krigen hadde starta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kharkiv er den nest største byen i Ukraina, den ligg nordaust i landet, ikkje langt frå den russiske grensa. Russiske styrker invaderte byen tidleg på morgonen 24. februar i fjor. Det var harde kampar og rakettangrep. Nå er store delar av byen lagt i ruinar.

– Det var som på ein film. Dei bomba heile tida. Me såg ikkje forskjell på dag og natt, fortel Alona.

Sat i bomberom

Dei to søstrene ville helst heim til resten av familien, men torde ikkje å reise ut. Dei sat ei veke i eit bomberom, saman med fleire andre. Alona viser bilder der dei sit tett i tett med teppe og varme klede. Etter ei veke fekk faren henta jentene heim.

– Då laga mamma masse god mat til oss. Ho hadde vore så bekymra for at me ikkje skulle ha nok mat desse dagane, seier Alona og smiler.

Kampane i heimbyen var harde.

– Me forstod etter kvart at me ikkje kunne bli verande i Ukraina, seier Alona.

Dei reiste først til Polen, og kom seinare til Noreg.

– Her har me blitt møtt med respekt og omtanke, seier ungjenta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho håpar på ei framtid i Noreg.

Gjekk i fakkeltog: – Det mest skremmande for meg er at eg ikkje har ein heim å kome tilbake til. Ukraina er ikkje det same, seier Alona. Her deltek ho på støttemarkeringa i Fyresdal saman med kjærasten.

Stor overgang

Overgangen frå Kharkiv til Fyresdal er stor.

– Eg kjem frå ein by med to millionar innbyggjarar, og er nok eit bymenneske. I Fyresdal er det få ungdom, seier ho.

Ho brukar dagane på å lære seg norsk, og har tankar om å studere vidare når norskkunnskapane er på plass.

I dag fyller ho 21 år og skal feire dagen i Fyresdal, saman med foreldre og søsken. Ho er glad for å ha heile familien rundt seg.

– Det var spesielt å ha bursdag 25. februar i fjor, seier ho.

Frå støttemarkeringa: Her er Alona saman med familie og nye vener i Fyresdal