Godt samarbeid: Yuliia Alpatova frå Ukraina og Rob Saly, opphavleg frå Nederland, bur begge i Fyresdal og jobbar på Dalen mekaniske. For Yuliia har det vore god støtte å jobbe med Rob, som sjølv måtte lære seg norsk då han flytta til Noreg i 2003.

I februar byrja Yuliia i språkpraksis på Dalen mekaniske. 1. november fekk ho fast stilling

Språkkunnskapar er som regel avgjerande for å få jobb, og er ein viktig årsak til at det er vanskeleg for dei ukrainske flyktningane å få jobb i Noreg. Teknologiingeniøren Yuliia Alpatova er eitt av unntaka.

Når Dmytro Bilovol signerer kontrakt på arbeidspraksis hos Dalen Mekaniske kan Yuliia Alpatova hjelpe til om det er ord han ikkje forstår.

Både Dmytro og Yuliia har flykta frå Ukraina til Noreg. Dmytro til Tokke og Dalen saman med kona og dei to døtrene Sofia og Anna, og Yuliia til Fyresdal saman med mora og sonen på tolv år. Medan Yuliia hadde sin fyrste dag i språkpraksis på Dalen mekaniske i februar i fjor, og 1. november fekk full, fast stilling, har Dmytro sin fyrste dag i arbeidspraksis i same bedrift nå.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis var det å få fast jobb etter så kort tid i Noreg?

– Eg var stolt av meg sjølv. Mange seier at eg har vore heldig, og ja, eg har det. Men eg har også jobba veldig hardt for dette, fortel Yuliia på tilnærma feilfritt norsk.

Ho er 36 år og utdanna teknologiingeniør. Før krigen hadde ho leiarstilling på ein fabrikk som produserte stålrøyr til gass- og oljebransjen. Derfor er den nye arbeidsplassen midt i blinken for ei med hennar erfaring og kompetanse.

Hardt arbeid: Yuliia Alpatova fortel at ho har vore heldig, men at ho også har jobba hardt for å lære det norske språket fort og få full, fast stilling i administrasjonen på Dalen mekaniske.

– Eg likar jobben godt, smiler ho.

– Og jobben likar henne, seier Rob Saly.

Han er kvalitet- og prosjektansvarleg i bedrifta.

– Yuliia er ein racer på alt av dokument, trass i språket, legg han til.

Rob er opphavleg frå Nederland og måtte lære det norske språket då han flytta til Fyresdal i 2003. Han presiserer at han flytta frå heimlandet sitt frivillig og at det er ein heilt annan situasjon enn Yuliia sin. Men han har erfaring med å lære seg eit nytt språk i vaksen alder, og det set Yuliia stor pris på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er så takksam for at eg har Rob. Han kan fortelje meg om dei små nyansane i språket, fordi han kjenner til det, seier ho.

Urealistiske forventingar

Historia til Yuliia er på mange måtar ikkje typisk. Forsking viser nemleg at for mange av dei ukrainske flyktningane er det vanskeleg å kome ut i vanleg jobb.

VTB samarbeider med fleire aviser om eit prosjekt om dei ukrainske flyktningane. Fakta og talgrunnlag i saka er utarbeidd av Samarbeidsdesken, eit journalistisk fellesprosjekt mellom Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) og NRK.

Vilde Hernes er forskar ved OsloMet, og har undersøkt erfaringane til dei ukrainske flyktningane som har kome til Noreg etter invasjonen for litt over to år sidan.

Ho fortel at det i byrjinga var noko urealistiske forventingar om at det skulle bli heilt annleis å ta imot dei ukrainske flyktningane, samanlikna med andre flyktningar.

– Det har kanskje vore fleire likskapar enn forskjellar i arbeidet med å ta imot ukrainarar og andre flyktningar, seier Hernes.

– Ukrainarane skulle berre gli inn, dette skulle vere som arbeidsinnvandrarar som skulle hoppe ut i jobb – heilt problemfritt. Det har vist seg at denne gruppa også treng støtte og hjelp for å kome seg ut i arbeid. Sjølv om dei har høg utdanning får dei ikkje nødvendigvis brukt det i Noreg når dei ikkje kan engelsk, og ikkje norsk, held ho fram.

Forskar: Vilde Hernes er forskar ved by- og regionforskingsinstituttet NIBR, ved OsloMet.

Ho fortel at ukrainarane generelt ikkje har gode engelskkunnskapar. Berre elleve prosent snakkar flytande engelsk, medan om lag 60 prosent ikkje snakkar engelsk i det heile tatt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølge Hernes har ukrainarane i stor grad høgare utdanning.

– 75 prosent har høgare utdanning. Men her ser me ei utvikling over tid. Det er ein større del av dei som kom i den fyrste fasa som hadde høgare utdanning, enn dei som har kome i seinare tid. Det same gjeld engelskkunnskapane, seier forskaren.

– Ukrainarar som har gått introduksjonstilbodet har om lag same resultat som andre flyktninggrupper har hatt med tanke på å kome seg ut i arbeid. Når du ikkje kan språket og har eit anna alfabet, så er det ikkje nødvendigvis enkelt å få dei ut i jobb. Det er ei heilt urealistisk forventing, legg ho til.

Praksis for å lære både språk og jobb

Alle flyktningar mellom 18 og 67 år har rett på norskopplæring. Dei ukrainske flyktningane som er mellom 18 og 55 år har i tillegg rett på introduksjonsprogram. Dette er eit opplæringsprogram over seks månadar (maks eitt år) som skal førebu flyktningane til å delta i arbeid eller utdanning.

Flyktningane kan ha både språkpraksis og arbeidspraksis på ulike arbeidsplassar.

– I språkpraksis er det hovudfokus på språket. Då skal personen språkbadast, fortel Trine Storlien Sørensen som er integreringskonsulent i Tokke kommune.

– Når dei går ut i arbeidspraksis skriv me arbeidskontrakt og dei skal gjere ein likeverdig jobb, forklarar ho vidare.

Signerer kontrakt: Dmytro Bilovol (f.v.), Trine Storlien Sørensen, Yuliia Alpatova og Rob Saly samlast rundt bordet for å signere arbeidskontrakten til Dmytro. Han har sin fyrste dag i arbeidspraksis hos Dalen mekaniske.

Dmytro signerer kontrakten, og fortel, med litt hjelp, at han i Ukraina arbeidde med gassrøyrmontering. Nå skal han ha arbeidspraksis på Dalen mekaniske torsdagar og fredagar, resten av veka får han framleis norskundervisning. Førebels forstår han ganske mykje norsk, men synest det er litt vanskeleg å prate.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I starten blir arbeidsoppgåvene sandblåsing og montering, fortel Saly.

Til saman har dei hatt fire ukrainske flyktningar i arbeidspraksis på Dalen mekaniske. Yuliia er førebels den einaste som har fått fast stilling.

– Det er 25 prosent, det. Det synest eg er veldig bra, seier Saly.

Både han og produksjonsleiar Tommy Solheim fortel at det er utfordrande for bedrifta å rekruttere nye tilsette. Å ha personar i arbeidspraksis kan vere ein god måte å rekruttere på, meiner dei.

Får opplæring: Kaspar Jota (t.v.) skal gje Dmytro Bilovol opplæring. – Det er viktig å vere tydeleg, forklare enkelt og ha god kommunikasjon så han kjenner seg sett, fortel Jota om rolla si.

Dmytro har budd på Dalen i om lag eitt år. Kona har alt fått jobb på såpefabrikken Mekan og den eldste dottera jobbar på YX samstundes som ho held fram studia ved universitetet i heimlandet.

Det er Kaspar Jota som skal lære Dmytro dei nye arbeidsoppgåvene.

– Kva er viktig i ei slik rolle?

– Det er viktig å vere tydeleg, forklare enkelt og ha god kommunikasjon så personen kjenner seg sett, fortel Jota.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis er det å få byrje i arbeidspraksis?

– Det er bra! Supert, smiler Dmytro.