Filigransarbeidaren: Aslak Aanund Aabø starta verksemda Gullsmed Aabø i Kviteseid i 1956 og dreiv fram til sonen Hans Kristian tok over i 2000. 24. mai fyller Aslak 90 år.
Hilde Haugen
I år er det 75 år sidan Aslak starta som filigransarbeidar
Aslak Aanund Aabø (89) starta i lære som filigransarbeidar hos sylvsmed Eivind Tveiten for 75 år sidan. Med rutebåten frå Kviteseid flytta 15-åringen på hybel for å gå fem år i lære som filigransarbeidar.
Eit par gonger kvar dag er Aslak gjerne ute å ruslar ein tur, og dei 13 siste åra har rusleturane gjerne blitt saman med den firbeinte venen Situr.
– Men nå er hunden gamal, om han går laus klarer han ikkje å halde fylgje med meg, humrar lett den trivelege og spreke handverkaren i Kviteseidgata.
Dagens rusletur er utsett for ein avisprat, og medan Situr ventar trufast ute på trappa skjenker Aslak kaffi og fortel om oppveksten i Lundevallsgrendi.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP