På taket: Slik ser det ut på taket der Halvor bur.

Etter å ha vore grensevakt i militæret og opplevd minus 45 grader, bestemte Halvor seg for å velje ein varm plass når han skulle studere.

22 år gamle Halvor Eidissen frå Rauland tek gjennomtenkte val, samtidig som dei utrulegaste tinga berre dukkar opp på vegen hans.

Halvor Godal Eidissen

Frå: Rauland

Alder: 22 år

Oppheld seg i: Tampa, Florida, USA

No er han i Tampa, Florida i USA. Der studerer han til å bli dataingeniør.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han reiste midt under presidentskiftet, samtidig som koronapandemien tok homerun på homerun i landet. Kvifor i alle dagar, kan ein undre seg.

– Eg var grensevakt i militæret og opplevde kulde på -45 grader i rekrutten. Ein kan seie at det var relativt ubehageleg. Det var då eg bestemde meg for at eg skulle studere i varmare strøk.

Grensevakt: Gutta passer på russergrensa.

Kulda jaga altså guten ut av Noreg, men det er visst fleire gjennomtenkte årsaker til valet.

– Det tærer på energinivået og motivasjonen min når det er kaldt og mørkt. Eg treng å kjenne sola for å få energi. Det har derfor vore eit taktisk val å reise hit. I tillegg føler ein på eit ekstra press om å jobbe hardare når ein studerer på andre sida av Atlanteren, det er liksom ikkje aktuelt å flytte så langt og ikkje jobbe hardt med studiane.

Kultur, sol og engelsk

Å lære engelsk på skulen var vanskeleg for Halvor. Han hadde eit sterkt ynske om å lære seg språket ordentleg, og det vart naturleg å reise til eit engelsktalande land for å studere.

– Eg har dysleksi så eg sleit veldig med engelsk på skulen, men eg har alltid hatt lyst til å lære det skikkeleg. Det er ein av dei viktigaste årsakene for at eg flytta til USA. Det er lettare å lære engelsk skikkeleg når ein blir eksponert for det i kvardagen.

Det er fleire engelsktalande land med varme, kvifor ikkje sparke ballen til Australia?

– Eg besøkte syster mi, Johanna, då ho var på utveksling der. Det er ein meir laid back og easy going kultur i Australia. I USA har du den litt meir hardtarbeidande kulturen, spesielt i California, og med den kulturen saman med sola og det engelske språket vart det eit naturleg val.

Artikkelen held fram under annonsen.

California? Er han ikkje i Florida?

– Eg starta på universitetet i Santa Barbara i California og tok eit haustsemester der, men eg fekk ikkje visa sidan eg berre hadde timar på nett. Ein må ha minst eitt fag med oppmøte på skulen for å få visa, så eg sat heime heile haustsemesteret og studerte med førelesingar på natta. Det var ugunstige tider og nettstudie fungerte ikkje for meg, iallfall ikkje med ni timar tidsforskjell.

Ein tenkar

Tampa Bay: Downtown i Tampa Bay.

Han tok derfor imot ein overgangskontrakt til Tampa i Florida. Overgangen varer berre til hausten, då skal han endeleg koma seg til draumeplassen: Santa Barbara i California.

Halvor ser på seg sjølv som ein tenkar og brukar mykje av tida på å fundere taktikk og politikk. Valet om å dra til USA er langt frå tilfeldig, og han har verkeleg scora hat-trick.

Først scora han bra på korleis dei deler opp klassene.

– Det er mindre klasser på universiteta i USA versus Noreg. Det er maks 30 stykk og det gjer at ein får mykje meir hjelp og oppfylging frå forelesarar.

Det andre målet scora han på amerikanaranes openheit. Denne eigenskapen gjer det lettare å ta kontakt og stille spørsmål under forelesningar.

– Det er ikkje noko tydeleg hierarki på universitetet. Det er ein veldig flat struktur, og ein får større relasjon med forelesarar. Terskelen for å stille spørsmål vert då mykje lågare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tredje målet fekk han som pasning frå amerikanarane sjølv. USA kjenntes rett ut fordi han kjenner seg igjen i folkeslagets veremåte.

– Eg føler personlegdommen min passar godt inn i den amerikanske kulturen. Det er ein av grunnane til at eg trivst veldig godt så langt, seier Halvor.

Inspirert av onkel og bestefar

Halvor tok eitt år på BI i Trondheim før han drog i militæret. Han seier studietilvære er vanskeleg å samanlikne mellom dei to stadene.

– Det å vera student her er ein livsstil. Her bur me i eit område med berre studentar, og det er ei heilt eiga boble. I Noreg er det ingen forskjell om du jobbar eller studerer der du bur. Eg vil nok seie at ein vert knytt saman som studentar på ein heilt eigen måte, reflekterer han.

Korleis er det eigentleg å reise aleine ut i verda?

– Ting var veldig annleis i starten, butikkar, fotgjengarfelt, språk og høflegheitsfraser. Det var overveldande og litt skummelt den første veka.

Kvar kjem då denne utreisetrongen frå? Kvifor utsette seg for slike kjensler?

– Onkel og bestefar jobba og studerte i utlandet. Eg har gjennom heile livet høyrd historier frå London, Edinburgh, Afrika og alle slags stader, så det kjem mykje inspirasjon derfrå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Familie har altså vore med på å vekke eventyrlysten.

– Det er lettare å ta valet når andre har gjort det før deg. Du ser det er mogleg å følgje det indre instinktet.

Det indre instinktet ja, korleis kjennest det ut?

– Eventyrlyst er ein anten fødd med, eller så er ein det ikkje, meiner Halvor.

– Eg har alltid hatt ein utreisetrong og stor eventyrlyst. Eg har nesten alltid lika å velje det ukjente framfor det kjente. Det gjev deg moglegheiter til å møte menneske og å få opplevingar ein ikkje hadde førestilt seg at ein skulle få.

Så det du seier er at det indre instinktet bur i deg og pirrar deg ut i den store verda som ei indre kløe?

– Verda er lita for alle etter at smarttelefonen kom, seier han kjapt.

Halvor har berre vore i USA i sju veker, korleis går det med tilpassinga til det nye?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er utruleg kor fort eit menneske tilpassar seg!

Halvor bur i ei stor leilegheit med tre romkameratar, og ting vert fort ein kvardag.

– Me har eige styrkerom og basseng på taket, fortel han litt audmjukt.

Han lagar mat sjølv, men innrømmer at det blir mykje take away også. Elles på fritida har han alt opplevd kor stort Super Bowl er i USA.

– Det er så sjukt stort. Lokallaget Tampa Bay Buccaneers vann heile super bowl og det var fyrste gong i historia at eit lag hadde vunne Super Bowl på heimebane. Folk gjekk heilt bananas! Det var hundretusenvis i gatene etter sigeren. Politiet prøvde å roe ned folkemengda med ropert, men dei fekk plastkoppar kasta etter seg i staden.

På stranda: Det er lekre strender i Florida. Bildet viser St.Pete Beach.

Det er mange inntrykk heile tida, og ut ifrå det som har skjedd på berre sju veker forklarer det nok dei litt mørke posane han har under auga.

Sola er i ferd med å stå opp i Tampa medan me er i ferd med å avslutte samtalen. Eg spør om det er noko han vil avslutte med å seie.

– Enn så lengje føler eg at valet om å flytte til USA for å ta utdanning var riktig og motiverande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fem kjappe

1. Kva likar du best ved heimstaden din, og kva saknar du?

Eg saknar fjell og skiføre

2. Kva er det beste med USA?

No har eg ikkje budd her så lengje, men må seie kulturen og amerikanarar generelt.

3. Har du eit godt sitat eller livsmotto du vil dele?

Eg er litt nerd og har høyrd mykje på historiske taler. Det er spesielt eit sitat som eg føler passar meg godt. Det er frå ein av John F. Kennedys taler på tidleg 60-talet: «We do these things not because they are easy, but because they are hard».

4. Korleis er den typiske vesttelen samanlikna med den typiske amerikanaren?

Ikkje samanliknbart.

5. Kjem du tilbake til Vest-Telemark?

Ikkje slik det er no, eg er nok meir ein urban type.