Foto: Privat

Håkon viste kickflip då klubben arrangerte NM for andre gong

Det var ikkje noregseliten som møttest, men Nissedal rullebrettklubb som arrangerte Nissedalsmeisterskap (NM) i skateparken i Kyrkjebygda.

Fyrste laurdagen i september var det klart for skateboard-NM, eller Nissedals-meisterskap på rullebrett.

– For andre året på rad inviterte Nissedal rullebrettklubb til konkurranse i skateparken i Kyrkjebygda, fortel Lars Gunnar Veum.

Han seier at klubben hadde gode støttespelarar til arrangementet med premiar frå Final Supplies og Session, is og vatn frå Nærbutikken Nissedal og kaffi frå Meinstad landhandel.

– Foreldre og tilskodarar møtte opp i finvêret med godt humør. Campingstolane stod tett i tett på parkeringsplassen til butikken med god utsikt over skateparken. Publikum laga svært god stemning for skatarane som deltok, seier Veum.

Det var høgt nivå og god innsats hos alle påmelde: Frå venstre Håkon Aarak Underdal, Magni Aarak Underdal, Vetle Winther-Pettersbakken, Vilde Winther-Pettersbakken, Annlaug Haugsrud og Vilde Evja. Foto: Privat

Litt nervar

Veum fortel at nervane kom snikande på konkurransens påmelde då tevlinga nærma seg, men det tok ikkje lang tid før dei skata seg varme.

– Kvar skatar fekk to «runs» på 1 minutt og 15 sekund for å vise kva dei hadde lært det siste året. Det var veldig mykje bra innsats og gode «runs», men ein vinnar måtte bli kåra, fortel Veum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han seier at det blei tett i toppen, men Magni Aarak Underdal stakk seg ut med veldig god kontroll, lite fall og forsøk på store ting.

Pallen: Tredjeplassen tok Vilde Evja med god flyt og fin bruk av parken. Andreplassen gjekk til Håkon Aarak Underdal med høg vanskegrad og god fart, han vant også dagens beste triks med kickflip (hovudbilete i saka). Fyrsteplass gjekk til Magni Aarak Underdal med veldig bra flyt, nesten feilfrie runs og mange triks. Foto: Privat

Veum og rullebrettklubben rettar ein stor takk til alle som støtta opp om arrangementet og heia på skatarane.

– Ein stor takk til alle skatarane også som møtte opp for å konkurrere og ha det moro. Regnet kom i det me pakka saman og sette ein naturleg, om noko litt hastig, avslutning på dagen, seier Veum og legg til at Nissedal rullebrettklubb er ei undergruppe av Nissedal idrettslag. Klubben, som er for unge i storskulen og eldre, skatar kvar måndag i Kyrkjebygda så lenge vêret held utover hausten.

Skata: Vilde Evja flyt gjennom bua. Foto: Privat
I rampa: Vetle Winther-Pettersbakken tar fart Foto: Privat