Høysel: Framleis kan ein finne dei gamle høysela inne på heiane eller tufter etter dei. Dei blei ofte bygd i tilknytning til større myrer og myrområde. Før i tida blei grasressursene i myrene utnytta til dyrefor. Graset blei slått og lagra vinteren igjennom i desse høysela. På vårskare blei foret frakta til bygds eller gards med hest eller folk drog det med kjelke. I dag står høysela der inne på skogane – til minne om ei tid med slit og arbeid som var ein gong og der utnytting av det meste av ressursar var nødvendig for ein livseksistens. Bildet er frå myri mellom Gongemyr og Tryteputtan på Øverlandshei i Seljord.

Gamle høysel