Frå venstre: Lone Næss, Sondre Dypvik, Njål Mejlænder. Dei avslutta den lange skituren frå Finse med eit glas øl og oppsummerte turen med følgjane ord: Ei skolisse som rauk, ein bensinkanne til primusen me gløymte å skru korken på att og overnatting i telt. Stort sett ein knirkefri tur.

Gåen skolisse, lekk bensinkanne og telt. Me sjekka påskestemninga

Vêrgudane har vore vrange med Vest-Telemark i påska, med mykje gråvêr og regn. VTB tok turen til Haukeliseter for å sjå om vêret la ein dempar på trafikken der.

Skjærtorsdag var det mykje bilar langs E134, så det tyda på at folk trassa vêret og kom seg ut likevel. Vel framme på Haukeliseter var det trongt om parkeringsplassane, men ingen som sat ute i snøfonna og naut ferien.

Bra besøk

Utanfor restauranten er det ein del ski som står i snøen, så nokon må det då vera her og som er på tur? Jau då, nokon kjem og går utanfor fjellstova. Blant dei som har trassa det dårlege vêret er Hedvig Hjertaker og Bjørnar Rødseth Espelid frå Bergen. Dei har gått frå Finse, ein tur dei har bruka 6 dagar på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me likar godt å gå på ski og det er ikkje så nøye med vêret. Overnattinga har me hatt i telt. Det er godt med litt fri imellom vinteren og våren. Resten av påska blir me heime i Bergen. Påska for oss er ski, sol og tid til familien, seier Hjertaker.

Sommaren mest innbringande.

Vel inne i restauranten er det mykje folk og det er tydleg at det er fleire som nyter ein god middag med eit glas vin eller øl inntil etter ein lengre skitur. Dei tilsette verkar å ha det travelt, men litt tid har fjellstovemedarbeidar, kiteinstruktør og vinbyggje Johannes Tobiassen. Han slår av ein prat med VTB.

– No i påska er det fullt køyr, og eg arbeider alle helger og helgedagar. Men får fri nokre vekedagar og tar det inn igjen slik. Eg hamna litt tilfeldig som medarbeidar her for 13 år sidan. Ein kompis av meg og eg var her ein del og dyrka interessa for skigåing og kiting, så då vart det naturleg å arbeide her også, seier Tobiassen.

Tobiassen har vore heiltidstilsett i 3 år og har som hovudoppgåver at frukosten blir servert og instruere kitarar i helgene. Elles gjer han litt av kvart her på fjellstova. Fjellstova har litt aktivitetar for ungar i påska med blant anna skirenn og rebus.

– Økonomisk har me faktisk den beste tida på sommaren. Då er det mest folk her. Det er ikkje så mange lokale her, men nokre personar med Vinjemål høyrer eg innimellom her. Eg bur her i eige hus på komplekset her og brukar mykje av fritida på skigåing og kiting, avsluttar Tobiassen med før han hastar vidare til neste gjeremål.

Beløninga

Det har vorte «inn» dei siste åra for dei unge også å gå tur på fjellet, og bladfyken treffer tre personar som kosar seg etter ein langtur. Njål Mejlænder, Lone Næss og Sondre Dypvik kjem alle frå Oslo. Dei tok toget til Finse og har også gått på ski derifrå og til Haukeliseter.

– Me tok same turen i fjor i påska, og er ivrige turgåarar. Vest-Telemark er me kjent med, sidan me har vore ein del i Seljord. På ski har me også gått i Lifjell nokre gonger. Turen gjekk bra og me overnatta i telt. Men vêret har vore kjipt og terrenget i begynning av turen er rett så kupert. Føret har vore godt då, så det er ei trøyst, seier Næss.

– Ei skolisse som rauk, ei bensinkanne til primusen me gløymte å skru korken på att, og overnatting i telt. Stort sett ein knirkefri tur, oppsummerer dei med eit smil.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nokre synest det beste med ein tur er når turen er unnagjort og ein finn ein plass å sitte ned og kan nyte roa. Slik at ein kan beløne seg sjølv med noko godt. Slik er det for Njål, Lone og Sondre også.

– Me tok oss eit glas øl i dag når me kom fram og skal overnatte her før me tar bussen heim til Oslo i morgon. Så no feirar me litt at me har kome fram utan for store problem og at turen er over, seier Næss.

I resepsjonen: Fjellstogemedarbeidar og kiteinstruktør Johannes Tobiassen og resepsjonist Mari Høgnes. – og langrenn har brakt meg hit. Å gå på ski byrja eg med når eg var liten. Er 13 år sidan eg byrja å arbeide her, seier Tobiassen.
Hedvig Hjertaker og Bjørnar Rødseth Espelid. Dette var tredje turen dei tok frå Finse til Haukeliseter. Dei er ivrige på å gå på tur, og det utforskande sambuarparet har Svalbard i neste veke som neste turmål. – Det grå vêret dempa ikkje humøret undervegs, sa Hjertaker.