Eventyrar: Guénaël Josseaume er på sykkeltur frå Normandie til Lofoten. Han har møtt stor gjestfridom i Vest-Telemark.

Fransk eventyrar på sykkeltur gjennom Europa til Lofoten. – Ei reise for å tenke over livet

Guénaël Josseaume frå Normandie i Frankrike starta i september på den lange sykkelturen til Lofoten. No er han på veg gjennom Vest-Telemark, der han har fått oppleve både den harde vinterkulda og den varme gjestfridomen frå dei lokale.

Sykkelturen starta den 14. september i år, og Guénaël har sidan sykla gjennom Frankrike, Tyskland, Belgia, Nederland, Danmark og Sverige. No er han i Noreg, og har hatt fleire spennande møte dei lokale i Vest-Telemark dei siste dagane.

– Eg ynskjer å teste grensene mine, seier Guénaël.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel at han ville ha ein pause og reflektere over livet sitt. Kva han vil vidare, kvar han vil bu og kva for menneske han ynskjer å omgje seg med.

Han har lenge drøymt om å besøke Lofoten, og har eit sterkt ynske om å sjå nordlyset. Derfor tar han denne turen vinterstid.

Nordisk jul: Her har Guénaël kome seg til Oslo. Han likar den nordiske julestemninga, fortel han.

Ber om gjestfridom

Ruta han har valt er heller ikkje strakaste veg. Gjennom sofasurfing, eit konsept der han kjem i kontakt med folk som tilbyr ein stad å sova, har han alt nokre avtaler med folk rundt om i landet. Mange dagar har han ikkje avtaler, og må banke på dører for å få ein stad å sova.

– Folk er veldig hjelpsame, men av og til har det vore vanskeleg å få husrom. Ein gong måtte eg banke på 20 dører før eg fekk rom, seier han.

Det er stor forskjell på gjestfridomen frå by til bygd, fortel han, og seier at det er folk på bygda som har vist seg mest opne.

– Det er mykje enklare på bygda. Folk er meir opne, hjelpsame og alltid klare til å gje ei hjelpande hand, seier Guénaël.

Han meiner til og med at paret han fekk koma inn hjå i Drivarbekkdalen redda livet hans.

– Eg var så kald på hender og føter, så eg trudde eg skulle døy, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter å ha sykla lenge i bitande kulde, såg han endeleg ljos i eit hus og banka på.

Der opna Sophie Irgens, som ikkje hadde rekna med å få ein kald franskmann på sykkel på døra ein desemberkveld. Der fekk han varme og omtanke. Irgens meiner han gjev håp i denne tida.

– Han legg livet sitt i våre hender, og det er ei påminning om at vi alle kan hjelpe kvarandre. Han er eit lysande eksempel, seier ho.

Pause: – Eg har god tid til å tenke over livet, seier Guénaël. Han ville ha ei pause frå dagleglivet, utfordre seg sjølv og fylgje draumane sine.

Fine samtaler

Så kom han seg til Åmot, og fekk husvære hjå Grete Øien og familien.

Øien hadde fått melding av ei som spurte om ho kunne ta i mot ein franskmann som trong overnatting.

– Eg lura litt når eg fekk melding om eg kunne huse ein franskmann. Men når eg skjønna at det ikkje var spøk, så var det berre moro, seier ho.

Ho seier det har vore hyggeleg og interessant å ha han på besøk, og oppmodar andre om å ta godt imot han.

– Han er veldig grei, så om han bankar på døra di, er det berre å sleppe han inn. Det er interessant å høyre om reisa hans. Me sat lenge oppe i går og skravla. Det er fine samtaler, seier Øien.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho er derimot litt bekymra for Guénaël som skal ut på vegen til Haukeli i dag. Det er glatt og det snør tett. Ho ber han vere forsiktig og ikkje ta nokon sjansar.

– Ho er litt «mamma», smiler Guénaël.

Hyggeleg besøk: Grete Øien seier det har vore hyggeleg og interessant å ha Guénaël på besøk, og oppmodar andre om å ta godt i mot han.

Han har ikkje heilt bestemt seg for kva han gjer. Han er open for å bli køyrd eller ta buss eit lite stykke om forholda er for dårlege.

– Men eg vil helst sykle så mykje som råd, sjølvsagt.

Vil inspirere

Det mest utfordrande med turen er at det krev mykje energi, men alle dei fine menneskemøta veg opp for all slit, fortel Guénaël.

– No har eg vener i desse sju landa. Det er fantastisk.

Han håpar å inspirere andre, spesielt dei unge som kanskje ikkje veit kva dei vil.

– Kva med å ta ein pause og berre oppdage verda? Det gir deg tid til å tenke over livet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Guénaël, som fyller 28 år den 8. desember, planlegg å feire bursdagen i Bergen. Der har han ordna seg husrom, og han ser fram til å oppleve den norske jolestemninga før han syklar vidare mot Lofoten.

Sjølv om han har planlagt å vere i Lofoten innan slutten av januar, er det mange faktorar som spelar inn på reisa – vêret og helsa er to viktige element. I vintermånadene kan det vera både krevjande og farleg å sykle gjennom Noreg, men Guénaël ser på det som ein del av eventyret.

– Eg lever eit eventyr og tar det som det kjem, smiler han.

Så langt har Guénaël fått mange minne for livet, og han ser fram til fleire. Når han ein dag når Lofoten, håpar han at han vil få oppleve draumen om nordlyset – men det er kanskje møte med menneska han møter langs vegen som vil sitte lengst i minnet.

Omsorg: – Du må gje meg beskjed om korleis det går, seier Grete Øien og takkar for besøket.