Brå vending: Olia Korol (18) er glad for sommarjobben på Sommarskulen i Seljord. Livet som student i Ukraina tok ei brå vending då ho måtte forlate landet saman med mor og veslebror.

Frå student i marknadsføring i Ukraina, til aktivitetsleiar på sommarskulen i Seljord

Olia Korol (18) var godt i gang med studiane i Ukraina då ho brått måtte reise frå landet saman med mor og veslebror. I sommar er ho aktivitetsleiar på Sommarskulen i Seljord.

Livet som student i marknadsøkonomi tok ei brå vending då Olia Korol (18) måtte reise frå heimbyen Slavuta i Ukraina saman med mor og veslebror på grunn av Russland sin krigføring mot Ukraina. Etter eit kort opphald i Polen bestemte dei seg for å reise vidare til Oslo. Etter nesten to månadar med venting blei dei sendt til Seljord, der dei nå bur i eit eiget hus.

Leik og spel er eit universelt språk

Korol blei glad då ho fekk tilbod om jobben som aktivitetsleiar på Sommarskulen. Eit par av borna som er med er også frå Ukraina.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg forstår dei ukrainske ungane her, og det er ein fordel å kunne omsetje av og til. Dei minste kan jo ikkje engelsk, men eg trur likevel born kan finne saman i leik og spel uavhengig av om dei forstår språket til kvarandre. Det verkar som at dei finn ut av det heilt fint på eiga hand, seier Korol.

Sjølv er ho interessert i personleg trening, og blir gjerne med på ei runde tennis eller volleyball. Koding og programmering er ei anna interesse.

– Bruken av internett og sosiale medium er nokså likt her i Noreg som heime, seier ho.

Usikker på vegen vidare

På spørsmål om Korol ynskjer å fortsetje studiane i Noreg er svaret usikkert.

– Eg tenkjer mykje på kva som vil vere best for meg framover. Om det er å reise tilbake og fortsetje der eg slapp i Ukraina eller satse på nytt her i Noreg veit eg ikkje enno, seier ho.

Saknet etter familie og venner i heimbyen er stort, sjølv om ho heldigvis har god kontakt med dei via internett og telefon.

– Eg saknar far min, besteforeldra mine og alle vennene mine. Mest av alt saknar eg dei gode minna. Det er fint i Noreg altså, men det er ikkje heime.

– Har du lagt merke til nokre forskjellar her frå heime i Ukraina?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tilgang på varer er litt meir tungvint. Her treng ein til dømes resept på det aller meste på apoteket, og butikkar og alkoholsal stenger tidleg. Vegar og infrastruktur er tydeleg betre her da. De har veldig mange vegar, smiler ho.

– Er det noko du vil seie til dei som les detta i avisa?

– Eg vil ynskje dei gode augneblink.