Ut på tur: Ungane i barnehagen på Åmdals Verk er stadig på busstur. Eimund Urbø og Vilde Frantzen Eikland sit bak, medan Lykke Linnea Rinden Solli og Neri Rinden Johre passar på rattet.

For tre år sidan vart barnehagen stengt. Til hausten blir det liv og røre fem dagar i veka

Tokke-politikarane la ned barnehagen på Åmdals Verk hausten 2020, men opna den igjen i fjor haust. Tidlegare i år bestemte politikarane at barnehagen skal gå frå fire til fem dagar i veka frå hausten 2023.

Kristine Berthelsen har vore styrar og pedagogisk leiar i barnehagen sidan den opna att i fjor haust. Ho bur nå på Austheii, men budde på Åmdals Verk fram til ho var seks, og gjekk sjølv på skule i bygget der barnehagen er i dag.

– Dette er draumejobben. Berre sjå på uteområdet her, seier ho og slår handa ut mot det store området der dei små kan boltre seg. Dei har god plass mellom trea, og det er ein favoritt å studere elva som susar forbi.

Artikkelen held fram under annonsen.

Draumejobben: Kristine Berthelsen er styrar og pedagogisk leiar i barnehagen på Åmdals Verk. – Ein draumejobb, seier ho.

Barnegruppa på Åmdals Verk er ikkje så stor, men den vesle gjengen er lik i alder. To- og treåringar som brukar mykje tid utandørs.

– Me er ute så mykje me kan. Når dei ikkje søv, er me ute, smiler Berthelsen.

Ho fortel at dei små har stort behov for å vere i fysisk aktivitet, og at det er fleire fordelar med at dei er ei lita gruppe.

– Dei får ein veldig nærleik til alt som skjer, og får vere med på mykje. Me lagar mat saman, og det blir veldig lite institusjonspreg. Me har god tid, og det gjev ein god kjensle, seier ho.

Ho er fascinert av lokalsamfunnet på Åmdals Verk.

– Det er ein enorm dugnadsånd her, eit samfunn som vil eksistere. Det er fascinerande å sjå, og foreldra er utruleg flinke og lette å samarbeide med, legg ho til.

Les også
Dei starta med stor vilje og mange idear. Nå jaktar dei etter nokon som kan bygge prøvebustaden