Ein liten pust: Olav Midtsund Stykket (t.v.) og Vetle Aamot frå Kviteseid er begge ivrige jegerar, og trur dei kjem til å halde på med jakt til dei blir like vaksne som seniorane på jaktlaget.

For tolvåringen Olav er det jakt på timeplanen kvar helg heile hausten

I mange år har Olav Midtsund Stykket (12) vore fast innslag på Midtsundlaget i Kviteseid. Av og til er kompisen Vetle Aamot (11) også med. VTB fekk vere med dei to jegerane på eit driv gjennom den regnvåte skogen medan dagens fyrste solstrålar byrja å vakne.

For Olav har hausten vore synonymt med jakt så lenge han kan hugse. Men han hugsar ikkje heilt den aller fyrste gongen han var med. Det er ikkje så rart, for den fyrste tida var han så liten at nokre av bakkane vart for lange og bratte å gå sjølv.

– Eg hugsar eg sat på skuldrene, fortel Olav.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, det var mykje bering i starten. Han var vel ikkje stort meir enn tre år fyrste gong han var med, og me gjekk rett opp frå Torjus Moen i Kviteseid, seier pappa Dag Rune Stykket.

Det byrjar å bli nokre haustar sidan sist Olav trong hjelp opp dei bratte bakkane. Nå er både han og Vetle utstyrt med eigen jaktradio, og driv saman.

Den som god krok skal bli...: Det var stor stas då jaktkamerat Inge Holte laga denne fine børsa til Olav.

Tørr humor, men moro au

Rundt klokka åtte om morgonen samlast jaktlaget ved Osen på Heivatn, og planen for det fyrste drivet blir lagt. Seks skal drive og sju skal sitte på post. Det er fleire veteranar på laget, og alle går ikkje like fort og langt som før. Å kome fram til posten kan bli ein liten tur.

– Korleis skal me kome opp?

– Me tek helikopter!

Latteren sit laust.

– Nei da, me tek det som ein tur.

Kva synest Olav og Vetle om humoren?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er nokon som er bra, seier Olav.

– Rundt bålet er det særleg mykje tørre vitsar. Men det er litt moro au.

Laget har to dyr på årets kvote; ein kalv og eitt ungdyr. Kalven har dei skote, så då er ungdyret att. Dei siste tre åra har laget hatt totalt sju dyr på kvoten. Dag Rune fortel at dei merkar godt at det er meir dyr i området nå enn det har vore dei siste åra.

– Det vart skote kraftig ned ein periode for nokre år sidan, men kvotane har nå vore mindre. I det seinare har det også vorte høgd ein del skog så det er også meir beiteområde for elgen.

Berre denne dagen har jegerane sett til saman fem dyr før dei startar. Så dei er optimistar.

Spenninga

I drivet: Knut Magnus Hosum peikar ut retninga drivet skal gå, Olav og Vetle held kontakt med resten av laget via jaktradioen.

Dagens fyrste driv går gjennom Nystauldalen og Langdal, og over til Båstjønnhovet.

– Då må de hugse å gå roleg, ein må ikkje gå for fort, minner Dag Rune om.

– Det er de som går seint, svarar Olav.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit lite stykke går Olav og Vetle saman med Knut Magnus Hosum. Så skil dei lag. Elgen har vore her i alle fall. Gutane finn både spor og lort, og eit tre nokon har gnidd geviret mot. Men elles er det stille. Av og til hoiar Olav litt for å få kontakt med Knut Magnus som går på deira venstre side. Tanken er at dei skal halde omtrent same tempo, danne ei drivarline mot postrekka.

Drivet går over myr. Opp på små knausar. Ned igjen. Det er vått i terrenget etter nokre fuktige dagar, men i dag er det blå himmel, kaldt og klart. Gutane tek til på ein ganske bratt stigning. Mosen er våt, berget litt sleipt. Dei tek seg ein liten pause, for å kome i takt med dei andre.

Vetle var med på jakt fyrste gong då han var seks-sju, Olav i treårsalderen. Kva er det med jakta dei likar så godt?

– Det er moro. Særleg spenninga med dyra, og om me får noko, seier Olav.

Dei likar godt å vere ute også. Det er eit vakkert haustlandskap dei går gjennom; det fine lyset, dei grønkledde åsane, fargane som skiftar frå dag til dag om hausten. Tenker gutane over den fine naturen rundt dei?

– Nokre plassar, smiler Vetle.

Når dei blir 16 kan dei ta jegerprøva, om dei er saman med ein vaksen kan dei då gå med børse. Olav og Vetle gler seg.

– Eg har vore med pappa når han har skote nokre gonger. Det var veldig moro, veldig spennande, særleg det å sjå dyret. Eg hugsar særleg godt ein gong han skaut ei ku, fortel Olav.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mange på laget er jo ganske vaksne, kjem de også til å halde på med detta så lenge?

Dei nikkar begge to.

– Det blir nok til det, svarar Olav.

– Det er ganske bratt her. Kan elgen gå i så bratt terreng?

– Den kan. Men det er helst hjorten, seier Olav.

Jaktkameratar: Olav og Vetle held kontakt med dei andre via jaktradioen.

Praten rundt bålet

Gutane går roleg vidare. Plutseleg brakar det i trea på høgre side. Dei stansar.

– Eg trur me har dyr på sida, seier Olav i radioen.

Han går forsiktig vidare. Kan det vere elg? Men så; kraftige vengeslag og gløtt av ein stor fugl i tretoppane. Det er tiur.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det braka så veldig, seier Olav.

Var det berre fugl, eller lurar skogens konge under tretoppane?

Nei, det var nok berre ein tiur, eller kanskje to, faktisk?

Vel framme på Båstjønnhovet er det ingen som har sett elg. Men tiur fekk dei sjå. Og det er jo ikkje kvar dag det heller. Det lakkar mot det som kanskje er det viktigaste med jakta. Bål, pølse, flesk og bacon. Noko varmt frå termosen, og ikkje minst; praten rundt bålet.

Høgdepunktet: Den viktige bålkosen.

Eitt dyr manglar framleis på kvoten. Men dei har framleis god tid til eitt, eller kanskje to driv til, før det blir kveld. Og så er det jo alltid morgondagen. Og neste helg. Og kvar helg fram til jol.

Rundt bålet: Det er eit høgdepunkt å samlast rundt bålet. Dag Rune, Olav og Vetle grillar pølse til lunsj.