Fornøgd med veka: Syskenparet Silas og Kristoffer Salte har kost seg ei veke på Kvitsund. No skal dei vidare på hyttetur.

For Silas (10) og Kristoffer (12) er sommarens høgdepunkt å få kome til Kviteseid

– Heime er det berre flatt, seier Silas, som har reist frå Klepp i Rogaland for å vere med på Camp Kvitsund.

Neste års leiar for campen Pål Næverlid Sævik synest det er mykje å finne på i området.

– Sommarland i Bø er ikkje langt unna, og det finst gode klatremoglegheiter i nærleiken. Kvitsund og Kviteseid har rett og slett mykje å by på!

Artikkelen held fram under annonsen.

For Sævik er det likevel bibeltimane som har vore høgdepunktet. – Det har vore inspirerande.

Avhengig av friviljuge

– Camp Kvitsund blir drive av friviljuge, og det er mange små og store oppgåver som skal bli koordinert. Heldigvis er det mange som ynskjer å bidra til at dette skal vere ein god stad å bruke ei veke av sommarferien, seier Sævik.

Nokon av dei som er aktive på bibelcampen er Geir Allan og Marianne Fylkesnes frå Lindås nord for Bergen. Med borna Thomas (11), Heidi (9), og Andreas (6) er dette deira fjerde gong. I år har høgdepunkta vore hoppeslott, fotball og bading. Og det er ikkje berre borna som har vore i full aktivitet denne veka. Marianne har hatt ansvar i ei av barnegruppene, medan Geir Allan har vore med i planleggingskomiteen.

Tilrettelagt for familien

– Kombinasjonen av kjekt opplegg for heile familien, moglegheit for å høyre om Jesus og ha eit godt fellesskap i løpet av ferien har vore heilt supert. Alt ligg til rette for ei god veke, når det er både godt vêr og mange aktivitetsmoglegheiter i så fine omgivnader, seier Geir Allan.

Ekteparet Fylkesnes fortel at Kvitsund er ein stad der borna trivst.

– Dei er like gira for å reise hit år etter år. Me kjem tilbake, seier dei på ekte striledialekt.

Springande på tunet er Silas og Kristoffer Salte på 10 og 12 år. På veg til å spele bordtennis har dei tid til ein liten prat. Dette er tredje sommaren dei er på Camp Kvitsund. For syskenparet har høgdepunkta vore fotballturnering, bading og volleyball.

– Det er og kjekt å treffe så mange folk og vener som me berre ser ein gong i året, her på Kvitsund, seier Kristoffer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei synest og det er kjekt å vere i den fine naturen i Kviteseid.

– Heime er det berre flatt, seier Silas, som har reist frå Klepp i Rogaland for å vere med på Camp Kvitsund.

Søskena var her med heile familien og familien Salte var berre ein av dei 400 menneska som valde å leggje fyrste veka i fellesferien til Kviteseid.

På reisefot: Familien Fylkesnes pakkar vidare i bilen, som dei snart skal køyre heim til Vestlandet.