Fjorten tips for ein framifrå grillsesong

Meisterkokk Bodil Nordjore kom med sine beste grilltips på VTB-TV tidlegare i sommar. Her får du både tips og oppskrifter for både erfarne og aspirerande grillentusiastar.

Les også
Her får du Bodil Nordjores beste grilltips

Bodils beste grilltips

1. Hald det enkelt.

2. Kjøp ukrydra kjøt. Om du vil tilsette smak bør du gjere dette sjølv.

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Når du krydrar og marinerar start smått og auk på. Det er lettare å leggje til smak enn å ta det bort.

4. Bruk gode råvarer. Betre å bruke litt ekstra for høgare kvalitet.

5. Måltidet skal stå til forventningane. Det er ikkje noko gale med grillpølser, så lenge du veit det er det du vil ha.

Tips: Det aller beste grilltipset Bodil Nordjore kan gje er å halde ting enkelt, samt å ikkje handle inn på tom mage.

6. Ta deg god tid.

7. Ikkje handle inn til grilling når du har lågt blodsukker.

8. Prøv deg fram og finn grilltypen som passar for deg.

9. Bruk sansane, lær deg å kjenne korleis ferdig grillmat luktar og ser ut.

10. Ikkje naudsynt å snu kjøtet meir enn ein gong

Artikkelen held fram under annonsen.

11. Bruk låg varme for å sikre at kjøtet blir gjennomsteikt.

12. Komplimenter feitt kjøt med syrlege innslag, finn balansen.

13. Om du ikkje har noko særleg erfaring, start med eit mørt kjøtstykke som ikkje treng så lang tid for å bli ferdig.

14. Lær deg å kjenne din eigen gane og kva kjøttyper du likar – vilt, svin eller storfe.

Bodils grill-tilbehør

Lett potetsalat

– Norske jordeple, kokefaste

– Søteple

– Grønne ertar, brokkoli eller anna grønt innslag

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vårlauk

– Sennep

– Rapsolje

– Chilli

– Basilikum

Mangosaus

– Mango

– Chilli

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kvitlauk

– Ingefær

– Eddik, 7%

– Sukker

Knus kvar av ingrediensene kvar for seg slik at det ikkje mosast saman til ein oransje graut. Kok opp. Kan oppbevarast på glas i månadsvis.

Enkel rjomedressing

– Rjome

– Creme fraiche

Artikkelen held fram under annonsen.

– Majones

– Litt urter (til dømes graslauk eller persille)