Del 2: Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga er i gang med del 2 av ein svært omfattande noregsturné, her der Sognefjorden er på sitt breiaste, i Balestrand. Foto: Jan Inge Fardal / NPK

Etter 99 konsertar på tre månadar trong dei ein pause. – Til og med mor mi sa eg såg sliten ut

Det er uvisst om det er rekord, men 99 konsertar på godt tre månader er svært mange, vedgår Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland.– I mitt profesjonelle liv har eg aldri vore så sliten. Til og med mor mi sa eg såg sliten ut, fortel Odd. No er han utkvilt og klar for sommarturneen …

Me møtte dei rett før konsert nummer 101, dagen etter at del 2 av den store Noregsturnéen dei er i gang med starta i Ørsta. Vel 20 konsertar skal dei levere frå Drøbak 1. juni fram til Sirdalsdagane 7. september. Men tru ikkje at det stoggar der – i desember skal dei også på juleturné, men det er ei anna historie.

– Dette er meir som eit barneskirenn, seier Ingebjørg Bratland og ler, nyss installert på Kvikne Hotell i Balestrand og snart klar for lydprøve til konsert nummer 101 i rekka i fellesprosjektet «Langt heimafrå», som starta i fjor haust – etter lanseringa av deira andre fellesalbum 23. september.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vel – det starta eigentleg i 2013 då dei to musikarane frå Vinje gav ut sitt første felles album «Heimafrå». Dei spelte då 134 konsertar, i alt frå ungdomshus, kulturhus og grendehus, før dei avslutta i operaen i Oslo. Det var debutalbumet til Ingebjørg. Odd hadde allereie den gongen mange album og turnear bak seg, men begge likte dette fellesprosjektet, og ikkje minst turnélivet – så i fjor haust, 10 år seinare var dei klare for ein ny runde – med både nytt album og ny men mykje meir komprimert turné.

Saknar sidestykke

Ein turné av eit omfang som – nesten, i alle fall for dei to – saknar sidestykke. I perioden frå siste helga i september 2023 og tre-fire månader framover, med pause i desember, spelte dei 99 konsertar. Det blir ikkje mange dagars pause mellom kvar konsert, for å seia det varsamt. Og det er snart ikkje eit forsamlingshus att i landet som dei ikkje har spelt i …

– Korleis er dette turnelivet, eigentleg?

– Me har hatt litt pause og det trong me, verkeleg. Men det er mest moro og no er me klare for sommaren, svarar Ingebjørg.

– Me har hatt ein bra pause no, og det var godt etter 99 konsertar på godt tre månader, skyt Odd inn, og held fram: – Det som er – når me er i den farten som dette har vore, når spelingane kjem så tett som dette, så får du også ein eigen energi. Det er noko som skjer når du likesom kvar einaste dag, under kvar einaste konsert, prøver å gjera kvar låt litt betre. For det er det du driv med heile tida. Så kjem det kanskje ein ny musikar til. Då må me øve inn att låtane og det blir skapt ny energi. No er det også slik at det blir mykje rutinepreg innimellom. Lydprøvane går raskare og raskare, me veit kvart ord som kjem til å bli sagt – men kjedeleg? Aldri.

Aldri vore så sliten

– Men det må jo vera tøft då med så mange spelingar, korleis held de ut kveld etter kveld?

– Det er mange bra låtar då, svarar Ingebjørg.

– Ja, og som eg nemnde, dette med å få lov til å løfta fram desse låtane att så ofte. At me pussar og pussar, det er moro og det er interessant og det er givande. Det å bli lei låtane sine, det ligg ikkje for meg, seier Odd.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men reisinga er litt kjedeleg, skyt Ingebjørg inn – skikkeleg kjedeleg til og med.

– Avgjort – og det er det blir eg sliten av. Og etter dei 99 konsertane må eg innrømma at eg aldri i mitt profesjonelle liv har vore så sliten. Eg var grå i fjeset, litt gamalmann-sliten. Til og med mor mi sa at eg såg sliten ut, så det var godt med ein pause, seier Odd og smiler.

Frå andre sida av bordet lener Ingebjørg seg fram og ler:

– Eg hugsar deg frå trappa i eit konserthus etter ein konsert på Austlandet. Du snudde deg mot meg og sa: Kan du ikkje seia at du er litt sliten du også? Men som du veit, eg er ein god del yngre, ler gullstrupen frå Edland.

Langt heimefrå, Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland med band i Balestrand. Foto: Jan Inge Fardal / NPK

God fysisk form viktig

Men den fysiske forma er det ikkje noko i vegen med hjå duoen. Dei som følgjer Ingebjørg på Instagram veit at ho, nesten til dagen, går tur opp på ein eller anna topp i nærleiken av hotellet. Og då blir det ofte både bilete og ein liten tekst om det vakre norske landskapet.

– Og berre så du veit det, det skjer stadig vekk at det er ein sprek fyr på plass når eg kjem opp – ofte er nemleg Odd kommen opp før meg, fortel Ingebjørg.

– Eg likar godt å gå i fjellet, gjerne tidleg om morgonen, seier Odd som trur at bra fysisk form er ein vesentleg del av forklaringa på at dei kunne gjennomføre 99 konsertar på desse vekene, sjølv om han vart utruleg sliten.

Men no ventar altså eit «barneskirenn», med berre 20 konsertar utover sommaren og tidleg hausten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Langt heimefrå, Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland med band i Balestrand Foto: Jan Inge Fardal / NPK

Berre frå platene

Det seier litt om kjemien mellom dei to sambygdingane at dei, begge blant landets mest kjende og populære soloartistar, klarar å jobbe så tett saman over så lang tid. Sidan september i 2023 har det – nesten utan unnatak – handla om låtar dei har laga og gjeve ut på dei to albuma Heimefrå og Langt heimafrå.

Odd har rett nok klart å lura inn to låtar frå Luringplata si som har 20 årsjubileum.

Og så må dei ta det som eit solid teikn på at denne partnarskapen er ein suksess når dei førebels etter 101 konsertar – ikkje har opplevd å få spørsmål om låtar frå eigne solokarrierar.

– Det kan ikkje bety anna enn at dei er godt nøgde med me har laga saman, seier Odd.

Korleis er det så med kreativiteten på ein turne som dette? Lagar dei nye låtar?

– Nei, det skjer ikkje, det er ikkje i nærleiken ein gong til å vera rom for det, seier Odd. Og igjen, dei som følgjer Ingebjørg på Instagram ha fått med seg at det slett ikkje berre er ein dans på roser å vera på turné av denne typen. Kor mange øskjer frå Pizzabakaren dei har henta, har ho for lengst mista talet på.

– Du kan seie mykje om Pizzabakaren og han er usedvanleg god å ha, men kulinarisk..? seier Odd Nordstoga med eit lite smil …

(©NPK)

Artikkelen held fram under annonsen.

Langt heimefrå, Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland med band i Balestrand. Foto: Jan Inge Fardal / NPK