Sterke røter: Generalmajor Tonje Skinnarland framom eit F-35A kampfly på Luftforsvarets base Rygge. Ho er stolt av familiens motstandshistorie. Farfaren støtta sabotørane på Vemork med informasjon og forsyningar. Han blei teke til gissel av tyskarane og sendt til Grini. Heime ved dammen på Møsstrond fekk farmora oppleve okkupasjon av tyskarane nærast i sin eigen heim. Skinnarland har valt ei militær karriere og er i dag luftforsvarssjef i Noreg.

Stolt av familiens motstandskamp

Tonje Skinnarland er den øvste sjefen for Luftforsvaret. Ho er stolt av familiehistoria frå Møsstrond.

Luftforsvarssjef Tonje Skinnarland har aldri budd på Møsstrond, men banda dit er sterke. Farfaren Torstein Skinnarland var damvaktar på Møsstrond i eit halvt hundreår fram til 80-talet. Han var ein stor skiløpar med mange premiar på nasjonalt nivå. I tillegg var han bror av krigshelten Einar Skinnarland. Farmora Maggen Skinnarland var syster av krigsheltane Lillian Gabrielsen og Gunnar Syverstad.

Å forsvare landet ligg sterkt i familien. Tonjes far er oppvaksen ved Møsvatn. Han byrja i Forsvaret og flytta derfrå.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har aldri budd på Møsstrond, men det har alltid vore eit samlingspunkt for familien inntil for tre år sidan. Me har framleis hyttetomt i området, seier Skinnarland.

Stolt av familiens motstandshistorie

Skinnarland, som nå er ein sterk kandidat til å bli landets nye forsvarssjef, har flytta mykje heile livet fordi både far hennar og ho sjølv valde karrierar i Forsvaret.

– Er det ein stad eg kan kalle heime, så er det Møsstrond. Sjølv om eg ikkje har budd der, så er familierøtene der sterke, seier luftforsvarssjefen.

Ho er stolt av familiens motstandshistorie. Farfaren støtta sabotørane på Vemork med informasjon og forsyningar. Han blei tatt som gissel av tyskarane og sendt til Grini. Heime ved dammen fekk farmora oppleve okkupasjon av tyskarane nærast i sin eigen heim.

– Det er ei sterk familiehistorie knytt til krigshistoria fordi farfar var bror til Einar Skinnarland. Eg er også veldig stolt av at farmors syster Lillian si historie endeleg har kome fram i lyset. Ho var kurer som formidla meldingar og varer frå flyslepp mellom motstandsrørsla på Rjukan og familien min på Møsvatndammen. Det er mykje røter og historie knytt til motstandskampen i familien min, seier Skinnarland.

Ho meiner det er viktig å trekke fram alle dei me kan takke for Noregs fridom etter fem år med okkupasjon. I dag, 8. mai, markerer me 75-årsdagen for frigjeringa.

– Sabotøraksjonen på Rjukan blir framleis brukt som bakteppe i utdanning av styrkane i Forsvaret, særleg i spesialstyrken, men også i Hæren og Luftforsvaret. Dette er verdskjent historie. Det er så mange motstandskjemparar og støttespelarar me skal heidre. Me skal også ta med oss at me er eit folk som står samla når det gjeld. Det er spesielt viktig å tenke på nå i koronakrisa, seier Skinnarland.

Kommandooverføring: Sjef for Luftforsvaret, generalmajor Tonje Skinnarland, under kommandooverføring av 339 skvadron fra 139 luftving Bardufoss til 134 luftving Rygge. Ho fortel at sabotøraksjonen på Rjukan blir framleis brukt som bakteppe i utdanning av styrkane i Forsvaret, særleg i spesialstyrken, men også i Hæren og Luftforsvaret.

Ser ikkje for seg anna yrke

Far til Skinnarland var i Sjøforsvaret, så ho kjente til utdanningsmoglegheitene i Forsvaret då ho skulle ta til på høgare utdanning. Ho hadde ein draum om å bli flygar, men kom ikkje gjennom flyskuleseleksjonen. I 1987 valte ho seg difor inn på Luftforsvarets befalskule.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Der treivst eg så godt at eg valde å satse vidare. Eg har ikkje angra ein dag på det. Eg kan ikkje sjå for meg eit anna yrke eller annan arbeidsplass der eg hadde fått sjansen til å veksle mellom utdanning og jobb heile vegen. Det er stadig nye utfordringar og moglegheiter i eit trygt og godt miljø, seier generalmajoren.

Skinnarland har tatt dei utfordringane ho har fått mellom anna gjennom fleire sjefsstillingar i Forsvaret. Ho har også gjort teneste i utlandet, mellom anna jobba for den britiske hæren i Kosovo og då ho som oberstløytnant tok vare på luftovervakinga og kampflyberedskapen i Baltikum på vegner av Nato og dei tre baltiske statane.

– Her byrja profesjonen min i Forsvaret. Eg dreiv med luftovervaking og kontroll av jagarfly i staden for å fly sjølv, som var den opphavlege draumen min. Slik starta eg, så har det blitt ulike jobbar i operasjonsrom, stab og ulike sjefsjobbar. Nå er eg altså sjef for Luftforsvaret. Det er eit stort privilegium å få leie ein organisasjon med så viktige oppdrag og dyktige folk, seier Skinnarland.

Travel jobb: Sjef for Luftforsvaret generalmajor Tonje Skinnarland helsar på personell på Andøya. - Eg kan ikkje sjå for meg eit anna yrke eller annan arbeidsplass der eg hadde fått sjansen til å vekselsvirke mellom utdanning og jobb heile vegen. Det er stadig nye utfordringar og moglegheiter i eit trygt og godt miljø, seier generalmajoren.

Handlar om å ville ta utfordringar

Skinnarland, som har vore over 30 år i Forsvaret, vedgår at det er ein mannsdominert organisasjon. Ho har likevel ikkje opplevd utfordringar med å vera kvinne i Forsvaret.

– Eg har heile karrieren blitt godt mottatt. Forsvaret jobbar for å bli fleire kvinner. Det er viktig for meg å vera ein rollemodell for andre kvinner. Den allmenne verneplikta har gjort at talet på kvinner i fyrstegongstenesta har blitt høgare. Me må jobbe for å halde på dei, seier Skinnarland.

Ho fortel om moglegheita til å gå rett inn i yrke i Forsvaret etter fyrstegongstenesta. For å bli offiser må ein gå Krigsskulen, anten etter vidaregåande skule eller fyrstegongstenesta. Skinnarland oppfordrar unge menneske til å velje Forsvaret.

– Kva er det som har gjort at du har nådd heilt til topps i Forsvaret og blitt verdas fyrste kvinnelege sjef for eit lands luftforsvar.

– Det handlar om å ville ta utfordringar, jobbe på lag, ville ta ansvar, og etter kvart sjå heilskap og setje mål. Eigentleg handlar det om å gjera ein god jobb der ein er. Alle skal spele saman for å løyse oppgåver saman. Me er også avhengige av spesialistar som blir supergode på faga sine. Fellesnemnaren er å løyse oppdrag og oppnå resultat saman med andre. Det er dette som driv meg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nulltoleranse for mobbing

– Kva er dei største utfordringane i Forsvaret?

– Det er mange utfordringar i ein stor organisasjon som Forsvaret og utfordringar er til for å løysast. Det har vore mykje snakk om resultata frå undersøkinga om mobbing og seksuell trakasering i Forsvaret (MOST).

Skinnarland fortel at det er nulltoleranse for mobbing, men at Forsvaret diverre ikkje er fri for det.

– Me jobbar for å bli kvitt all oppførsel som ikkje er akseptabel. I Forsvaret har eg sjølv opplevd å bli sett, akta og respektert for kven eg er og det eg har gjort. At det diverre finst tilfelle av det motsette, er ei utfordring me tek på største alvor og jobbar for å bli kvitt. Me er heilt avhengige av eit godt arbeidsmiljø fordi me jobbar tett i lag og er avhengige av tillit til kvarandre i den skarpe jobben me gjer, seier ho.

Generalmajoren er takksam for dei som har bana vegen før ho. Ho byrja i Forsvaret ti år etter at det blei opna for kvinner i ordinær militær utdanning.

– Eg er også glad for at dei kvinnelege rollemodellane i motstandskampen kjem sterkare fram i lyset. Det er mange som har bana veg der og i Forsvaret

Ville gjera noko samfunnsnyttig

52-åringen som er busett med mann og dotter på 12 år i Moss fortel at det tek mykje tid å vera toppleiar. Likevel finn ho tid til å vera hjelpetrenar i handball. Ho har sjølv drive med handball i mange år. Tidlegare var ho også hundeførar i Norske redningshunder på fritida saman med ektemannen.

– Dette gjorde me i minst eit tiår. Me ville gjera noko samfunnsnyttig då me fekk hund. Det er parallellar til Forsvaret i Norske redningshunder; lagarbeid for å nå resultat og samfunnsnyttige oppdrag oppdrag, seier Skinnarland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nå går tida til vener, familie og engasjement i dotteras handball for den travle luftforsvarssjefen vår.