Mot: Temaet for veka er mot, samarbeid og inkludering. Isbading passar perfekt inn i dette, meiner lærar Dag Larsen.

Ein dag med meistring, mot og fellesskap

Med pilkestenger og badehandkle i handa stod både fiskelykke og iskalde utfordringar på timeplanen til mellomtrinnselevane ved Rauland skule. Gjennom isfiske og isbading fekk dei ikkje berre meistringserfaringar, men også lære om samarbeid, mot og det å ta ansvar for sine eigne val.

Det var ein vakker vinterdag på Rauland den tolvte desemberdagen. Gradestokken viste sju minusgrader, vêret var klart og det var vindstille.

– Heilt perfekte forhold, seier Dag Larsen, som er lærar ved Rauland skule.

Artikkelen held fram under annonsen.

Siste førebuingar: Dag Larsen fjernar is, slik at bassenget, som er forma som ei nisselue med tre duskar, er klart for bading. Ein kan velje om ein vil symje 2 meter, 4 meter eller 7 meter.

Heile mellomtrinnet på Rauland skule hadde nemleg lagt turen til Tansvatn for å prøve seg på både isfiske og isbading.

På isen var det liv og røre. Nokre elevar hadde bora hol i isen og sat klar med pilkestenger, medan andre var i full gang med å varme opp både kropp og mat ved bålet. Det var både latter og spenning i lufta, spesielt då nokre av elevane som aldri hadde isfiska før, plutseleg drog opp fisk etter fisk.

Theodor Marken-Larsen var ein av dei som prøva isfiske for fyrste gong. Han hadde god tru på at han kunne få fisk, men innrømde at han kanskje ikkje hadde det største tolmodet. Ikkje lenge etter kom han springane og kunne fortelje at han hadde fått ei fin røye på kroken.

Fiskelykke: – Det var gøy, seier Theodor Marken-Larsen etter å ha fått ei fin røye på kroken.

– Det var gøy! seier han entusiastisk.

Lotta Löschke hadde aldri fiska før, men også ho kunne strålande fortelje at ho hadde fått fisk.

Isfiske: Lotta Löschke fiska for fyrste gong, og også ho fekk ei fin røye på kroken.

Mot, samarbeid og inkludering

Men det var ikkje berre fisking som skapte spenning denne dagen. I dag skulle fleire av elevane prøve seg på isbading. For mange var dette den fyrste gongen dei skulle oppleve det iskalde vatnet, medan andre hadde gjort det før. Men det var ingen tvil om at mange hadde bestemt seg for å ta utfordringa.

Dag Larsen, som har vore med på å organisere isbadinga, fortel at dette opplegget er ein del av skulens «folkehelse- og livsmeistringsveke», der temaet for veka er mot, samarbeid og inkludering. Han meiner isbading passar perfekt inn i dette.

– Det krev mot å hoppe uti det iskalde vatnet, men det handlar også om samarbeid. Den som badar har ein hjelpar som støttar og motiverer, forklarar han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei som ikkje ynskjer å bade får full respekt for det, og Dag er tydeleg på at ein sjølv må kjenne etter kva ein vil, og ta eit val for seg sjølv. Det krev også mot å seie nei, understrekar han.

Han meiner opplegget kan ha overføringsverdi til andre ting i livet.

– Du veit at du har klara noko som er litt vanskeleg. Du har meistra det og det gjer at ein kan kjenne igjen dei tankane du har når du står framfor ei oppgåve som du synest er vanskeleg på eit eller anna vis, seier han.

Iskaldt, men moro

Før dei kasta seg ut i det iskalde vatnet, har dei gjennomgått eit «treningsprogram», der dei har øvd på å kontrollere pusten i dusjen med kaldt vatn.

– Dette er noko vi har øvd på i forkant, fortel Dag. Me vil at elevane skal vere godt budd, både fysisk og mentalt, før dei gjer noko som kan opplevast som ekstremt.

Demonstrerer: Dag Larsen viser korleis elevane skal setje seg på isen og ned i vatnet.

Nokon gruar seg til isbadinga, medan andre gler seg. Skage Ohren Skinnarland er ein av dei som gler seg.

– Eg trur det blir gøy. Eg tenker at eg bør tenke på pusten og at eg må puste roleg når eg er nede i vatnet.

Han har øvd på å kontrollere pusten i dusjen heime, og trur han skal takle det her også.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter å ha sumt den lengste distansen på sju meter, måtte han erkjenne at det var iskaldt, men samtidig veldig moro.

Iskaldt: – Det var iskaldt! Men veldig moro også, sa Skage Ohren Skinnarland.

Elevar som har gjort dette før, som Matja Svenning-Holtberget, veit godt kva dei går til. Ho hugsar godt isbadinga i fjor.

– Det var kaldt. Men det er moro å ha gjort det! Eg gler meg til å prøve igjen, sjølv om eg gruar meg litt, seier ho. Ho legg til at det var dei 30 sekundane i vatnet som verkeleg var eit sjokk, men etterpå var det kjensla av meistring som sto sterkast.

Unnagjort: Matja Svenning- Holtberget smilte til fotografen då ho kom opp av vatnet. Linnea Solbakken stod klar med ullteppe.

Gaute Lindeland Øygarden, som også bada i fjor, kunne ikkje vente med å gjere det på nytt. Etter badet var han strålande fornøgd.

– Det var deilig! Eg kjenner meg stolt, seier han og smiler breitt.

Fyrstemann ut: Gaute Lindeland Øygarden hadde full kontroll på pusten, og sumde distansen på sju meter.

Elevane hadde ei imponerande ro over seg når dei sumde i det iskalde vatnet. Mange sumde også den lengste distansen på sju meter, og kunne til og med svare på reknestykke dei fekk undervegs.

– Det er så imponerande. Eg lurar på kor langt det er over til andre sida, seier Dag med glimt i auga.

Alle som badar, har ein støttespelar – ein venn som er der for å hjelpe med klede, handkle og støtte etter badet. Dei som ikkje ynskjer å bade, står på sidelina og støttar dei andre. Alle har eit stort utbytte av å vere med på aktiviteten, uansett om dei badar eller ikkje, meiner lærarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei som ikkje badar er like viktige som dei som gjer det, for alle står saman og backar kvarandre. Dette er noko som skaper eit godt fellesskap, seier Dag.

– Dei skal meistre å ta val for seg sjølv, ikkje for andre. Og det får dei godt fram, seier lærar Joakim Ekornrød Christensen.

Magisk fint

Etter fleire isbad og fiskefangst, samlast elevane rundt bålet, der dei får varme seg og ete noko godt. Det er heilt vindstille, lufta er klar og sola står lågt på himmelen.

– Det er magisk fint, smiler Dag.

Dagen har blitt ein suksess, både for dei som bada og for dei som heia frå sidelina. Dei trur alle vil koma heim med ei god kjensle.

– Dette overgår alt. Det er veldig imponerande, seier Dag, som ikkje kan unngå å vere stolt av elevane.

Aktivitet: Det er ikkje berre isbading, men også fisking, matlaging og leik denne dagen.

Isbadinga blei arrangert for fjerde gong, og Dag trur ikkje det er så mange andre mellomtrinnselevar som gjer det same.

– Det er ein tradisjon som er komen for å bli, seier han, og legg til at dei håpar å utvide konseptet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me håpar at ungdomsskulen også kan bruke det, og kanskje at andre skular blir inviterte hit, seier Joakim.

Det er ingen tvil om at både isfiske og isbading er aktivitetar som gir elevane meir enn berre ein dag ute. Dei lærer å ta ansvar for seg sjølv, kjenne på kva dei vil, og støtte kvarandre i å gjennomføre både små og store utfordringar.

Heilt rått: Dag Larsen og Joakim Ekornød Christensen har lagt ned mykje arbeid for å stelle i stand til denne dagen, og dei er kjempefornøgde med dagen. – Det er heilt rått, seier dei.