Organistane: Noverande og tidlegare organist i Kviteseid, Olav Holm (t.v.) og Dagfinn Køhn ser fram til ei musikalsk påskehøgtid i fleire av kyrkjene i kommunen.

Ei musikalsk påskehøgtid med nyomsett tekstdel frå Matteuspasjonen

Gudstenesta på langfredag i Kviteseid kyrkje blir ekstra innhaldsrik og spesiell. For aller fyrste gong kan ein få høyre heile tekstdelen og alle korsongane i Matteuspasjonen på norsk med organist Dagfinn Køhn både som omsetjar og bak kyrkjeorgelet.

For 296 år sidan blei Matteuspasjonen framført for aller fyrste gong i kyrkja der komponist Johann Sebastian Bach var kantor frå 1723 til han døyde i 1750.

– Langfredag får ein for aller fyrste gong høve til å høyre tekstane og korsongen frå Johann Sebastian Bach sitt musikalske verk omsett til norsk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dagfinn Køhn har sidan han blei pensjonist i 2019, i tillegg til å vikariere som organist, bruka tid på å bli betre kjent med komponisten.

– Heile mitt vaksne liv har eg hatt eit forhold til Bachs orgelmusikk, fortel Køhn som hadde sitt fyrste musikalske møte med komponisten då han var gymnasiast og organist i ei lita kyrkje i Farsund der han spela Bachs preludium.

Køhn seier at han har utfordra seg sjølv på større verk av Bach gjennom åra.

– I 2019 reiste Sigrid og Geir Valle, kona mi Anne Katrine og eg til Tyskland for å vitje alle dei stadene Bach har levd, gått på skule og arbeidd. Etter me kom heim har eg halde fram med å lese og lytte, mellom anna på Matteuspasjonen som er eit av dei aller viktigaste verka Bach skreiv, meiner Køhn.

Starta å omsetje

Organisten seier at han ynskte å få betre kjennskap til Matteuspasjonen, eit partitur med 180 sider notar og tekst på tysk.

– Eg kunne ikkje finne teksten omsett frå tysk til norsk, så eg starta å gjere det for å få eit nærare forhold både til musikken og til teksten. Men me skal ikkje framføre heile Matteuspasjonen på langfredag altså, men me vil som vanleg lese lidingssoga – denne gongen supplert med ulike kommentarar og refleksjonar frå pasjonen, forklarar Køhn.

– Og koralversa blir framført av ein oktett, eit lite kor som vil stå oppe på galleriet saman med meg, og resitativane og ariane blir lesne, såleis fylgjer me heile Matteuspasjonen tekstleg, seier Køhn.

Ei lita innføring

Eit kvarter før messa startar på langfredag i Kviteseid vil Køhn gje interesserte ei lita innføring i tekstdelen som er omsett til norsk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Køhn meiner at hovudinnhaldet både i langfredagsmessa og Matteuspasjonen handlar om Jesu liding og krossfesting.

– Teksten som blir sunge er henta ordrett frå Bibelen. Men i tillegg dukkar det opp ulike reaksjonar på det som hender med Jesus, i form av salmevers og nydikting i form av såkalla resitativ og ariar, fortel Køhn og seier at det er desse «dikta» han har omsett eller attdikta til norsk.

Han forklarar vidare at salmeversa kjem inn der det passar i handlinga, og at bare ein tredel av desse står i norske salmebøker i dag, så her får ein høve til å bli kjent med nye salmar på norsk.

Meir musikk i påska

På skjærtorsdag blir det gudsteneste i Brunkeberg kyrkje, som også har nattverd. Den vil ha musikalsk innslag frå ukrainske Luda Kravtsuk.

– Ho vil både synge og spele fiolin, og Sigrid Eilevstjønn blir med som tolk på messa, fortel organist Olav Holm.

På fyrste påskedag blir det meir festmusikk i kyrkja, då Marie Holm vil vere solist på eufonium.

– Denne dagen får me også med eit barnekor på gudstenesta i Kviteseid, medan dei frammøtte på messa litt seinare på dagen i Vrådal kyrkje vil få høyre ein trompetsolist. 2. påskedag blir det høgtidsgudsteneste i Fjågesund kyrkje, fortel Holm og legg til at det blir ei veldig variert og fin påskehøgtid i kyrkjene i år.

Ellen Katrine og Dagfinn Køhn ved komponist Johann Sebastian Bach sin statue utanfor Thomaskyrkja i Leipzig, Tyskland.
Matteuspasjonen

Av Johann Sebastian Bach er ein oratoriepasjon for sangsolister, to kor og to orkester.

Temaet er henta frå Jesus Kristi liding og død basert på delar av Matteusevangeliet etter ein libretto av Picander. Matteuspasjonen blei truleg oppført for fyrste gong langfredag 11. april 1727 i Leipzigs Thomaskirche.

Johannes- og Matteuspasjonen er dei to einaste fullstendig bevara pasjonsverka frå Bachs hand.

Heile Matteusposjonen har nesten tre timar speletid, og det er Bachs mest omfangsrike verk.

Kjelde: Wikipedia

Artikkelen held fram under annonsen.