Blomar til pynt: Skal du arrangere bryllup eller andre festar bidreg Tayana og Anna gjerne med pynting.

Dyrkar økologiske snittblomar

Dei to venninnene i Kviteseid har alltid vore hageinteresserte. Nå vil dei selje snittblomar frå eigen hage.

– Me er begge praktiske og likar å bruke hendene våre, seier Tayana Saoli. Hageinteressa deler ho med Anna Maksymiak.

Det er ingen tvil om at dei trivst i hagen i Kviteseid. Latteren sit laust og dei har mange planar for korleis dei vil utvikle hagane vidare. Dei har begynt å selje bukettar av sesongens blomar og hjelper gjerne til med å pynte selskapslokale.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blomar i håret: Tayana og Anna tek imot VTB med blomar i håret. – Eg er glad for å ha funne ei venninne som er like interessert i blomar som meg her i Kviteseid, seier Tayana.

Rosa drivhus

Dei kjem frå land der vekstsesongen er lenger enn den er i Vest-Telemark. Tayana har vokse opp i Kenya. Anna kjem frå Polen. Dei har bruka litt tid på å finne ut korleis dei kan gjere sesongen lenger her. I vår kjøpte dei seg eit drivhus til dyrking av blomar. Og i haust ser dei resultatet.

– Det har blitt endå betre enn me håpa på, seier Anna.

Inne i drivhuset er det georginar i alle slags fargar og fasongar. Plantene er høge. Det er bra med lange stilkar når ein skal bruke blomane i bukettar.

Det rosa drivhuset er på førti kvadratmeter, og står i hagen til Anna. Det er mennene deira som har sett det opp. Anna er glad i rosa, men fargen på drivhuset har også ein praktisk funksjon.

– Det gjer at solstrålane ikkje blir fullt så sterke, forklarer ho.

Årets sesong har gitt meirsmak. Til neste år vurderer dei å utvide med eit drivhus til.

Inne i drivhuset: Det bugner av frodige planter inne i det rosa drivhuset.

Hønsegjødsel og kompostjord

Det er økologisk hagebruk dei driv med. Dei brukar verken kunstgjødsel eller sprøytemiddel. Tayana har høner og brukar hønsegjødsel som næring til blomane. Anna lager kompostjord av mat- og hageavfall. Dei dyrkar etter metoden «no dig», gravefri metode. Når dei skal lage eit nytt bed grev dei ikkje i jorda, men startar med å legge kartong på plenen. Over kartongen legg dei lag på lag med hønsegjødsel og hagekompost. I tillegg har dei fått tak i litt høy som dei legg på toppen av jorda.

– Denne måten å dyrke på er bra for mikrolivet i jorda. Det blir også mindre ugras, fortel Tayana.

Artikkelen held fram under annonsen.

Startar sesongen tidleg

Alt som blømer i hagen er dyrka fram av frø og knollar. Dei startar sesongen tidleg. Alt i januar er dei fyrste frøa i jorda. Utpå våren er det blomar over heile huset.

– I stova, på kjøkkenet, på soveromma og på badet, overalt der det er plass og lys, ler Tayana. Med drivhus kan dei plante ut litt tidlegare og halde på sesongen litt lenger, men straum vil dei ikkje bruke. Dei ventar til det er varmt nok ute.

Blomar for betre folkehelse

Tayana, som til dagleg er kommunelege 2 i Nissedal, meiner det er bra både for den fysiske og psykiske helsa å halde på med hagearbeid.

– Folk driv med mykje forskjellig på fritida. Nokon trenar, andre ser på TV eller er på sosiale medium. Me brukar mykje tid her ute i hagen. Det er både trim og ein fin måte å kople av på, hevdar ho.

Anna er pedagog i barnehagen i Kviteseid. Og barnehagen har eigen jordepleåker i hagen hennar.

– Eg prøver å spreie litt hageglede til dei minste, forklarer ho.

Inspirert av bestemødrene

Dei to venninnene opplever at det er ei auka interesse for dyrking av blomar og grønsaker, både lokalt og internasjonalt. Dei hentar mykje inspirasjon frå utlandet. Særleg er dei inspirert av den amerikanske gartnaren Erin Benzakein.

Tayana har også meldt seg inn i det lokale hagelaget i Kviteseid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har lært mykje der, seier ho. Nå er ho også med i styret og håpar at fleire vil bli med i laget.

Men mest inspirasjon har dei fått frå bestemødrene.

– Eg er oppvaksen på ein åker i Kenya og har lært mykje om dyrking av mormora mi, fortel Tayana. Mormora, som nå er over åtti år, dyrkar mais, bønner, mango og avokado på åkeren sin.

– Der må dei dyrke for å overleve. Dette me driv med er jo berre luksus, seier Tayana.

Bukettar for sal: Hos Tayana og Anna kan ein bestille bukettar laga av sesongens blomar.
Snittblomar: Det er rikeleg med blomar både inne i drivhuset og ute i hagen.
Georginer: Dei store georginene gjer seg på eit festpynta bord.
Fargerikt: Tayana er glad i varme haustfargar. Anna liker best duse pastellfargar.