Lita lefse: Vinjeboka er ingen murstein, men blir rekna for eit viktig dokument frå mellomalderen.

– Du kunne bli brent på bålet for å bli teken med ei slik bok

I 1796, då Noreg var på veg ut av dansketida, dukkar det opp ei lita bok under stavkyrkja i Vinje. Ho er full av trolldom og heksekunst, og vitnar om ei tankeverd som blei forboden med reformasjonen.

Korleis får du makt over ei naken kvinne? Korleis sløvar du eit fiendesverd? Og finst det ein kur for skabb på hesten? Svarteboka frå Vinje gir deg svar på desse spørsmåla. Har du den i lomma, er du rusta til å møta kvar ei prøve.

Vinjeboka, som ho òg blir kalla, låg under golvet i koret og var i svært god stand. Det er ingen fuktskadar, det manglar nesten ingen sider, og skrifta skal vera fullt leseleg for den som likar gamle tekstar. Boka må ha kvilt godt der i mørket, i stavkyrkja som elles var forfallen og skulle rivast.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kom ei stigande nasjonalkjensle

1796, det er før 1814, og Noreg blir styrt som ein dansk provins. Noko norsk nasjonalbibliotek har me ikkje enno, men forlauparen finst, nemleg biblioteket ved katedralskulen i Christiania. Boka blir send til dette biblioteket innan kort tid. Spørsmålet er: Kvifor såg dei verdien av boka når dei var i full sving med å riva ei stavkyrkje frå kring 1100-talet?

– 1814 skjedde ikkje berre slik utan vidare, seier Ernst Bjerke, samlingsforvaltar ved biblioteket på katedralskulen.

Vaktar kulturarven: Vinjeboka ligg lagra ved biblioteket på Oslo katedralskule, der Ernst Bjerke er samlingsforvaltar.

– Det kom ei stigande nasjonalkjensle utover 1700-talet, held han fram.

Arbeidet for eit universitet tok til alt på 1770-talet, lenge før skipinga i 1811.

– Samstundes var det eit ynskje om at særnorske institusjonar måtte ha forankring i historia, fortel Bjerke.

Dette kan verka uforeinleg med den rivingsfeberen av gudshus som rådde til langt utpå 1800-talet, og er kanskje berre det. Men stavkyrkjene hadde ikkje status som noko særskilt viktig før nokre enkeltpersonar insisterte på det kring 1850, slike som målaren I.C. Dahl og folkeminnesamlaren Magnus Brostrup Landstad. Og endå skulle stavkyrkjer gå til grunne i fleire tiår. Nidarosdomen låg mest i ruinar før restaureringa tok til i 1869.

Inn i heilagdomen: Biblioteket på katedralskulen i Oslo er det eldste me har. Skulen stammar frå kring 1153, og det gjer nok biblioteket òg, men berre éi bok, ei gresk-latinsk ordbok som kom til skulen i 1663, blei berga under bybrannen i 1686. Seinare har samlinga vakse monaleg.

Vinjeboka er den mest dyrebare av dei alle, ifylgje Bjerke. Berre den er på Unescos liste over dokumentarva til Noreg. Det finst mange trolldomsbøker, men berre den er frå katolsk mellomalder av dei nordiske. Og berre den gir eit vindauge til dette overnaturlege som var overalt i gamal tid.

– Magien er ein måte å forklara verda på, korleis ho heng saman, seier Bjerke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samstundes er magien eit uttrykk for tankefridom. Dét skulle det bli slutt på i det diktatoriske Danmark-Noreg.

Kvifor låg ho under golvet i kyrkja?

– Når kyrkje og stat blir eitt, er kyrkja tent med at folk tenkjer mest mogleg likt. Einsrettinga av tankelivet innebar at all magi måtte bli forbode, forklarar Bjerke.

1617 blir eit skjebneår – då kjem trolldomsforordninga til Christian 4. Christian 4 grunnla fleire byar og gjorde mykje godt for Noreg, men var òg ein hard leiar. Vranglære slo han ned på som om det var opprør mot kongemakta, og all magi blei forbode.

Då er ikkje Vinjeboka noko å ha lenger, og det er lett å tenkja seg at ho blei gøymd bort som den brannfakkelen ho var.

– Kjem du utpå 1600-talet, kunne du bli brent på bålet for å bli teken med ei slik bok.

Men det kan henda kyrkjegolvet ikkje var ein tilfeldig gravplass. Trolldomsbøker hadde det nemleg med å koma att til deg om du til dømes heiv dei i skogen, så kva kunne du då gjera?

– Det finst ein teori om at ho kan ha blitt rituelt gravlagd i vigsla rom for å bli nøytralisert, spekulerer Bjerke.

Tok til motmæle: Magnus Brostrup Landstad var av dei som protesterte mot kyrkjerivinga i Noreg, og skreiv mellom anna eit dikt til den gamle Neslandskyrkja ikkje langt frå Åmot, men utan hell. Han budde sjølv på Vinje prestegard i ungdomen.