Sommargjesten: Ida Listaul.

– Det fine er at Vest-Telemark ligg så «midt i gryta»

Namn: Ida Listaul

Alder: 23

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjem frå: Seljord

Gjer: Jobbar på Lundenjordet i Kviteseid

Kva er det beste sommarminnet ditt?

For to år sidan var eg på tur til Trolltunga. Det var heilt sjukt å sjå utfor den kanten.

Kva er planane dine i sommar?

Nokre veninner og eg skal på tur til Ålesund nå i juli. Me låner bubil av onkel. Me skal innom utsiktspunktet Rampestreken og sjå litt av Geirangerfjorden. Det er moro at me fann nokon dagar alle kunne, for det er ikkje bare bare!

Kva er det beste ved sommaren i Vest-Telemark?

Det beste med sommaren i Vest-Telemark er nok den lette tilgangen til fin natur og fine plassar. Eg er også veldig glad i Countryfestivalen, og har mange morosame minner derfrå. Det blir litt rart med ein sommar utan det høgdepunktet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og kva saknar du?

Det fine er at Vest-Telemark ligg så «midt i gryta» så er ikkje så langt å kjøre til det meste eigentleg. Me har ikkje kyst og sjø, men det gjer ikkje meg noko då eg ikkje likar å bade i saltvatn uansett.

Kva vesttele ville du helst ha sete fast i eit slusekammer med?

Det må nok bli kjærasten min Bjørn Olav Haugland.

Kva er det beste sommarmåltidet?

Reker og kvitvin er nok vinnaren, men grillmat er også veldig godt. I går åt eg på Garvikstrondi camping, det var veldig god mat der også.

Kva dialektord likar du best?

«Jase» og «ikønn» er to ganske fine dyr, og dialektord.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har du ei skjult perle i Vest-Telemark?

Tidlegare i sommar padla syskenbarnet mitt og meg i kano på Nisser. Me padla ut til ei øy, og der var det ei veldig fin strand. Hugsar ikkje namnet da.

Vatn eller fjell?

Det var eit veldig vanskeleg spørsmål, for det kjem jo veldig an på. Eg elskar å bade på varme dagar, men då er det også digg å kome seg litt opp i høgda. Viss me ser på vinteren derimot vinn skitur på fjellet over skeising på vatnet, så får vel seie fjell.

Nokon du vil helse til?

Eg vil helse til alle besteforeldra mine i Seljord.